Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 44, 2011
Forslag 1:
Punkrock er ein sjangar innan rock som utvikla seg mellom 1974 og 1976 i USA, Storbritannia og Australia. Han har røter i garagerock og andre former som i dag vert kalla «protopunk». Punkrockband prøvde å unngå populærrocken på 1970-talet og lagde ein rask, hard musikk med typisk korte songar, få instrument og ofte politiske og antisosiale tekstar. Punk omsluttar ein «gjer det sjølv»-haldning og mange av gruppene produserte sine eigne innspelingar og distribuerte dei gjennom uformelle kanalar.
Seint i 1976 hadde band som the Ramones i New York City og Sex Pistols og The Clash i London vorte anerkjend som fortroppen i ei ny musikalsk rørsle. I løpet av det neste året spreidde punken seg til resten av verda. Punk vart raskt, men kortvarig, eit stort kulturelt fenomen i Storbritannia. Stort sett hadde punk røter i lokale miljø som pleidde å sky unna det som vart rekna som populært (mainstream). Det oppstod ein punkkultur som uttrykte ungdommeleg opprør og med kjenneteikn som særeigne klede og forskjellige antiautoritære ideologiar.
I starten av 1980-åra hadde meir aggressive former som hardcore og Oi! vorte dominerande former for punkrock. Artistar som starta som, eller var inspirert av, punkband, utvikla post-punk og alternativ rock. Mot slutten av hundreåret klarte nye poppunkband som Green Day å gjere punkmusikken populær, fleire tiår etter han først starta.
Ein godt gjennomarbeida artikkel. Hogne 28. september 2011 kl. 14:00 (CEST)
- Godt forslag! Imponerende artikkel! Mvh M. Haugen 24. oktober 2011 kl. 07:52 (CEST)