Opna hovudmenyen

Kenneth Sivertsen

norsk musikar og komponist

Kenneth Sivertsen (16. januar 196124. desember 2006), fødd på Mosterhamn i Bømlo kommune), var ein norsk gitarist, songar (visesong, jazz), artist, komponist og humorist. Han var tidlegare kjærast og samarbeidde kunstnarleg med Herborg Kråkevik. Sivertsen er kjend som ein svært dyktig multikunstnar, og har blant anna samarbeidt med framtredande amerikanske jazzmusikarar som Michael Brecker, Mike Mainieri, Tony Levin og Bob Mintzer.

Kenneth Sivertsen
Fødd16. januar 1961
FødestadBømlo
Død24. desember 2006
DødsstadHaukeland universitetssjukehus
OpphavNoreg
Instrumentgitar
PlateselskapHot Club Records
Verka somkomponist, jazzmusikar, gitarist, jazzgitarist

27. februar 2005 fall Sivertsen om på kaia i Haugesund på grunn av eit epilepsianfall, og fekk hjerneblødning.[1] Delar av hovudskallen hans vart då fjerna på grunn av blodsamlingar i hovudet, og sidan operert inn att. Sivertsen var sidan hjerneblødninga på institusjon, delvis på sjukehusa i Haugesund og Bergen, og delvis på rekonvalesensheim. Sivertsen døydde julaftan 2006, 45 år gammal.[1]

I november 2006 vart det halde ein hyllestkonsert til Kenneth Sivertsen på Bømlo. Konserten har fått namnet Draumespor (regi: Brynjar Stautland), og viser breidda i karrieren hans som komponist.

Komposisjonar (utval)Endra

  • Håp (1984) - symfoni
  • Himmelsyn (1987) - for kor, jazzband og orkester. Sivertsen vann Årets verk for dette.
  • Timeglaset og Morgonstjerna (1989) - symfoni
  • Requiem (2003) - Tingingsverk til Festspillene i Bergen

PlateinnspelingarEndra

  • Einsam Flygar (1983) - viser
  • Amalgamation (1985) - jazz/viser
  • Spør Vinden (1988) - viser
  • Flo (1990) - pop/viser, med tekstar av Birger Røksund
  • Remembering North (1993) - jazz
  • High Tide (1994) - pop
  • Den Lilla Kvelven (1995) - kammermusikk, med tekstar av Jon Fosse
  • Draumespor (1996) - pop/viser, med tekstar av William Shakespeare og Tarjei Vesaas
  • Brytningstid (1997) - Tingingsverk
  • Melk og Honning (1998) - bedehussongar
  • One Day In October (1998) - jazz
  • Det Var Ein Gong (1998) - singel
  • Blod og Bensin (2000) - pop/rock/viser
  • Fløyel (2004) - samling med blanding av gamle og nye låtar

Andre plateinnspelingarEndra

  • Kenneth Sivertsen/Eyvind Solås/Magnar Åm (1990) - inkl. Sivertsens komposisjon "For Ope Hav"
  • Herborg Kråkevik: Mi Haugtussa (1995) - produsert og tonesett av Kenneth Sivertsen
  • Hansakvartetten: Musikk av Hvoslef, Bergh og Sivertsen (2002) - inkl. "Steingarden"

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 NRK (24. desember 2006), «Kenneth Sivertsen er død», NRK (på bokmål), henta 14. februar 2019