Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Fitjar

Fitjar endre

Kommentarar endre

Har arbeida med denne ei stund no, og syns den byrjar å sjå ganske bra ut. Litt usikker på rekkefølgja på bolkane og han treng sikkert ein språkvask. --Frokor 20:41, 13 desember 2007 (CET)

Har vaska litt. -- Olve 23:38, 14 desember 2007 (CET)
Korleis uttalar de namnet? Med kj-lyd og utan r, (slik at det rimer på bikkja), eller har de gjort uttalen meir bokstavrett med åra? Når eg redigerer heile artikkelen under eitt, får eg åtvaring om at han er vel lang. Er 32 KB ei grense vi bør halde oss innanfor, om artikkelen skal få stjerne? - Knut 19:34, 14 desember 2007 (CET)
Det vert ofte uttalt som Fikja, der r'en knapt kan høyrast. Eg syns ikkje lengda bør ha for mykje å seie, med mindre han er altfor lang eller altfor kort. Ein tabell eller ein mal eller noko anna med mykje kodar vil jo medverke til at talet på kb vert stort sjølv om ikkje artikkelen nødvendigvis er så lang. --Frokor 19:56, 14 desember 2007 (CET)
Rygg skriv noko om lokal uttale (fikkja), og i boka (ikkje på nettet) er dette markert med trykkmarkering og og eit merkeleg teikn for kj-lyden. Artikkelen kunne gjerne nemnd noko om lokal uttale av kommunenamnet, akkurat som ein peikar til artikkelen om lokal dialekt hadde vore eit stort pluss (kanskje nokon har skrive den artikkelen allereie?). - Knut 21:15, 14 desember 2007 (CET)
Er det ein liten, t-aktig lyd først i "kkj" (mesta som "Fit'kja" eller engelsk "Fitcha"), eller er det meir som ein tysk ch-lyd (mesta som tysk "Ficher")? I det førstnemnte fallet er ["ficça] nokolunde korrekt etter IPA; i det andre fallet er ["fiç:a] meir korrekt. -- Olve 21:39, 14 desember 2007 (CET)
Ved nærmare ettertanke er vel den tradisjonelle uttalen ganske grei. Set han inn no. -- Olve 21:41, 14 desember 2007 (CET)
Som i Fit'kja høyres mest rett ut. --Frokor 21:43, 14 desember 2007 (CET)
Ja, «fikkja» er nok meir korrekt. Fitjardialekten er nok nært opp til Sunnhordlandsdialekt, men då burde det stått noko om den greia (som eg ikkje kjem på kva heiter) der ll vert til dl, som i fjellet -> fjedlet (sjølv om det ikkje er mange som snakkar slik i dag). --Frokor 21:28, 14 desember 2007 (CET)
Næringsliv endre

Ei setning er uforståeleg der og lyt ryddast opp i av nokon som kjenner materialet — sjå innlagt kommentar. -- Olve 23:35, 14 desember 2007 (CET)

Endra base til hovudkontor. Poenget er at det er ei Fitjarbedrift som etter kvart har vorte verdsomspennande, men at «basen» eller hovudkontoret ligg på Fitjar. --Frokor 23:46, 14 desember 2007 (CET)
Nei, den uforståelege setninga er: «Her vert det teikna fiskebåtar og forskings-, offshore- og seismikkfartøy, samt ombygging.» Kva tyder dette? Vert det teikna ombygging? Byggjer dei fiskebåtane og dei andre fartøya, eller teiknar dei dei berre? Slik setninga står heng ho ikkje saman grammatisk, og ho får lesaren til å lure på kva verksemda faktisk driv med. -- Olve 23:51, 14 desember 2007 (CET)
Hm, ja ok. Dei teikner berre båtar, dvs dei fire typane som er nemnd, og i tillegg så lagar dei teikningar til båtar som skal ombyggast. Har du ei god teikning til ombygging av setningen?
Aha. Ja, da skal eg nok greie å skrive det om litt. :) Olve 01:13, 15 desember 2007 (CET)
Blir dette rett? «Her vert det teikna fiskebåtar og forskings-, offshore- og seismikkfartøy, og i tillegg planar for fartøy skal byggjast om.» -- Olve 01:17, 15 desember 2007 (CET)
Jo, det vil fungere. Eg limer inn. --Frokor 01:19, 15 desember 2007 (CET)

Eg kom på to verksemder til som eg syns burde nemnast under næringsliv-bolken. Begge desse har vore og kjem til å bli viktige for kommunen. --Frokor 02:45, 15 desember 2007 (CET)

Røysting endre

Kommentar om røysting: Fristen er 4 veker i følgje reglane, røyster mot må kome innan 11. januar 2008. Hogne 14:58, 16 desember 2007 (CET)


  For med tre atterhald: eg skulle gjerne sjå at peikarane til lyngheier og den lokale industrien ikkje var raude. Eg kan heller ikkje seie noko om kor naudsynt det er med språkvask. Ut over det er det ein god artikkel. --Ekko 14:02, 14 desember 2007 (CET)

  For Svært god artikkel (trykk på interwiki til bokmål, hehe). Kunne tenkt meg noko om målføret i Fitjar samt noko om musikk under kultur. Var ikkje Kenneth Sivertsen frå Fitjar? --Bep 18:47, 14 desember 2007 (CET)

Han var frå Bømlo. Eg har lyst på ein bolk om kjende personar frå Fitjar, men eg har ikkje heilt oversikt der. Hugsar nokon Ranveig Johnsen? Ho hadde ein svært hit med Watch That Girl på slutten av 80-talet. Albumet selde utrulige 250 000, som er særs mykje etter norsk målestokk sjølv i dag. Idol-Ørjan trur eg me droppar :-) Elles har eg ikkje heilt kontroll på målføret heller. --Frokor 18:56, 14 desember 2007 (CET)
Har ikkje høyrt om Ranveig Johnsen, 250.000 er utruleg! Vel, eg meiner framleis dette er ein "god artikkel", og den blir sjølvsagt seinare ein endå betre artikkel etter kvart. --Bep 20:13, 14 desember 2007 (CET)

  For — så lenge næringslivsbolken blir rydda opp litt i. Standarden bør vera høg når det gjeld å uttrykkje seg tydeleg og eintydig. -- Olve 23:37, 14 desember 2007 (CET)

  For Det er heilt utruleg kva Frokor har bygd opp rett framføre nasen min utan at eg såg det. Bileta! Sitata! Teksten! Og så Rompetjødno, då. --Ranveig 01:27, 15 desember 2007 (CET)

  For Det skal bli hardt å løfte Vefsn til same nivået . . . . - Knut 09:13, 15 desember 2007 (CET)

  For Ein standard å strekkje seg etter for innhald i alle andre kommuneartiklar. Roar 10:06, 15 desember 2007 (CET)

  For -- Hogne 14:58, 16 desember 2007 (CET)

  For --Anders 15:31, 16 desember 2007 (CET)

  For --Otzi123 22:48, 16 desember 2007 (CET)