Symra
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå symre.
Symra er den einaste diktsamlinga Ivar Aasen gav ut medan han levde. Samlinga er eit prov på at det let seg gjera å skrive lyrikk på landsmål. Symra var den første diktsamlinga på nynorsk. Attåt gir det eit bilete av Aasen som diktar. Mange av dikta vart snøgt folkeeige, og vart tekne opp i folketradisjonen som viser. Om lag halvparten av dikta lever vidare som songar.[1]
Første utgåva gav han ut i 1863. Den hadde tittelen: Symra, Tvo Tylvter med nya Visor. Den endelege utgåva kom i 1875. Då hadde Aasen brigda ho to gonger.
Aasen nyttar kjende folkeviseformar i desse dikta, mellom anna nystev-forma, og byggjer ofte på gamle ordtak og folkelege uttrykk. Visene har ofte vore med i dei klassiske skolesongbøkene, og nokre av dei, som «Nordmannen», er rekna som nasjonalsongar.
Innhald
endre- «Fyrestev»
- «Gamle Norig»
- «Nordmannen» («Millom bakkar og berg»)
- «Dei gamle Fjelli»
- «Heimvegen»
- «Gamle Grendi»
- «Vaardagen»
- «Sumarkvelden»
- «Haustvisa»¨
- «Hugen»
- «Von og Minne»
- «Saknad»
- «Elskug-kvæde»
- «Det einlege standet»
- «Ymse Vasarlag (1875)»
- «Tolugd Mod»
- «Tjon og Von»
- «Fals og Fusk»
- «Uvitingskap»
- «Høgferd»
- «Hugen til Rikdom»
- «Att og fram»
- «Gløymska»
- «Livet»
- «Vit og Tru»
- «Etterstev»
Tonsetting av dikt
endreNokre av dikta er tonsette av kjende komponistar som David Monrad Johansen, Sparre Olsen og Eivind Groven. I høve Aasen-jubileet i 1996 vart fleire av visene i samlinga sunge inn på folketonar av kvedargruppa Dvergmål. Henning Sommerro har òg sunge inn nokre av dei på plata Neonlys på Ivar Aasen frå 1983.
Kjelder
endreSymra på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- ↑ Norsk Tidend nr 5 2013.
- Reidar Djupedal: Etterord i Symra og andre dikt. Noregs Boklag. 1963.
Bakgrunnsstoff
endreSymra på Wikikilden (frie originaltekstar) |