Wikipedia:Stipendstøtte frå Noregs Mållag/Resultat
Stipendprosjektet for Noregs Mållag |
Oppsummering | ||
Målet med dette prosjeket var å laga betre rettleiingar for å bruka Wikipedia, skriva korte artiklar om emne som kunne inspirera ungdom til å skriva meir, og få fram meir forseggjorte artiklar med illustrasjonar om Sør-Asia, for å få fram kva ein kan få til på Wikipedia. Frå eg fekk stipendet og fram til slutten av september har eg utvikla ei Wikipedia-rettleiing for lærarar og ein reklameplakat for ungdom, skrive 70 korte artiklar for ungdom og omlag 40 utfyllande artiklar om Sør-Asia, og lasta opp eller skildra på nynorsk eit utal filer med emne frå Sør-Asia på Wikimedia Commons. Nynorsk Wikipedia har i mellomtida klart å få over 26 000 artiklar, og er blitt nemnd fleire gonger i media. Eg synest sjølv at eg kunne oppnådd meir, til dømes fleire ungdomsartiklar, meir hjelp, eller eit hjørne av Sør-Asia som eg hadde klart å dekka fullstendig. Samsundes er det tydeleg at for å klara det måtte eg ha ofra meir frå dei andre delane. Dette prosjektet gjekk ut på å tilføra Nynorsk Wikipedia meir breidde, og det klarte det. Eg kjem til å gjera meir arbeid innan alle dei tre områda framover, både fordi det er mykje meir eg kan skriva om, og fordi eg altså synest eg ikkje heilt nådde måla eg hadde sett. Nyhendet om stipendet skapte blest om Nynorsk Wikipedia, og skapte ei kjensle av at me blei tekne alvorleg. Blant brukarane på Nynorsk Wikipedia var alle glade for å høyra om tildelinga, og det same gjaldt dei fleste Wikipedia-brukarar på andre prosjekt også. Nokre meinte at det var gale å ta imot pengar for noko dei fleste gjer frivillig, men sidan eg ikkje skreiv noko om dei som hadde gjeve meg stipendet (Noregs Mållag, Trond Giske eller Kyrkje- og kulturdepartementet), ser eg ikkje på det som eit problem, og det gjorde heller ikkje styremedlem Kat Walsh i Wikimedia Foundation. Tildelinga kom på ei tid då eg var blitt mindre aktiv på Nynorsk Wikipedia, og var i ferd med å orientera meg mot frilansarbeid som ville gjort meg endå mindre aktiv. På eit såpass lite prosjekt er kvar brukar viktig, og eg er takknemlig for at eg fekk lov til å via meg til dette spennande arbeidet ei stund. Eg er også blitt med i styret for Wikimedia Noreg, der eg vil prøva å arbeida for betre samarbeid mellom wikiprosjekta på nynorsk og bokmål. Oversyn over artiklar skrivne for prosjektetendreBakgrunnsstoffendre |