Wikipedia-diskusjon:Originale eller omsette namn

Me er samde om at bøker og filmar skal ordnast under opphaveleg tittel, t.d. Harry Potter and the Philosopher's Stone og The Lord of the Rings. Men kva med figurar og namn i bøkene? I omtalen av Tolkiens verd her på nynorskwiki har me så langt halde oss til dei opphavelege namna, så vidt eg kan sjå. I Harry Potter-verda ser det ut som det er dei omsatte som blir brukt. Har me ei line på dette? Sjølv trur eg at eg helst vi ha dei originale namna, men gidd ikkje gå laus på harry Potter før eg veit om det er semje om dette. --Ekko 16:30, 17 august 2006 (UTC)

Interessant spørsmål , eg trur eg helst vil ha dei originale namna. Men til dømes i Harry Potter kan det verta komplisert, med ei lang rad namn som er omsett til norsk. Er det ein idé å i alle fall skriva både originalnamn og norsk namn første gong ein figur vert omtala, og så seinare konsekvent nytta norsk eller originalt namn? --Gunnernett 16:44, 17 august 2006 (UTC)
Ein tidlegare diskusjon om emnet ligg her: Diskusjon:Hermione Granger. Det hadde vore fint om det kunne formulerast og skrivast ned retningslinjer om emnet. Praksis her skil seg frå den på nb, der verkar det som dei brukar dei omsette namna. -Jorunn 22:50, 17 august 2006 (UTC)
God diskusjon, det meste blir vel sagt der. Jau, me prøver å få laga ei retningsline, skal sjå til helga. Men med Potter og LOTR/Hobbitten trur eg berre me seier alt no at originalnamna skal ha forrang. --Ekko 06:57, 18 august 2006 (UTC)

Hei, det var eg som la ut lenka til Ringdrotten, men det var meint som ei utfordring, og kanskje det var ein dårleg idé, ettersom det er eg som har omsett verket til nynorsk... interessant å sjå kva for reaksjon eg fekk - den at sida skulle slettast. På bokmålswikipedia er artikkelen Ringenes Herre, med alle Høverstad-namna, ganske stor. Høverstad sine namn er nærpå rekna som "kanon". I og med den nynorske utgåva vonar eg at nynorskfolket får sin eigen kanon, som kan brukast i ein artikkel om emnet i denne samanhangen. Reint språkpolitisk ville det vere synd om nynorsk Wik tona flagg for engelsk medan bokmål tydelegvis ikkje gjer det. I alle høve var eg for tidleg ute - og eg bed dykk halde Tolkiendebatten att til boka er komen i handelen. Brukar: Eilev G. Myhren, 21 august.

Generelt er her ein politikk som går på at me ikkje skal ha artiklar om saker som ikkje har hend enno, eg reknar med at det var den eine grunnen til at Ringdrotten vart sletta som eiga oppføring, den andre er altså den at me har vald å bruke originalnamna som hovudform. Informasjonen i artikkelen vart ikkje forkasta, han vart flytt, og Ringdrotten er no ei omdirigering til The Lord of the Rings.
Nett det at det finnest fleire norske versjonar av namna er for meg ein grunn til å velje dei originale namna som hovudform.
Her kan skrivast uhorveleg mykje meir om J.R.R. Tolkien og bøkene hans, inkludert lister og oversikter over dei ulike gjendiktingane av namna. --Jorunn 10:26, 21 august 2006 (UTC)
Eg er slettaren, og det er som Jorunn seier, artiklar om ting som ikkje har hendt høver ikkje i eit leksikon. Dei er vel pr. definisjon reklame? I og med den nynorske utgåva vonar eg at nynorskfolket får sin eigen kanon, som kan brukast i ein artikkel om emnet i denne samanhangen. Nei, eg synest ikkje det. Eg trur framleis at modellen med Originalnamn (omsatt namn) i teksten og omdirigering frå omsatt namn (eit eller fleire) er den beste. Men har Eilev synspunkt på kvifor det ikkje bør være slik skal eg sjølsagt høyre godt etter.

Start ein diskusjon om Wikipedia:Originale eller omsette namn

Start ein diskusjon
Tilbake til prosjektsiden «Originale eller omsette namn».