Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 34, 2015
Forslag 1: Dei fleste norske folkehøgskulane har oppstart i desse dagar. Artikkelen har fortsatt nokre raude lenkjer, men lista over folkehøgskulane er snart ferdig fylt ut.
Folkehøgskular i Noreg er skular som legg vekt på å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar. Dei norske folkehøgskulane tilbyr til vanleg linjefag som rettar seg mot fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, teater, dans og musikk. I tillegg til linjefaga har dei fleste folkehøgskulane fellesfag, seminar og ulike valfag. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader.
Den fyrste norske folkehøgskulen var Sagatun på Hamar, som vart grunnlagt i 1864. Ti år etter vart amtsskulane oppretta av styresmaktene som ei motvekt til folkehøgskulane, og frå slutten av 1800-talet fekk folkehøgskulane ytterlegare konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteke, som samla dei tre skuletypane under felles lov og namnet «folkehøgskule».
Det er i dag 79 folkehøgskular i drift i Noreg og dei er godt fordelt ut over heile landet. 31 av dei er kristelege folkehøgskular og dei resterande 48 er frilyndte folkehøgskular. Kvart år vel om lag ti prosent av elevkulla i Noreg å gå eit år på folkehøgskule. Les meir …
- Takk for framlegget! Dette kan godt koma på framsida, men utdraget bør kanskje vera kortare. I tillegg vil me helst ikkje ha raude lenkjer der, så dei manglande artiklane bør skrivast eller takast ut frå utdraget. --Ranveig (diskusjon) 5. august 2015 kl. 14:07 (CEST)
- Då har eg korta litt ned på utdraget. Eg skal jobbe med å få resten av dei raude lenkjene blåe før artikkelen eventuelt kjem ut på framsida! --Bjarkan (diskusjon) 5. august 2015 kl. 19:24 (CEST)
- Veldig bra, no har me ein god artikkel for den veka. --Ranveig (diskusjon) 6. august 2015 kl. 19:00 (CEST)
- Då har eg korta litt ned på utdraget. Eg skal jobbe med å få resten av dei raude lenkjene blåe før artikkelen eventuelt kjem ut på framsida! --Bjarkan (diskusjon) 5. august 2015 kl. 19:24 (CEST)