Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 17, 2005

Forslag 1: Pesah endre

Den jødiske påska byrjar laurdagskvelden den 23. april og varar ut veke 17. Artikkelen må sjølvsagt utvidast litt — særleg bør ein historisk innleiingsdel og ein del om påverknad på [og frå] andre religionar/kulturar inn. Kva trur de? -- Olve 8. apr 2005 kl. 0048 (UTC)

God idé, og eit godt døme på ein artikkel i eit emne me er sterke i (mest grunna deg :) Bjarte 8. apr 2005 kl. 0051 (UTC)
Det høyrest fint ut. Det einaste eg ikkje liker, er at me får to høgtider etter kvarandre. Kunne ikkje jødane og tamilane gått saman og samkjørt litt, slik at temaene for Vekas artikkel blei litt betre spreidde? Jaja, dei klarte i alle fall å unngå kollisjon i same veke, så eg skal ikkje klaga. -- Ranveig 8. apr 2005 kl. 0058 (UTC)
Ja, men vårreingjeringa er no rimeleg bra samordna i det minste! ;-) Olve 8. apr 2005 kl. 0103 (UTC)

Litt lang? endre

Eg trur det er best om bolken på framsida ikkje inneheld for mange ord eller for mykje stoff. Dette skal jo bare vera eit utsnitt av artikkelen som gjeve ein lyst til å læra meir!

Ettersom ordsoga kanskje kan bli litt for detaljert for nokon, føreslår eg at me anten tek henne ut, eller forkortar dette avsnittet og set det bakerst. -- Ranveig 17. apr 2005 kl. 0854 (UTC)

Ja, vi kan gjerne taka bort etymologien. Eg gjer det no. Olve 17. apr 2005 kl. 1610 (UTC)
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 17, 2005».