Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 12, 2005

Veke 12 endre

Artikkelen om Påske burde jo passe. Men det trengs fortsatt ein del før han er prima.

Fin idé! Eg skal skriva om påskeegg. -- Ranveig 28. feb 2005 kl. 2257 (UTC)
Eg stemmer for å byta ut biletet på framsida med påskeegg. --Bep 21. mar 2005 kl. 1807 (UTC)
Ja — påskeegg, gule kyllingar, påskeliljer eller liknande er meir representativt for påskefeiring i vidare forstand... -- Olve 21. mar 2005 kl. 1832 (UTC)
Eg er/var ikkje provosert over biletet av Jesus på krossen, og eg er ikkje religiøs/medlem av noko trusamfunn, snarare heidning. Dette er vel ikkje Norsk Ukeblad, kvifor skal framsida vera berre koseleg? Korsfestinga må kunna seiast å vera ein del av temaet Påsken og då er dette biletet like bra som noko anna. Jorunn 21. mar 2005 kl. 1932 (UTC)
Nei, Norsk Ukeblad er vi no ikkje... :) Men påske/pesah er no minst tre heilt ulike høgtider, og da hadde det vore greitt med eit bilete som reflekterer dét på eit eller anna vis. Eg har sjølvsagt ikkje noko mot at vi brukar dette biletet som eitt av bileta i påskeartikkelen. -- Olve 21. mar 2005 kl. 1939 (UTC)
Ja, Jesu på korsen er ein del av tema Påsken. Men, dette blir som ei tabloid Dagbladet-framside. Eg personleg har eit rimeleg avreligiøst syn på påska, men eg forstår at Jesu på korsen er eit svært viktig symbol. Men for meg er eit påskeegg eller ein gul kylling eit like så viktig symbol, og dette er meir nøytralt - eit leksikon SKAL vere nøytralt. --Bep 21. mar 2005 kl. 2028 (UTC)
Om biletet høyrde til artikkelen Langfredag, så hadde det vore 100% på sin plass, ettersom dette er ein kristen helgedag med akkurat dét innhaldet. Likeleis Korsfesting... Men som forsidebilete som peiker til ein generell påske-artikkel tykkjer eg òg det blir både litt meir «blod og gørr» enn vi treng på hovudsida (eg likar kombinasjonen av Jorunn og Bep sine argument at vi verken er Norsk Ukeblad eller Dagbladet...) og mykje meir innsnevrande i signalet det sender ut enn ei NPOV handsaming av påske skulle tilseie. Påskeegga er kanskje det mest representative symbolet: Egg hører til både kristen, jødisk og heidensk påskefeiring. -- Olve 21. mar 2005 kl. 2104 (UTC)
Det er svært godt mogleg at eg ikkje har følgd med på Dagbladframsidene og at det er difor eg hadde vorte mykje mindre overraska om Dagbladframsida på påskeafta var pryda av ein påskekylling og nokre egg enn av ein korsfesta Jesus. Viss eitt bilete (og det plar jo vera berre eitt bilete til Vekas artikkel på framsida, sikkert ikkje minst av plassomsyn) skal romma alt eit emne kan romma så vert det jo forferdeleg vanskeleg å finna brukande bilete. Om ein dreg nøytralitetstanken for langt kjem ein også i konflikt med kva eit leksikon/oppslagsverk/encyklopedi skal vera, fordi ein då nesten ikkje kan seia noko som helst. Jorunn 21. mar 2005 kl. 2146 (UTC)
Artikkelen forsidesmakebiten viser til er ikkje ein generell artikkel om Påsken, det står i alle fall øvst i artikkelen at det ikkje er det: Denne artikkelen handlar om den kristne høgtida påske. For informasjon om den jødiske påska, sjå pesah, står det. Jorunn 21. mar 2005 kl. 2154 (UTC)
Nja... Skal vi skilje ut heidensk påske og verdsleg påske da? -- Olve 21. mar 2005 kl. 2239 (UTC)
Eg veit ikkje kva me skal eller ikkje skal ha av påskeartiklar, eg veit berre at Vekas artikkel på framsida skal visa fram ein bra artikkel, dagaktuell eller dagsuaktuell, og at akkurat den artikkelen som Vekas artikkel denne veka viser til er ein artikkel om den kristne påska. Og då er det vel ikkje gale at biletet som illustrerar smakebiten om artikkelen om den kristne påska viser eit motiv teke frå den kristne påska? Jorunn 21. mar 2005 kl. 2303 (UTC)
Denne artikkelen handlar faktisk ikkje berre om den kristne påska. Eg har elles føreslege eit mindre valdeleg bilete som eit slags kompromiss — sjå svaret mitt til Ranveig rett nedanfor her. -- Olve 21. mar 2005 kl. 2312 (UTC)
Artikkelen handlar ikkje berre om den kristne påska, men han påstår sjølv at han er ein artikkel om den kristne påska, og eg vel å ta det på alvor og heller tru at redigeringa av artikkelen enno er på eit tidleg nivå. Artikkelen utbasunerar sjølv at han ikkje er om den jødiske påska (fordi det finnest ein annan artikkel om akkurat det), men ein vidtfamnande leksikonartikkel om den kristne påska må nødvendigvis også nemna heidensk påske og jødisk påske, og det gjer denne artikkelen og. Og korleis til dømes påskefeiringa i Noreg er no er også eit naturleg avsnitt i ein artikkel om den kristne påska her på Wikipedia nn. Det er ikkje noko i artikkelen som det ikkje er heilt greit at det står om i ein artikkel om den kristne påska, men nett no har det kanskje ikkje den ultimate forma/forhaldet til hovudsaka i artikkelen. Det er eit naturleg utviklingssteg for ein Wikipedia artikkel/serie av Wikipedia artiklar. Om så dette nett no er ein veldig bra artikkel er ei anna sak.
I mine auger er ikkje dette noko bilete fult av blod og gørr,gørret ser eg ikkje i det heile og blodet er der i unaturleg små mengder. Eit bilete av eit menneske spikra opp på ein kross kan aldri verta ukontroversielt, med mindre alle er heilt avstumpa. Og dit er me ikkje komne enno. Jorunn 22. mar 2005 kl. 0022 (UTC)
Eg sette opphavleg inn biletet av påskelilja (og gløymde sjølvsagt å endra bileteteksten, takk til Guttorm som retta det), men syntest det såg litt tamt ut. Påskeliljer og påskeegg ser me nå likevel i alle butikkar og blad. Jesus på krossen er eit symbol som har inspirert store og små kunstnarar frå kristendommen tok til og til idag. Det er sjølvsagt eit kristent symbol, men påsken inneheld då òg mykje kristendom, gjer han ikkje? -- Ranveig 21. mar 2005 kl. 2225 (UTC)
Eit noko mindre morbid bilete som kaskje kunne vera eit alternativ (om ikkje akkurat direkte kompromiss) er det øvste biletet i artikkelen en:Easteren. Mindre romerske torturinstrument, same kristne innhald...? -- Olve 21. mar 2005 kl. 2239 (UTC)

Elles kunne me jo taka ein skrivedugnad på Johann Sebastian Bach, som vart fydd den 21. mars for 320 år sidan. Men eg stør påske ;) Jarle 11. mar 2005 kl. 1813 (UTC)

Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 12, 2005».