Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 23, 2012

Forslag 1: Hygiene


Handvask er ei enkel, men effektiv form for hygiene

Hygiene er eit ord som eigentleg står for helsesam livsførsel. Det kjem frå det greske ordet hygieiná (helse) og heng i hop med ordet hygieía (sund, helsesam). Hygiéia var den greske gudinna for helse og reinsemd.

Tankar om hygiene og hygieniske levereglar har lange tradisjonar hjå ulike folk. I Egypt fanst det så tidleg som for 2500 år sidan nedskrivne reglar for reinhald.

I dag er hygiene ein vitskap, og viktige bidrag til denne har kome frå Max von Pettenkofer, Robert Koch, Ignaz Semmelweiss, Joseph Lister og Florence Nightingale Les meir …


-- Hogne (diskusjon) 25. mai 2012 kl. 09:38 (CEST)Svar
Veldig bra ide, men litt mange raude lenker? Mvh --M. Haugen (diskusjon) 28. mai 2012 kl. 20:35 (CEST)Svar
Da har eg ordna 3 av 4 raudlenker, men sikkert etterlete meg litt språkvask. --M. Haugen (diskusjon) 29. mai 2012 kl. 12:28 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 23, 2012».