Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 13, 2020

Promoteringsteikning av The Byrds frå 1967

The Notorious Byrd Brothers er det femte albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og vart gjeve ut i januar 1968 på Columbia Records. Musikalsk er albumet toppen av den psykedeliske perioden til bandet, der dei blanda folkrock, psykedelisk rock, country, elektronisk musikk, barokkpop og jazz. Av desse forskjellige stilane var det dei små hinta om country som fullstendig skulle prege det neste albumet deira. Med produsenten Gary Usher vart det nytta mykje studioeffektar og nye produksjonsteknikkar, som phasing, flanging og panorering. The Byrds innførte òg pedalsteelgitar og Moog-synthesizer i musikken sin for første gong. Dette var eit av dei første albuma der ein finn ein Moog.

Innspelinga av albumet fann stad i andre halvdelen av 1967, og vart prega av krangling mellom bandmedlemmene. Rytmegitarist David Crosby fekk sparken i oktober 1967 og trommeslagar Michael Clarke forlet bandet midtvegs i innspelinga. Clarke kom attende ei kort stund før han til slutt fekk sparken etter at plata var ferdig. I tillegg kom den originale bandmedlemmen Gene Clark, som hadde forlate bandet tidleg i 1966, attende i tre veker under innspelinga, før han forlet bandet igjen. Forfattar Ric Menck skreiv at sjølv om ein hadde desse endringane i bandet og konfliktane under innspelinga, så var The Notorious Byrd Brothers eit av dei best samansette og overjordisk-aktige albuma til bandet. Les meir …