Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 12, 2020
La Guajira er eit departement nordaust i Colombia som grensar til nabodepartementa Cesar og Magdalena og dessutan til Venezuela og Det karibiske havet. Arealet gjer ut for det meste av Guajira-halvøya i den nordaustlege delen av landet, ved den nordlegaste spissen av Sør-Amerika. Hovudstaden i departementet er Riohacha.
Ulike innfødde stammar folkesette dei tørre slettene i regionen før den spanske tilkomma til Amerika. I kolonitida gjorde både guvernørane i byen Santa Marta og Venezuela krav på La Guajiras-territoriet og hadde tvistar på grunn av perleførekomstar. Engelske piratar, franskmenn og tyskarar hadde òg disputtar om territoriet. Økonomien er hovudsakleg basert på skattelegging av verksemd i kolgruva i Cerrejón. Naturgassutvinning og saltminer er andre inntektskjelder. Cabo de la Vela er ein liten fiskarlandsby som ligg på nordspissen av Guajira-halvøya. Les meir …