Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 7, 2015

Forslag 1:

K2 frå sør

K2 er eit fjell på grensa mellom Kina og Pakistan med ei høgd på 8 611 moh. Fjellet er nest høgst i verda og det høgste i Pakistan. Topp-punktet ligg i Kashmir, nordaust i området Gilgit-Baltistan.

K2 blei første gong kartlagt av ei gruppe europeiske forskarar leia av Henry Haversham Godwin-Austen som i 1856 beskreiv toppane i området. I 1954 stod italienarane Achille Compagnoni og Lino Lacedelli som dei aller første på toppen. Det er vanleg å rekne K2 for eit vanskelegare fjell å klatre enn Mount Everest. Grunnen er at K2 er brattare på alle sider, ligg lengre nord og har eit hardare og meir uberekneleg vêrlag. På K2 er det dessutan større avstand frå base camp til toppen. K2 og toppane rundt har kravd fleire menneskeliv enn noko anna fjell. 80-90% av alle som døyr på K2 gjer det under nedstigninga, utmatta etter oppstigninga i den tynne lufta. Fell ein først frå K2, fell ein heilt til botnars. Medan ein på Everest finn heile lik av omkomne klatrarar, finn ein berre lekamsdelar på breane ved foten av K2. Les meir …

Kommentar endre

Hei. Det ser ut til at base camp og basecamp er mykje brukt, særleg når ein snakkar om kjende leirar (t.d. «Everest Base Camp»). I norsk litteratur har eg sett dei bruke både basisleir og baseleir. I klatreterminologi ser det ut til at baseleir (BC) tilsvarar base camp, medan framskoten baseleir (ABC) tilsvarar advanced base camp.[1] God artikkel! Mvh — Gaute snakk - epost - signér 26. januar 2015 kl. 13:06 (CET)Svar

Kjelder
Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 7, 2015».