Wikipedia-diskusjon:Namnerom/avstemming om nye namnerom

New namespaces vote

endre

To appease the developers need for documentation that technical changes are in fact wanted by the community, I've set up this little vote on new namespaces. It will not be closed before it is made use of, but you should vote immediately. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 23:16 (UTC)

Sitat

endre

Should the developers make a new namespace called: "sitat", with accompanying talkpage namespace called "sitatdiskusjon"? (sitat means quote)

  •   For --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 23:16 (UTC)
  •   For (kan gjerne brukast til t.d. (mat)oppskrifter òg | Great for recipes too) -- Olve 31. okt. 2005 kl. 00:11 (UTC)
  •   For, gjerne kombinert med ein Portal:Sitat. --Eddi (Snakk) 31. okt. 2005 kl. 01:16 (UTC)
  •   For (ikkje uventa) Ranveig 31. okt. 2005 kl. 07:23 (UTC)
  •   For / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:25 (UTC)
  •   For (it'd be like Wikiquote, but we'd have "What links here", and Wikipedia links to missing quotes would be red)
    --Verdlanco\ordskifte 31. okt. 2005 kl. 19:28 (UTC)
  •   For/  Imot Dersom ikkje Nynorsk Wikiqote vert nedlagd. --EIRIK\diskusjon 31. okt. 2005 kl. 21:09 (UTC)
    • Som før sagt så er det ingen som skal leggja ned Nynorsk Wikiquote. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 21:30 (UTC)
  •   For -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 11:57 (UTC)

Result: consensus in favour, 7 agree, 1 conditional agreement (that nn.wikiquote is not shut down, which it of course will not). There are several pages in the main namespace already prefixed with "sitat:".

Should the developers make a new namespace called: "bok", with accompanying talkpage namespace called "bokdiskusjon"? (bok means book)

  •   For --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 23:16 (UTC)
  •   For -- Olve 31. okt. 2005 kl. 00:12 (UTC)
  •   For Nyttigare med ei bok her enn ei der borte. Ranveig 31. okt. 2005 kl. 07:23 (UTC)
  •   For / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:25 (UTC)
  •   Imot --EIRIK\diskusjon 31. okt. 2005 kl. 21:09 (UTC)
    • Som med "kjelde" så skulle eg likt å vita kvifor du er imot. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 21:30 (UTC)
  •   For -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 11:57 (UTC)

Should the developers make a new namespace called: "ord", with accompanying talkpage namespace called "orddiskusjon"? (ord means word)

  •   Imot. Ikkje bruk for, for stort prosjekt som kanskje skal organiserast annleis med Ultimate Wiktionary. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 23:16 (UTC). Og einig med Ranveig. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 19:19 (UTC)
  •   Imot -- For dei aller fleste orda kan me skriva greie artiklar. Ranveig 31. okt. 2005 kl. 10:15 (UTC)
  •   Imot - Einig med Ranveig / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:25 (UTC)
  •   Imot --EIRIK\diskusjon 31. okt. 2005 kl. 21:09 (UTC)
  •   Imot -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 11:57 (UTC)

Ein måte som Ord: kan brukast på vil vera i artiklar som 'Ayllu', der visse framande ord blir forklarte nedst i fleire artiklar. Då kan det kanskje vera greitt å ha ein kortfatta definisjon ein kan kalla opp. -- Ranveig 1. nov. 2005 kl. 18:40 (UTC)

Men der går det vel an å lage artiklar der òg? curacu kan vere ein eigen artikkel: Curacu var tittelen til lokale administratorar i inkariket (...)" / Kurtber|Ordskifte 2. nov. 2005 kl. 09:46 (UTC)
Ja, men poenget med ord: kunne vera at dei var korte definisjonar på rundt ei line som slike som skreiv om til dømes førkolumbiske kulturar kunne legga nedst i artiklane sine. Men det er no ikkje eit veldig stort bruksområde. -- Ranveig 2. nov. 2005 kl. 09:51 (UTC)
Men det er ein ting eg har lurt på... Nemleg "Wikipedia is not a dictionary"... Kvifor ikkje? Kva er gale med at t.d. curacu vert ein notis på ei line med ein definisjon av ordet. Vi kan ha eigne "Ordspirer" (Eg er på hugget med spirene for tida ;-)
Eg innser at Engelsk Wikipedia gjerne treng å avgrense informasjonsstraumen og dele opp prosjekta, men er det naudsynt her på nn? Ei kort ordforklaring er vel like encyclopedisk som ein artikkel om entymologi?/ Kurtber|Ordskifte 2. nov. 2005 kl. 10:14 (UTC)
Situasjonen er vel som den er på en.wikipedia fordi dei har så mange brukarar som er trangsynte, konservative gaukar som har ei viss oppfatninga av kva ein "encyklopedi" er for noko, og ikkje klarar distansera seg frå det.... tenkjer eg ;-) Franskmennene har ei litt anna innstilling men også der har dei gaukar.... Lag nokre spirer du så får me sjå kva som skjer, kanskje nokon uglar seg. :-) --Guttorm 2. nov. 2005 kl. 11:15 (UTC)
...i mosen?
Eit anna problem for en: er vel òg flaumen av nye sider. Det er sikkert frustrerande å måtte rydda opp i tullesider som stadig dukker opp, og då er det greitt å ha klare slettingsgrunnar. Sidan me ikkje har same problemet treng me ikkje same reaksjonsmåten. -- Ranveig 2. nov. 2005 kl. 11:20 (UTC)
Eg håpar jo at me klarer å skalera praksisen vår då, me må vera flinke til å "assimilera" nye brukarar, men det er klart en. er i ein anna situasjon enn oss :-) --Guttorm 2. nov. 2005 kl. 11:23 (UTC)

Galleri

endre

Should the developers make a new namespace called: "galleri", with accompanying talkpage namespace called "galleridiskusjon"? (galleri means gallery)

  •   Nøytral. Me har ein del galleri, bør dei gå som artiklar? --Guttorm 6. nov. 2005 kl. 21:09 (UTC)
  •   For. (Eg reknar med at det er desse du siktar til.) --Eddi (Snakk) 31. okt. 2005 kl. 01:16 (UTC)
    • Jepp. Det er dei eg tenkjer på. Kvifor har du ikkje kalla dei for "galleri", Olve? [spørsmål frå Guttorm)
      • Som sidenamn syntest eg at «bilete av x» flaut betre språkleg sett. Er 100 % for å leggje om til namneformatet galleri:kyrkjer i Troms, galleri:religion og liknande. Det ville løyse ein god del problem med namngjevinga sidan formatet «bilete av x» har sine begrensingar. («Bilete av religion» kling liksom ikkje så bra.) -- Olve 31. okt. 2005 kl. 22:25 (UTC)
  •   For Kvifor ikkje, når me først er i ryddehjørnet. Ranveig 31. okt. 2005 kl. 07:23 (UTC)
  •   For Nyttig... :-) Olve 31. okt. 2005 kl. 07:46 (UTC)
  •   For / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:25 (UTC)
  •   For --EIRIK\diskusjon 31. okt. 2005 kl. 21:09 (UTC)
  •   For -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 11:57 (UTC)

Result: consensus in favour, 6 agree, 1 neutral. There is one page in the main namespace prefixed with "galleri", none prefixed with "galleri:", though.

Kjelde

endre

Should the developers make a new namespace called: "kjelde", with accompanying talkpage namespace called "kjeldediskusjon"? (kjelde means source)

  •   Nøytral. Det er ganske mykje stoff som kan leggjast inn og dermed gjerast meir tilgjengeleg, men eg veit ikkje om det har vore noko særleg etterspurnad etter dette. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 23:16 (UTC)
  • imot. Eg meiner kjelder bør stå i artiklane. --Eddi (Snakk) 31. okt. 2005 kl. 01:16 (UTC)
    • Føremålet med dette namnerommet er ikkje å laga eit eige namnerom for kjeldelister, men ei erstatning for wikisource, poenget er altså å fylla det med frie nynorske dokument som allereie er skrivne (ei gammal ordbok, kanskje?). Eg reknar med du ikkje meiner at Symra burde leggjast inn på Symra eller Ivar Aasen? --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 07:51 (UTC)
  •   For Kan vera nyttig for lange og detaljerte kjeldelister. Ranveig 31. okt. 2005 kl. 07:23 (UTC)
    • Men kjeldelister er altså ikkje det eg tenkte på ... :-) --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 08:02 (UTC)
      • Aah, soo! Ja, eg trur det kan vera greitt å flytta eit par av dei lange songane me har her til ei eiga side. Men namnet kunne kanskje vera meir intuitivt... -- Ranveig 31. okt. 2005 kl. 08:06 (UTC)
        • Kva er den tenkte skilnaden på kjelde: og bok:? -- Olve 31. okt. 2005 kl. 09:09 (UTC)
  •   For -- Olve 31. okt. 2005 kl. 09:49 (UTC)
  • for/imot -- Eg er for, men eg likar ikkje namnevalet. Er det ikkje tenkjeleg at vi nokon gong i framtida ønskjer å bruke det her namnerommet for kjelde-lister til artiklar? / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:25 (UTC)
    • Framlegg til andre namn er hjarteleg velkomne. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 19:19 (UTC)
      • «Bibliotek» er vel ganske dekkjande? --Verdlanco\ordskifte 31. okt. 2005 kl. 19:41 (UTC)
        • Ja, det verkar ikkje så verst. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 21:30 (UTC)
          • Eg kan støtte Bibliotek / Kurtber|Ordskifte 1. nov. 2005 kl. 09:07 (UTC)
            • Bibliotek er bra, det kan òg Kjeldetekst eller bare Tekst vera. -- Ranveig 1. nov. 2005 kl. 09:44 (UTC)
  •   Imot --EIRIK\diskusjon 31. okt. 2005 kl. 21:09 (UTC)
    • Fint om du skriv noko om dine grunnar for å vera imot, du er trass alt den einaste som er imot (Eddi er imot eit kjeldelistenamnerom, Kurtber er mot namnet) og har før delteke i diskusjonen her utan å ytra motstand. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 21:30 (UTC)
  •   Nøytral. Må visst tenkja litt meir på det. Eg har tidlegare plassert norsk kjeldemateriale på wikisource som ein slags «commons», utan å tenkja på om det fanst ein norsk versjon. (Og av adressa går det ikkje fram at det er ein språkspesifikk versjon.) Eg trur i større grad at kjeldemateriale på ulike språk høyrer saman i same prosjektet, t.d. wikisource, enn at artiklar på ulike språk skulle gjera det, t.d. wikipedia. Kanskje wikisource er bra som han er. --Eddi (Snakk) 1. nov. 2005 kl. 03:25 (UTC)
    • Som for alle dei andre nye namnerommar so er fordelen med dette at me no kan jobba saman om kjelder samtidig som me jobbar med andre ting i det same brukarmiljøet. Ein kan jobba med alle desse temaa med ei overvakingsliste, ei siste endringar-side, eitt oppdatert nynorsk brukargrensesnitt og eitt brukarsamfunn, samtidig som det blir lettare å laga lenkjer. Dersom du tek ein titt på wikisource.org vil du òg sjå at wikisource er i ferd med å splittast opp etter språk. Tanken min er òg at me skal ha eit vesentleg skilje mellom desse nye namneromma og hovudnamnerommet, mellom anna med eigne logoar (kan ordnast med Javascript). --Guttorm 1. nov. 2005 kl. 09:00 (UTC)
  •   Imot viss namnet skal vera Kjelde (av same grunn som Kurtber),
      For viss namnet vert Bibliotek. --Verdlanco\ordskifte 1. nov. 2005 kl. 09:31 (UTC)
  •   For Bibliotek eller Tekst,   Imot Kjelde -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 11:57 (UTC)
  •   For viss namnet er Bibliotek. Eg er   Imot Tekst og Kjelde. (Argumentasjon mot "tekst": Det er jo trass alt tekst på alle sidene her...)/ Kurtber|Ordskifte 1. nov. 2005 kl. 12:27 (UTC)

Nyheit

endre

Should the developers make a new namespace called: "nyheit", with accompanying talkpage namespace called "nyheitsdiskusjon"? (nyheit means news)

  • Veit ikkje. Vil det bli brukt? --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 23:16 (UTC)
  •   Imot. Dei ulike namneromma støttar opp om hovudrommet, men eg kan ikkje sjå at eit nyheitsrom vil gjera det. Det blir i så fall hovudrommet som støttar nyheitsrommet. Dessutan vil arbeid med nyheiter innebera eit tidspress som eg ikkje trur wikipedantane bør påleggjast. Lat avisane skriva nyheiter, så kan lesarane koma til Wikipedia når dei treng bakgrunnsstoff. --Eddi (Snakk) 31. okt. 2005 kl. 01:16 (UTC)
    • Eg har skrive mine tankar bak det her (veit ikkje om du har lest det). Slikt innhald kan støtta opp om hovudnamnerommet, og tidspress burde ikkje vera noko problem dersom me eksplisitt satsar på "treige" nyhende. Slik det er i dag er ein jo tvungen til å skriva eit av dei store språka for å laga nokon som helst form for reportasje (og for svensk sin del t.d. så fungerar det ikkje). --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 08:00 (UTC)
      • Men såpass treige nyhende ville kanskje passa som artiklar uansett? -- Ranveig 31. okt. 2005 kl. 08:08 (UTC)
    • Eksempel: Reportasje frå årsmøte i FrPU, reportasje frå trippelkonserten "gamle helter om igjen" på UKA 2005, intervju med krompen (liksom...), intervju med Jimmy Wales, telefonintervju med dei ti mest profilerte nynorskforfattarane i Noreg om nynorsknekt (kanskje). Ein kunne ha skrive artiklar om årsmøte i FrPU 2005, Gamle helter om igjen, krompen og Jimmy Wales (reknar med den er der allereie), men ein kan ikkje inkludera informasjon som ein har fått sjølv på eiga hand gjennom eiga oppleving / eige intervju, fordi det er original research. Eg trur no original research-regelen har noko for seg, men samtidig tykkjer eg me skal kunna skriva våre eigne kjelder også. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 09:27 (UTC)
    • wikinews er i ferd med å etablere eit rammeverk for korleis ein kan lage slike artiklar NPOV og med innhald som er til å stola på. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 09:28 (UTC)
  •   Imot Ranveig 31. okt. 2005 kl. 07:23 (UTC)
  • for/imot -- Eg er evig wikinytt-optimist ;-) --> MEN: Ikkje kall det nyheit.. Det heiter nyhende! Eg får frysingar nedover ryggen kvar gong nyhendeopplesarane på TV2 seier nyheit... ;-) (lagt inn av brukar:Kurtber) (Signerar i ettertid: / Kurtber|Ordskifte 1. nov. 2005 kl. 09:10 (UTC)
  •   Imot -- Konflikten nyheiter/nyhende er ein av grunnane til at eg er skeptisk til denne. Meiningane kan vera sterke der... No er det no forresten god, gammal nordmøring å snakke om nýhέtinn på rádjoa (dativ og alt). Men eg trur òg at vi bør konsentrere oss meir om dei langsiktige linene her — blir lett lite tid til å drive langtidsdokumentasjon om vi plutseleg skal bli ein heil nyheitskanal òg...! -- Olve 31. okt. 2005 kl. 12:34 (UTC)
    • Eg har ingen sterke kjensler i dette høvet. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 19:19 (UTC)
  •   Imot --EIRIK\diskusjon 31. okt. 2005 kl. 21:09 (UTC)
  •   Nøytral -- Eg er framleis Wikinytt-optimist, men eg trur nok at Nynorsk Wikipedia treng meir tid på baken og langt fleire medlemmer for å halde drift i ei nyhendeteneste aleine... (litt realisme må eg jo dra innover meg) (SkanWikiNytt, derimot! Det var ein flott idé ;-) )
  •   Imot. Einig med Olve. -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 11:57 (UTC)

Portal or Emne or Tema

endre

Portal

endre

Should the developers make a new namespace called: "portal", with accompanying talkpage namespace called "portaldiskusjon"? (portal means portal)

  •   Imot. Kan ikkje "Wikipedia", nyttast til dette. Det blir fort veldig mange namnerom av dette. --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 21:30 (UTC)
  • for. Medan wikiprosjekt er ein slags portalar for samordning av artikkelskriving, kan eit portalrom vera vegen til organisert artikkellesing. --Eddi (Snakk) 31. okt. 2005 kl. 01:16 (UTC) (Flytta stemma mi til Emne.)
  • for/nøytral  For Kanskje me ikkje er heilt mogne for det, på den andre sida veit me ikkje før me har prøvd. Ranveig 31. okt. 2005 kl. 07:23 (UTC)
    • Treng me nytt namnerom for å prøva? --Guttorm 31. okt. 2005 kl. 19:19 (UTC)
  • for - Veldig nyttig konsept, som kjem til å verte nytta meir og meir framover (trur eg) - kan til dømes vere nyttig for å vinkle seg inn mot spesielle grupper, som t.d. ungdomsskule-elevar eller vidaregåande-elevar med faget "Eldre Historie" (døme) -Portalane Emne-romma kjem, so vi kan like gjerne opprette namnerommet allereie no... Kvifor vente? / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:25 (UTC)
  •   Nøytral - Samma for meg om namnerommet er "portal:tema" eller "Wikipedia:temaportalen".. Poenget er at portalar er flotte ;-) / Kurtber|Ordskifte 1. nov. 2005 kl. 09:19 (UTC)
Spesifisering: Det er so kjekt å stemme over kjære barn ;-) Eg er   For Emne:, og   Nøytral til portal: og   Nøytral til tema:. (Eg likar altso Emne: best. Forvirra? Flott! / Kurtber|Ordskifte 3. nov. 2005 kl. 18:23 (UTC)
  •   For --EIRIK\diskusjon 31. okt. 2005 kl. 21:09 (UTC)
  •   Nøytral. Likar idéen betre med anna namnerom.   For «tema:» eller «emne:». -- Olve 31. okt. 2005 kl. 22:18 (UTC), endra av Olve 1. nov. 2005 kl. 20:26 (UTC)
  •   For «portal» (eller endå betre, «emne») – Eg synest dette godt kan prøvast. --Verdlanco\ordskifte 1. nov. 2005 kl. 11:51 (UTC)
  •   Nøytral - eg liker idéen, men ikkje namnet «portal».   For «emne» eller «tema» -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 11:57 (UTC)

Should the developers make a new namespace called: "emne", with accompanying talkpage namespace called "emnediskusjon"? (emne means subject)

  •   For. Medan wikiprosjekt er ei form for samfunnshus for samordning av artikkelskriving, kan eit emnerom vera vegen til organisert artikkellesing. --Eddi (Snakk) 4. nov. 2005 kl. 00:42 (UTC)

Should the developers make a new namespace called: "tema", with accompanying talkpage namespace called "temadiskusjon"? (tema means subject)

Diskusjon

endre

Einig med Guttorm i at det kanskje er like greit å bruke Wikipedia-namnerommet her. Portalsider trur eg derimot kan vera svært nyttige og bra i undervisningssamanheng. (MEN eg lurer på om vi kunne finne eit ord som kling betre enn «portal» til namn på desse sidene. Veit ikkje heilt kva det skulle vera.) Kanskje vi kunne ha t.d.

Eg er einig i at me kan gå vekk frå "Portal", det har inga meining på norsk. Wikipedia:Emne er betre.

Sjølv om slike startsider ikkje vil visast i søk, vil ein gjerne kunne sjå peikarar til dei i vanlege artiklar, så då er det kanskje ikkje så farleg? -- Ranveig 1. nov. 2005 kl. 09:56 (UTC)

Eg er diverre ikkje einig om bruk av Wikipedia-namneromet. Eg tykkjer «Wikipedia:» bør reserverast berre for sider som handlar om korleis ein bruker Wikipedia (dvs hjelpesider, politikk, rettningslinjer osv.). Eg tykkjer ikkje at sider med «leksikonsk» innhald høyrer heim her.
Eg er einig at namnet «Portal:» ikkje er så veldig flott. Er det ikkje nokon skald her som kan koma med eit betre forslag?? -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 13:12 (UTC)

Kva tykkjer de om til dømes «Innfallsport:»? -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 13:19 (UTC)
-Kva er det som er so gale med ordet portal i grunn?
-Alternativ til portal kan vere port, om det er betre? (ordboka skildrar portal som ein "arkitektonisk port"), men eg tykkjer i grunn portal er eit brukant ord..? / Kurtber|Ordskifte 1. nov. 2005 kl. 13:21 (UTC)
«Portal» har lenge hatt ei symbolsk tyding på engelsk (i uttrykk som «the portals of the past», «the portals of success» osv) som ordet ikkje har på norsk. Det finst andre tilsvarande ord på norsk med ei symbolsk tyding, som «innfallsport», og eg vil heller bruka eit av dei. -- Arvind 1. nov. 2005 kl. 13:55 (UTC)
Kva med «tema:»? --EIRIK\diskusjon 1. nov. 2005 kl. 15:01 (UTC)
Det var eit godt framlegg, men eg vil gjerne skrive det om til «emne:» / Kurtber|Ordskifte 1. nov. 2005 kl. 15:27 (UTC)
Støtter både "emne" og "tema", dei opnar for mykje rart og sært som ein kan finna på å laga sider om. -- Ranveig 1. nov. 2005 kl. 18:47 (UTC)
«Tema:» er utruleg bra, synest eg! :-) «Emne:» er òg brukande og etter mitt syn meir presist i denne samanhengen enn «portal:» på norsk. -- Olve 1. nov. 2005 kl. 19:53 (UTC)
Eg er samd med Arvind i at «Wikipedia:» berre bør brukast for sider som handlar om Wikipedia. Eg er òg samd i at «Emne:» er minst like bra som «Portal:».
--Verdlanco\ordskifte 3. nov. 2005 kl. 17:59 (UTC)

Problematisering

endre

Det er nokre få grunnreglar for kva Wikipedia er:

  • Wikipedia skal vere ein encyklopedi. («Lag eit leksikon.»)
  • Wikipedia skal vere NPOV. («Skriv objektivt.»)
  • Wikipedia er ikkje staden for ny forsking. («Ikkje finn på ting.»/«No original research»)
  • Wikipedia skal vere verifiserbart. («Oppgje kjeldene dine.»)
  • Ikkje bryt opphavsretten. («Don't infringe copyrights.»)
  • Respekter andre. («Respect other contributors.»)

(Kjelder: Wikipedia:Retningsliner og en:Wikipedia:Policies_and_guidelines#Key_policies)

Eg har med vitande og vilje skrive encyklopedi og ikkje oppslagsverk i mi gjengjeving av den fyrste regelen, fordi encyklopedi har ei litt annan tyding enn oppslagsverk (ei vanleg ordbok er t.d. eit oppslagsverk, men ikkje ein encyklopedi), og det i den originale utgåva (engelsk) heiter encyclopedi og sidan eg ser nett denne regelen som kjernepunktet i heile Wikipedia.

Wikipedia skal vere encyclopedisk, denne korte regelen har eit lengre tillegg en:Wikipedia:What Wikipedia is not (me har visst enno ikkje hjelpeartikkelen Wikipedia:Kva Wikipedia ikkje er her på nn.). Somme av forslaga til nye namnerom her på Nynorsk Wikipedia ser for meg ut til gjere det mindre tydeleg kva Wikipedia er og ikkje er. Dei mest problematiske, med korte grunngjevingar:

    • Ord – «Wikipedia is not a dictionary».
    • Kjelde – Skjønnlitteratur er subjektiv (og det vil me at han skal fortsetje å vere), og skjønnlitterære tekstar vil ikkje vere NPOV.
    • Bok – «Wikipedia is not an indiscriminate collection of information: Instruction manuals - while Wikipedia has descriptions of people, places, and things, Wikipedia articles should not include instruction - advice (legal, medical, or otherwise), suggestions, or contain "how-to"s. This includes tutorials, walk-throughs, instruction manuals, and recipes.»
    • Nyheit – «Wikipedia is not an indiscriminate collection of information: Wikipedia should not offer first-hand news reports on breaking stories (however, our sister project Wikinews does exactly that). Wikipedia does have many encyclopedia articles on topics of historical significance that are currently in the news, and can be significantly more up-to-date than most reference sources since we can incorporate new developments and facts as they are made known.»

Ein kan lese intensjonen bak What Wikipedia is not-reglane ulikt. Viss ein tolkar dei som eit vis å fordele stoff mellom dei ulike wikiprosjekta på treng dei ikkje vere noko problem her. Då kan me seie at reglane er slik på engelsk Wikipedia fordi dei har eit anna system der og me kan ha andre reglar fordi me har laga oss eit system med eigne namnerom. Men eg forstår intensjonen med reglane på ein annan måte: Kjernepunktet er at Wikipedia skal vere encyklopedisk, og systernettstadane Wikiquote, Wikisource, Wikibooks, Wiktionary, etc, er komne til for å ta av stoff som ikkje er strengt encyklopedisk, og som det elles ville kunne vere vanskeleg å handtere. --Jorunn 1. nov. 2005 kl. 11:59 (UTC)

Det er kanskje ein grunn til at me ikkje har Wikipedia:Kva Wikipedia ikkje er? Eg synest det er betre å opna for nye idéar enn å stenga prosjektet inne, sletta ting og seia nei. Eg forstår sjølvsagt at en: har gjort det -- prosjektet der er så stort at det kan vera bra å sila ut brukarar og det som ikkje er artiklar -- men nn: har ikkje dette problemet. Derimot er det praktisk vanskeleg å følga med på og utbetra fleire bortgøymde prosjekt, for ikkje å snakka om å sy dei saman (det er til dømes fint å kunne peika til ein definisjon frå eit bokprosjekt, eller å kunne bruka eit sitat som illustrasjon i ein artikkel).
Eg synest ikkje at å lagra subjektive kjeldetekstar strir mot nøytralitetsprinsippet om me viser dei på ein nøytral måte. Det vil seia at alle frie tekstar er tilletne, frå "Mein Kampf" (om den hadde eksistert fritt på nynorsk, då) til Bibelen. Du har sjølvsagt rett i at det er fleire måtar å sjå dette på, dette er min. Sjølvproduserte tekstar som bøker bør derimot følga wikinøytraliteten. -- Ranveig 1. nov. 2005 kl. 12:41 (UTC)
Dessutan går det fram at dei nye namneromma kjem til å vere klårt avskilt frå resten av wikipedia, med eigen logo, o.l. -So for brukarane vil det ikkje framstå som ei samanblanding. Fordelen er at fleire prosjekt kan dele på same brukargruppe og administratorgruppe. / Kurtber|Ordskifte 1. nov. 2005 kl. 12:45 (UTC)
Framlegga kjem i bunn og grunn av at Wikimedia/MediaWiki/utviklarane ikkje har klart å få til ei bra teknisk løysing for å laga/tilgjengeleggjera/organisera anna fritt innhald enn leksikonartiklar på andre språk enn engelsk. Det er ein reaksjon på problema og mangelen på suksess med Wiktionary, Wikisource, Wikibooks og så bortetter. I og for seg så er det eit eksperiment som eg håpar vil føra fram til like godt skilje som det i dag er mellom desse prosjekta, men med eit mykje meir integrert og betre brukarmiljø (/grensesnitt/plattform). Både Ranveig og eg har kontoar og har brukt desse andre prosjekta, men ser at å samla det her er ei mykje betre løysing.
Intensjonen min er altså at me skal prøva å få til eigne logoar, eigne retningsliner og eventuelt andre skilleliner som skulle vera naudsynte etterkvart. I det minste for "bok", "bibliotek", "sitat". "Galleri" må me vel finna ut av korleis me skal definera og ein ei eventuell "dør" eller "inngang" ("portal", altså) blir jo eit slag metanamnerom for Wikipedia. "Ord" blir det ikkje noko av.
Ellers er eg motstandar av "Kva Wikipedia ikkje er-konseptet" fordi det har ein tendens til å esa ut og omfatta alt mogleg banalt (det er vel ganske sløvsagt at Wikipedia ikkje er nokon telefonkatalog) som så blir bruka som argument for sletting. --Guttorm 1. nov. 2005 kl. 16:55 (UTC)

Respons frå utviklar(ane)

endre

Eg prøvde å få gallerinamnerommet og sitatnamnerommet oppretta i dag, responsen var negativ og kan lesast her, den var likevel ikkje særleg uventa og er i bunn og grunn den same som Jorunn sin. Eg kjem ikkje til å jobba meir med dette i år og vil ikkje tilrå nokon andre å gjera det heller. Skulle nokon likevel ha lyst til å skriva ein mail så trur eg det er viktig å få fram at me ikkje prøver å gå utanom skiljelinene åt Wikimedia, men MediaWiki. Skal eg gissa så blir konklusjonen av ein eventuell debatt at MediaWiki må fiksast og at ein ikkje skal prøva å hacka det til sjølv, men eg kan jo bli positivt overraska. --Guttorm 6. nov. 2005 kl. 21:43 (UTC)

Eg er djupt såra og vonbroten over at wikimediaorganisasjonen er så lite demokratisk. Men nå var det jo bare nokre tilfeldige utviklarar du snakka med. Alt me treng er éin villig sjel, eller forståing for situasjonen vår generelt.
Arvind har sagt han gjerne vil ta opp emnet på Wiki-l om ei stund, om det er greitt her. -- Ranveig 7. nov. 2005 kl. 08:10 (UTC)
Det var fleire utviklarar som var inne i kanalen, men ikkje aktive i samtalen, iallfall Brion. Det er nok utviklarar som vil gjera det dersom dei får klarsignal frå toppen eller "samfunnet" (ikkje berre nn). --Guttorm 7. nov. 2005 kl. 09:18 (UTC)
Som de kanskje har sett så har eg prøvd å leggja inn ein funksjon i CSS som gjer at logoen oppe til venstre vekslar etter kva namnerom ein er i, dette fungerar. Aoineko hjelpte meg med det, og meinte at ein ikkje kunne endra peikaren på logoen i CSS. Andre problem med skiljelinene mellom dei ulike prosjekta blir at ikkje alle namneromma har felles kategorinamnerom og metanamnerom og søkeside.
Grunnen til at eg skreiv at eg ikkje ville tilrå nokon å ta det opp er at det blir utvikla nye funksjonar i programvaren som skal gjera det mogleg å oppretta nye namnerom gjennom MediaWiki-brukargrensesnittet utan at utviklarar er involvert. Det er ikkje sikkert kven som får gjera dette (om du må vera stuert, byråkrat eller administrator eller noko anna). --Guttorm 7. nov. 2005 kl. 09:29 (UTC)
Det høyrest fint ut, me kan godt venta med å ta det opp til det trengst. Men vil det gjera noko om eg utvikler nye sitatsider (under Sitat:) og sitatmalar i mellomtida? -- Ranveig 7. nov. 2005 kl. 09:35 (UTC)
Gjer ikkje meg noko. For namneromfunksjonen sin del så reknar eg med at utviklaren (m:user:Eloquence, aka Xirzon i chat) har teke høgde for problemstillinga, så det burde ikkje vera noko problem. --Guttorm 7. nov. 2005 kl. 09:50 (UTC)
Tilbake til prosjektsiden «Namnerom/avstemming om nye namnerom».