Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 17, 2005

Ein mann held to massót (flatbrød, usyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.

Pesah (hebraisk פֶּסַח pèsaḥ) eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesah varar.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matretter som karpás (selleri eller andre grønsaker), massót (flatbrød), marór (bitre urter), lammebein, eit grilla egg og sausen haróset — ein saus som skal minne om mørtelen dei israelittiske slavane brukte i Egypt. Kvar person drikk fire glas vin eller druejus. Med bakgrunn i desse matrettene og andre rituelle handlingar les ein påskeforteljinga om utgangen av Egypt.

Førre tre veker: LEGOVarudapirappuAlbert Einstein