Wikipedia:Brukarkonto

Wikipedia er ein wiki som alle kan redigera, det vil seia at ein ikkje må registrere seg med brukarkonto for å kunne bidra. Det ligg likevel mange fordelar i å registrera seg.

Å registrera seg er heilt gratis, og det kostar heller ingen ting å ha ein brukarkonto. Å registrere seg har i tillegg andre moglegheiter og fordelar.

Som registrert brukar får du endre

  • Eit sjølvvald brukarnamn, slik at andre brukarar lett kan kjenne deg att
  • Moglegheit til å sjå alle dine bidrag på ei side som heiter «Mine bidrag»
  • Di eiga brukarside, der du kan skriva litt om deg sjølv
  • Din eigen brukardiskusjon, der andre brukarar lett kan kontakta deg
  • Ei overvakingsliste der du kan sjå kva som skjer med artiklar du er interessert i
  • Ei side med innstillingar, der du mellom anna kan:
    • velja ulike funksjonar for når du redigerer sider
    • bestemme sjølv kva språk som skal vera utheva blant språklenkene til kvar artikkel
    • bestemma kor mange søkjeresultat du vanlegvis får per side
    • bestemma kor mange endringar som skal visast i siste endringar-siden
    • bestemma kva stilark du vil bruka, noko som påverkar utsjånaden på Wikipedia
    • bestemma kva signaturen din skal vera (valfri tekst som lenkjer til brukarsida eller brukardiskusjonen din)
  • Moglegheit til å flytta sider (endra namn på dei)
  • Moglegheit til å bli sjølvpatruljør, patruljør eller administrator
  • Moglegheit til å merka dine eigne endringar som mindre viktige
  • Rett til å røysta i ulike avstemmingar

Anonymitet endre

  • IP-adressa di vil ikkje lenger vera synleg i redigeringane dine
  • Du redigerer framleis anonymt om du vel eit pseudonym som brukarnamn