Wikipedia:Administratorar

(Omdirigert frå Wikipedia:Administrator)
Noverande administratorar
etter brukarnamn (sjekk)

90sveped (Brukardiskusjon, e-post)
Anne-Sophie Ofrim (Brukardiskusjon, e-post)
Barend (Brukardiskusjon, e-post)
Bjarkan (Brukardiskusjon, e-post)
Egil Arne (Brukardiskusjon, e-post)
Frokor (Brukardiskusjon, e-post), byråkrat
HerVal7752 (Brukardiskusjon, e-post)
Hogne (Brukardiskusjon, e-post)
Knut (Brukardiskusjon, e-post)
Kristaga (Brukardiskusjon, e-post)
Njardarlogar (Brukardiskusjon, e-post)
Olve Utne (Brukardiskusjon, e-post)
Orland (Brukardiskusjon, e-post)
Ranveig (Brukardiskusjon, e-post), byråkrat
Trondtr (Brukardiskusjon, e-post)


Snarvegar:
WP:A
WP:ADMIN
WP:Admin

Administratorar er brukarar som har fått tilgang til fleire funksjonar i MediaWiki-programvaren. Funksjonane som administratorar får tilgang til er til dømes «blokkering av brukarar», «vern av sider», «sletting av sider», og tilsvarande motsette handlingar. Alle desse handlingane blir loggførte.

For at wikiprosessen skal fungera best mogleg er det viktig med «flat struktur» og lite byråkrati, og det bør ikkje vera altfor vanskeleg å bli administrator. Det er likevel viktig at administratorar er svært forsiktige med funksjonane som blir tilgjengelege – ein ny og uerfaren brukar kan bli skikkeleg skuffa dersom eit av bidraga hans/hennar blir sletta. Det er nesten alltid redigering som er løysinga, ikkje sletting, blokkering eller vern.

Automatisk liste over administratorar ligg på Spesial:Listusers/sysop. Administratorhandlingar er loggførte i Spesial:Log/block, Spesial:Log/protect og Spesial:Log/delete. Byråkratar kan gje registrerte brukarar administratortilgang. Du kan be om å få administratortilgang under «Prosedyre» nedanfor.

Om du meiner ein administrator har misbrukt verktøya sine, ta det først opp med dei. Viss de ikkje finn noka løysing kan det vera grunn til å ta bort desse verktøya. Følg i så fall same prosedyre som for utnemning.


Prosedyre

Alle som bidreg fast på Wikipedia, og som ønskjer det, kan bli administratorar. For å kunna bli vald bør ein ha vore aktiv brukar i minst tre månader og vist vilje til å følgja retningslinene.

Før opp deg sjølv eller andre du ønskjer skal bli oppgradert til administrator under «Kandidatar» nedanfor. Dersom du nominerer nokon, bør du spørja dei først. Viss det ikkje kjem nokon seriøse innvendingar, blir den nominerte utnemnd til administrator.


Viss ein vil sjå kor mange eller kva slags bidrag ein kandidat har, kan ein bruka redigeringsteljaren Global account information. For meir detaljerte rapportar kan ein bruka XTools.

Kandidatar

Har bidrege med patruljering, og kan ha bruk for administratorverktøya. --Ranveig (diskusjon) 28. oktober 2020 kl. 20:17 (CET)[svar]

Det verkar vera greitt, så eg har utnemnd. --Ranveig (diskusjon) 4. november 2020 kl. 19:15 (CET)[svar]

Kommentarar


Arkiv over tidlegare kandidatar

Oppnemning til administrator for andre prosjekt?

Om du vil søkje oppgradering på andre prosjekt enn Nynorsk-wikipediaen, så finn du instruksar her: meta:Requests_for_permissions. Hugs at dei fleste, om ikkje alle, Wikimedia-prosjekta har eit eige administrator-utnemningssystem med eigne krav.