Guajira-halvøya [gwaˈxiɾa, gwaˈhiɾa] (spansk Península de La Guajira, wayunaiki Hikükariby) er ei halvøy i Nord-Colombia og Nordvest-Venezuela i Karibia. Det er den nordlegaste halvøya i Sør-Amerika og har ei flatevidd på 25 000 km², som strekkjer seg frå kysten av Manaure i Colombia i vest til Venezuelabukta i aust. I 1891 var det ein tvist mellom dei to landa om grensa over halvøya. I dag ligg det meste av territoriet innanfor La Guajira-departementet i Colombia, medan kyststripa mot Venezuelabukta ligg i den venezuelanske Zulia-staten. Den nordlegaste staden på halvøya vert kalla Punta Gallinas og er det nordlegaste punktet på fastlandet i Sør-Amerika, på ca. 12 ° 27' nordleg breidd. Avgrensinga mot sørvest kan geografisk definerast der landtunga mellom hava er smalast, og vil då rekke omtrent sør til byen Uribia. Alternativt kan avgrensinga settast mot fjellområda Sierra Nevada de Santa Marta og Serranía del Perijá i sør.[1] Med sistnemnde definisjon vil Guajira-halvøya òg femne om byen Riohacha kor elva Ranchería har utlaup i Karibhavet.

Guajira-halvøya
halvøy
Guajira-halvøya vest for Venezuelabukta, og sør for Karibhavet
Land  Colombia,  Venezuela
Kart
Guajira-halvøya
12°02′00″N 71°44′00″W / 12.03333333°N 71.73333333°W / 12.03333333; -71.73333333
Wikimedia Commons: La Guajira Peninsula

Klima endre

 
Fjellet Cerro La Teta på Guajira-halvøya
Foto: Wikimedia-brukar Leonfd1992
 
Grensestein nummer 1 på grensa mellom Colombia og Venezuela, mot Venezuelabukta
Foto: Wikimedia-brukar MusicologoVzla

Klimaet er generelt varm og tørt til halvtørt.[1] Passatvindar frå den nordlege halvkula treffer denne regionen. Den nordaustlege flanken av fjellkjeda Sierra Nevada de Santa Marta verkar som ein barriere mot sørvest som genererer rikeleg nedbør i låglandet, og gjev nedbør til nedslagsfeltet for Rancharía-elva, den einaste store elva i området. Klima og vegetasjon varierer frå sør til nord, i sør eit høgt fuktig klima, ca. 3000 mm nedbør i året, ned til 300 mm nedbør i året i ørkenområda i nord.

Fjellpartiet Macuira i nordaust er eit landskap som hever seg nokre hundre meter over havet, med toppar på over 800 moh. Det fangar nokon av passatvindane og forårsakar skodde. Mesteparten av fjellkjeda er eit verna område kalla Serranía de Macuira.

Økonomi endre

Det er hovudsakleg wayuu-folk som bur på halvøya, dei brukar slettene til beite for storfe, sauer, geiter og hestar. Ekstrakt frå krattplanten Libidibia coriaria blir brukt til garving og farging.[1] Etterkommarane til dei spanske kolonistane busette seg i den søraustlege delen av halvøya, nokon gonger referert til som Padilla-provinsen, der landet er meir fruktbart på grunn av nærleik til andre elvebasseng, som t.d. Cesar-elvområdet. Her finn ein plantasjar av bomull, durra og store krøterfarmar.

Sidan 1980-talet var det sentrale området på halvøya utsett for utforsking og utnytting av kol og naturgass i området, kolgruva Cerrejón og petroleum ved kysten. Ikkje langt frå Riohacha ligg eit naturgassfelt med røyrleidning til Barranquilla.[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «La Guajira Peninsula». Encyclopaedia Britannica. 7. oktober 2016. Henta 2. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Guajira-halvøya