The Notorious Byrd Brothers

The Notorious Byrd Brothers
Studioalbum av The Byrds
Språk engelsk
Utgjeve 15. januar 1968
Innspelt 21. juni til 6. desember 1967
Studio Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger
Lengd 28:28
Selskap Columbia
Produsent Gary Usher
The Byrds-kronologi 
The Byrds' Greatest Hits
(1967)
The Notorious Byrd Brothers Sweetheart of the Rodeo
(1968)


Singlar frå The Notorious Byrd Brothers
  1. «Goin' Back»
    Utgjeve: 20. oktober 1967

The Notorious Byrd Brothers er det femte albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og vart gjeve ut i januar 1968 på Columbia Records.[1][2] Musikalsk er albumet toppen av den psykedeliske perioden til bandet, der dei blanda folkrock, psykedelisk rock, country, elektronisk musikk, barokkpop og jazz.[3][4] Av desse forskjellige stilane var det dei små hinta om country som fullstendig skulle prege det neste albumet deira.[2][5] Med produsenten Gary Usher vart det nytta mykje studioeffektar og nye produksjonsteknikkar, som phasing, flanging og panorering.[6][7][8] The Byrds innførte òg pedalsteelgitar og Moog-synthesizer i musikken sin for første gong. Dette var eit av dei første albuma der ein finn ein Moog.[7][9]

Innspelinga av albumet fann stad andre halvdel av 1967 og vart prega av krangling mellom bandmedlemmene.[9] Rytmegitarist David Crosby fekk sparken i oktober 1967 og trommeslagar Michael Clarke forlet bandet midtvegs i innspelinga. Clarke kom attende ei kort stund før han til slutt fekk sparken etter plata var ferdig.[10][11] I tillegg kom den originale bandmedlemmen Gene Clark, som hadde forlate bandet tidleg i 1966, attende i tre veker under innspelinga, før han forlet bandet igjen.[12] Forfattar Ric Menck skreiv at sjølv om ein hadde desse endringane i bandet og konfliktane under innspelinga, så var The Notorious Byrd Brothers eit av dei best samansette og overjordisk-aktige albuma til bandet.[13]

Då det kom ut nådde albumet 47. plass på Billboard Top LPs-lista i USa og 12. plassen på den britiske UK Album Chart.[14][15] Ein coverversjon av Gerry Goffin- og Carole King-songen, «Goin' Back» vart gjeven ut som singel i oktober 1967 og gjorde det forholdsvis bra.[7] Sjølv om The Notorious Byrd Brothers var kritikarrost då det kom ut, selde det berre moderat, særleg i USA.[16] Albumet vert i dag rekna som eit av dei beste Byrds-albuma, samt deira mest eksperimentelle og progressive.[4][6][13]

Bakgrunn endre

Innsplinga av The Notorious Byrd Brothers, siste halvdelen av 1967, vart prega av krangling og bitterheit.[3] The Byrds byrja innspelingane som eit firemannsband som bestod av Roger McGuinn, David Crosby, Chris Hillman og Michael Clarke — den same besetninga som hadde spelt inn dei to førre albuma deira.[17] Då albumet kom ut var det berre McGuinn og Hillman som var att i gruppa.[4] Den første endringa kom då trommeslagaren Michael Clarke slutta etter krangling med Crosby og dei andre medlemmane i gruppa over dugleiken hans og at han var misnøgd med materialet dei tre låtskrivarane kom med.[18][19] Han vart mellombels erstatta av studiomusikarane Jim Gordon og Hal Blaine.[18][19]

David Crosby fekk så sparken av McGuinn og Hillman og vart erstatta av den tidlegare Byrds-medlemmen, Gene Clark, som var attende i berre tre veker før han drog igjen.[10][12] Før Gene Clark kom attende, hadde òg Michael Clarke kom attende, berre for å bli informert av McGuinn og Hillman om at han kom til å bli erstatta så snart albumet var ferdig innspelt.[11] Med så mange endringar i bandet, måtte McGuinn og Hillman ha hjelp av andre musikarar for å fullføre albumet.[11] Blant desse var Clarence White, som òg hadde spelt på det førre albumet deira.[3] Bidraga hans til dette albumet, Younger Than Yesterday og Sweetheart of the Rodeo, i tillegg til at han var ven av Hillman, førte til at han til slutt vart fulltidsmedlem av bandet.[20]

Sparkinga av David Crosby endre

 
David Crosby fekk sparken frå The Byrds midtvegs gjennom innspelinga av albumet.

David Crosby fekk sparken av McGuinn og Hillman i oktober 1967 etter all kranglinga, som mellom anna oppstod då Crosby var misnøgd med at bandet ønskte å spele inn GoffinKing-songen «Goin' Back».[10] Crosby meinte at innspelinga av songen var eit steg attende kunstnarisk, særleg når bandet no hadde tre aktive låtskrivarar.[13] Ein annan faktor til at Crosby fekk sparken var den kontroversielle songen hans «Triad», ein vågal komposisjon om ein seksuell trekant som konkurrerte med «Goin' Back» om å få plass på albumet.[4] Han gav til slutt songen til Jefferson Airplane, som gav ut songen i 1968 på albumet Crown of Creation.[19][21] Sjølv om The Byrds spelte inn «Triad», førte det dristige temaet til at McGuinn og Hillman ikkje ønskte å ha med songen på albumet.[10] Innspelinga deira kom ut i 1987 på samlealbumet Never Before, og sidan som bonusspor på The Notorious Byrd Brothers i 1997.[22][23]

Crosby irriterte òg dei andre medlemmane i The Byrds under konserten deira på Monterey Pop Festival då han heldt lange talar mellom songane om kontroversielle tema, som drapet på John F. Kennedy og fordelane med å gje LSD til «alle statsmenn og politikarar i verda.»[24] Han irriterte vidare bandkollegaene på Montery då han spelte med den rivaliserande gruppa Buffalo Springfield, der han vikarierte for Neil Young.[25]

Aksjane hans i bandet fall ytterlegare då songen hans «Lady Friend» vart gjeven ut som A-sida til ein Byrds-singel i juli 1967, men selde dårleg.[26] Dropen i begeret til McGuinn og Hillman kom då Crosby ikkje møtte opp på fleire av innspelingane for The Notorious Byrd Brothers, og Crosby var etter kort stund ute av bandet, med ein fin avgangspakke og tid til å arbeide tettare med den nye musikalske partnaren sin, Stephen Stills.[10] Det har blitt føreslått at hesten på plateomslaget skulle representere Crosby, men dette er blitt avvist av både McGuinn og Hillman.[27]

Crosby ergra seg stort over at McGuinn og Hillman omarbeidde den uferdige songen hans «Draft Morning» etter han var ute og tok han med på det endelege albumet, og i tillegg førte seg sjølv opp som låtskrivarar i lag med Crosby i prosessen.[28] Crosby deltok på kring halve The Notorious Byrd Brothers og er med på tre av sine eigne songar, i tillegg til «Change Is Now» og «Old John Robertson».[16] Crosby er òg med på fleire av bonusspora på 1997-utgåva, inkludert «Triad», «Universal Mind Decoder» og ein tidleg versjon av «Goin' Back».[29]

Gene Clark vender attende endre

Etter Crosby slutta vart Gene Clark spurt om han ville kome attende til bandet.[13] Clark hadde opphavleg slutta i The Byrds tidleg i 1966 på grunn av flyskrekken sin og hans tendens mot angst og paranoia.[30] Debutplata hans som soloartist (samprodusert av den dåverande Byrdsprodusenten Gary Usher, med både Clarke og Hillman som musikarar) hadde vore ein kritikarsuksess, men selde dårleg, og Clark var fortida utan planar.[31] Gene Clark kom med i The Byrds i oktober 1967 for tre veker, der han og bandet spelte på fjernsynsprogrammet The Smothers Brothers Comedy Hour og mima til «Goin' Back» og «Mr. Spaceman».[12] The Byrds spelte òg fleire konsertar med Clark på ein turné i Midtvesten.[12] Etter den siste konserten deira på turneen, vart flyskrekken til Clark eit problem igjen og det hindra han for å fly til New York med bandkollegaene. Som følgje av dette slutta han i bandet igjen kort tid etter.[12]

Det er omdiskutert blant biografiforfattarar og historikarar kor involvert Clark var i innspelinga av The Notorious Byrd Brothers.[13] Clark sjølv hevda i eit intervju i 1988 at han var med på innspelinga av «Goin' Back» og somme andre songar på den tida, men spesifiserte ikkje kva bidrag det var snakk om.[32] Det er òg studiodokumentasjon og augevitner som indikerer at Clark medverka som korvokalist på «Goin' Back» og «Space Odyssey».[12][13] The Byrds-gitaristen Roger McGuinn hugsa ikkje om Clark medverka på albumet eller ikkje, men innrømde at det var mogeleg.[12] McGuinn har derimot sagt at han skreiv songen «Get to You» med Clark, og at det som står på plateomslaget er feil: det burde sagt McGuinn/Clark, og ikkje McGuinn/Hillman.[12]

Musikk endre

Produksjon endre

Trass i den trøblete starten inneheld albumet noko av den mest vare og eterisk musikken deira, i tillegg til somme av den mest progressive og eksperimentelle.[13] I eit intervju i 2002 sa McGuinn at det var «på eit vis Beatles-inpirert» og siterte albumet deira Revolver som ei inspirasjonskjelde.[33] Tekstane er eit forsøk på å takle tema i samtida som fred, økologi, fridom, dopbruk, framandgjering og kvar mennesket er i universet.[28] Heile albumet representerte høgdepunktet til låtskrivarpartnarskapen til McGuinn–Crosby–Hillman, og tok den musikalske eksperimenteringa til det originale Byrds til det mest ekstreme der dei blanda folkrock, country, psykedelia og jazz, ofte innafor ein enkel song.[3][4][28] Bandet og produsenten Gary Usher brukte og fleire nyskapande produksjonsteknikkar i studio for albumet, særleg kraftig bruk av phasing, lydpanorering og roterande høgtalareffektar.[6][8][34]

 
Moog modular-synthesizer liknande den som vart nytta under innspelinga av The Notorious Byrd Brothers.

Bandet eksperimenterte òg med ein Moog modular-synthesizer på fleire av spora, og The Notorious Byrd Brothers vart derfor eit av dei aller første rockealbuma med dette instrumentet.[7] McGuinn hadde først oppdaga Moog-instrumentet under Monterey Pop Festival, der instrumentskaparen Robert Moog hadde sett opp ein bod for å demonstrere instrumentet for musikarane som spelte på festivalen.[35] Sidan McGuinn var ein slags elektronikkekspert, var McGuinn ivrig etter å eksperimentere med synthesizeren i platestudio. Hillman delte visstnok ikkje denne entusiasmen for instrumentet.[35] Sjølv om McGuinn og Usher spelte Moog-partia på songen «Space Odyssey» sjølve, let dei studiomusikaren Paul Beaver spele instrumentet på resten av albumet.[7][35]

Det var òg første gongen Byrds brukte pedalsteelgitar, spelt av Red Rhodes, på ei innspeling.[9][36] Med pedalsteel og med Clarence White sin countryaktige måte å spele gitar på bana dette veg for countryrockretninga bandet utforska meir på det neste albumet Sweetheart of the Rodeo.[3][5]

Songane endre

Det vart nytta ei blåserekkje på opningssporet på albumet, «Artificial Energy», og er slik sett stilmessig liknande «Lady Friend» og «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», to tidlegare Byrds-songar med blåsarar.[34] Songen omhandlar den mørke sida av amfetaminbruk og det var Chris Hillman som først føreslo at dei skulle «skrive ein song om speed».[3][29] Tittelen vart føreslått av trommeslagaren Michael Clarke, og bidraga hans var nok til at han fekk ein sjeldan låtskrivarkredit.[34] Sjølv om teksten i starten verkar å framheve fordelane med amfetamin, vert soga mørkare i siste verset, då det vert klart at misbrukaren har hamna i fengsel for å ha teke livet av ein homoseksuell mann: «I'm coming down off amphetamine/And I'm in jail 'cause I killed a queen.»[28][37] Sjølv om pressa hadde skulda Byrds for å skrive songar om dopbruk tidlegare, særleg med «Eight Miles High» og «5D (Fifth Dimension)», vart denne songen, som utan tvil omhandlar dopmisbruk, stort sett ignorert av musikkpressa.[3][28]

«Artificial Energy» vert følgd opp av den gripande og nostalgiske Goffin–King-songen «Goin' Back».[2] Med ein klirrande 12-strengs Rickenbackergitar og polerte harmonisong, har biografiforfattaren Johnny Rogan skildra songen som ein skarp kontrast til negativiteten og valden i opningssporet.[5][28] Teksten i songen skildrar eit forsøk frå songaren på å avvise kynismen som kjem når ein er vaksen til fordel for uskulda ein har som barn.[5] Tematisk følgjer tittelen på det førre albumet til The Byrds, Younger Than Yesterday, og pedalsteelgitaren til Red Rhodes gjev songen ein liten smak av country.[29][38]

Ein annan Goffin–King-song, «Wasn't Born to Follow», syner òg påverknad frå country, men filtrert gjennom tendensen bandet hadde til psykedelisk rock og garasjerock.[39] Countryretninga til songen vert understreka av den musikalske dialogen mellom den elektriske gitaren og pedalsteelgitaren.[39] Landsbygdstemninga vert ytterlegare forsterka av teksten som omhandlar trongen til å stikke av og bestemme sjølv, noko som passa godt in med hippie-etosen på den tida.[39][40]

Ein annan song på albumet som omhandlar trongen til å bryte ut frå samfunnsrammene er David Crosby sin «Dolphin's Smile».[41] Songen var eit tidleg døme på Crosby sin hang til å bruke nautiske bilete i songane sine, noko han kom til å gjere fleire gonger seinare, som på «Wooden Ships» og «The Lee Shore».[29] Temaet uhemma idyllisk lukke vert vidare utforska i Hillman-songen «Natural Harmony».[29] Som «Goin' Back» har «Natural Harmony» ein lengsel etter uskulda i ungdomen, men filtrert gjennom dei medvitsgjerande eigenskapane til psykedeliske dop.[28] Somme kommentatorar har skrive at songen er sterkt påverka av skrivestilen til Crosby med ein tilbakelent, jazzaktig kjensle og drøymande, høg tenorsynging.[3][42]

McGuinn- og Hillman-songen «Change Is Now» har ein tekst som rår lyttaren til å leve livet til det fulle, ein karpe diem-filosofi («grip dagen»).[28] Innafor denne konteksten utforskar songen ei rekkje andre tema, som epifenomenalisme, kommunalisme og humanøkologi.[28] Den kvasifilosofiske karakteren til songen gjorde at McGuinn skildra han i 1969 som «enno ein av desse guru-spirituelle-mystiske songane som ingen forstod.»[28] Ei tidleg instrumental innspeling av songen, med den originale arbeidstittelen «Universal Mind Decoder», kom med som bonusspor i 1997 på nyutgjevinga av The Notorious Byrd Brothers.[23] «Change Is Now» er den einaste songen på albumet der både David Crosby og det framtidige Byrds-medlemmet Clarence White spelte i lag på same spor.[29]

«Draft Morning» er ein song om dei fryktelege hendingane i Vietnamkrigen og samstundes ein protest mot verneplikta til amerikanske menn under krigen.[2][43] Songen vart opphavleg skriven av David Crosby, men han fekk sparken frå the Byrds kort tid etter han hadde introdusert songen til resten av bandet.[43] Dei hadde alt byrja å spele inn akkompagnementet til songen då Crosby slutta.[43] Kontroversielt nok valde McGuinn og Hillman å halde fram arbeidet med songen, trass i at låtskrivaren ikkje lenger var til stades.[28] McGuinn og Hillman hadde berre høyrt teksten på songen nokre få gonger, og kunne ikkje hugse alt saman då dei skulle spele inn vokalen. Dei valde derfor å skrive om delar av songen med sin eigen tekst, og førte seg sjølv opp som låtskrivarar i lag med Crosby i prosessen.[3] Dette gjorde Crosby særs sint, sidan han meinte, kanskje med god grunn, at McGuinn og Hillman hadde stole songen hans.[43] Trass i dette vert «Draft Morning» ofte rekna som ein av dei beste songane til David Crosby frå tida hans med The Byrds.[3][13] Teksten følgjer ein nyleg rekruttert soldat frå morgonen han går inn i militæret til han hamnar i krigen og illustrerte slik problemet mange unge amerikanske menn stod ovanfor i 1960-åra.[3][28] Det er nytta mange lydeffektar av krig i songen, som komedietrupppen The Firesign Theatre i Los Angeles laga for gruppa.[29]

Ein annan song av Crosby på albumet, «Tribal Gathering», var i mange år rekna for å ha vore inspirert av Human Be-In: A Gathering Of Tribes, ein motkultur-happening i Golden Gate Park i San Francisco den 12. januar 1967.[3][29] I nyare år har derimot Crosby avslørt at songen i røynda var inspirert av ei anna hippiesamling i Elysian Park nær Los Angeles den 26. mars 1967.[44][45] Songen vert spelt i ein jazz-aktig 5/4-takt, og har eit vokalarrangement som var sterkt inspirert av musikken til The Four Freshmen, ei vokalgruppe Crosby var fan av som ungdom.[44]

Ein annan song på albumet med 5/4-takt, men som stundom går over til 3/4-takt, er McGuinn- og Gene Clark-songen «Get to You».[28] Songen fortel om ei flyreise til London i England, like før hausten set i gang, men kven den mystiske «du» er i songtittelen vert aldri avklart i teksten, og kan tolkast som anten ein ventande kjærast eller sjølve byen London.[28] Sjølv om Clark var medlåtskrivar på songen, hadde han slutta i The Byrds på den tida songen vart spelt inn, og deltek derfor ikkje på songen.[7] Småfin, men ikkje veldig spanande.

«Old John Robertson», som alt var komen ut seks månader tidlegare som B-side til singelen «Lady Friend», var nok ein countryaktig song som peikar fram mot den framtidige countryrockutviklinga til bandet.[1][2] Songen var inspirert av ein pensjonert filmregissør som budde i ein liten by nær San Diego der Hillman voks opp.[29] John S. Robertson var ein eksentrisk person i byen og gjekk ofte rundt i ein Stetson-hatt med ein kvit sykkelstyrebart, som gjorde at han likna på ein karakter frå den ville vesten.[29] I songen hugsar Hillman barna i byen og korleis dei lo av denne fargerike personen, i tillegg til kombinasjonen av respekt og frykt hos folk i byen.[29] Under innspelinga av songen byta Crosby instrument med Hillman, og spelte bass i staden for den vanlege rytmegitaren.[8] I songen vert det òg nytta studioeffektar som phasing og flanging, særleg under det orkesterbaserte mellomspelet og dei påfølgjande versa.[7] Versjonen av «Old John Robertson» på B-sida av singelen «Lady Friend» er ganske annleis miksa enn versjonen som er på The Notorious Byrd Brothers.[3]

Den siste songen på albumet, «Space Odyssey», er ei musikalsk attforteljing av Arthur C. Clarke sin «The Sentinel», som var inspirasjonen for Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey (1968).[29] Det vert nytta mykje Moog modular-synthesizer på albumet med ein bordun og sørgjesong-aktig melodi som kan minna om ein sjanti.[27][35] Sidan «Space Odyssey» kom før 2001: A Space Odyssey, skreiv McGuinn og medlåtskrivaren Robert J. Hippard om ein pyramide som vart funnen på månen, slik som var tilfelle i «The Sentinel».[46] Denne pyramiden vart erstatta av ein rektangulær monolitt i både filmen og den tilhøyrande boka.[47]

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]
Rolling Stone     [48]

The Notorious Byrd Brothers kom ut 15. januar 1968 i USA og 12. april 1968 i Storbritannia.[1][16] Men det finst nokre bevis på at den amerikanske utgjevinga kan ha vore framskunda til 3. januar 1968.[4] Utgjevinga overraska mange fans av bandet, fordi meldingar i pressa på den tida indikerte at albumet enno berre var på planleggingsstadiet.[28] Albumet nådde 47. plassen på Billboard Top LPs-lista og låg på lista i 19 veker. Albumet gjorde det langt betre i Storbritannia, der det nådde 12. plassen og låg 11 veker på lista.[14][15] Biletet på framsida av albumet vart teken av Guy Webster, som òg hadde teke biletet på framsida av Turn! Turn! Turn!.[16] Singelen «Goin' Back» kom ut før albumet, den 20. oktober 1967, og nådde 89. plassen på Billboard Hot 100, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[7] Albumet var det siste Byrds-albumet som kom ut på mono i USA, sjølv om seinare album kom ut i både mono og stereo i forskjellige andre land.[1]

Albumet fekk nesten berre god kritikk då det kom ut og Jon Landau i det nye magasinet Rolling Stone skreiv at «Når The Byrds får det til på plate, er dei alltid glimrande.»[16][28] Landau hylla vidare den musikalske eklektisisme til Byrds og sa: «Musikken deira er besett av ein uendeleg sirkularitet, og ein rik, barneliknande kvalitet. Det er ein tidlausheit der, ikkje i den forstand at du trur muskken deira alltid vil vere aktuell, men i den forstand at han er i stand til å heilt stoppe tidskjensla.»[16] Crawdaddy! var òg entusiastisk og Sandy Pearlman skildra albumet som «fortryllande vakkert».[16] Pete Johnson i Los Angeles Times skreiv «11 gode songar fylte med elektronisk musikk, strykarar, blåsarar, naturlege og overnaturlege stemmer, og den kjende tjukke teksturen i gitarspelinga til McGuinn».[16]

I ei melding for Esquire skreiv Robert Christgau at The Notorious Byrd Brothers er «rett og slett det beste albumet The Byrds har spelt inn».[49] Christgau samanlikna det med Love (Forever Changes) og The Beach Boys (Wild Honey) og sa: «det er vanskeleg å innsjå at så mykje bra kan kome ut frå ein plass [t.d.. Los Angeles].»[49] I Storbritannia gav Record Mirror albumet ei sjeldan fem av fem stjerner og skreiv «Vanskeleg som det var for The Byrds å følgje opp den nesten perfekte Younger Than Yesterday, har dei gjort nettopp det med denne fantastiske plata.»[50] Melody Maker var òg rosande om albumet og skildra det som «Eit vakkert utval, som representerer amerikansk pop på sitt beste»[50]

I 1997 skildra David Fricke i Rolling Stone albumet som «den beste stunda» og «verket til eit stort rock & roll-band, i alle tydingar av det ordet».[4]

Ettermæle endre

Albumet vart i 1971 av lesarane i magasinet ZigZag stemt fram som det fjerde beste albumet gjennom tidene, og i 1977-utgåva av Critic's Choice: Top 200 Albums hamna det på 154. plassen på lista over dei beste rockealbuma gjennom tidene.[51][52] Ei nyare utgåva av boka, frå 1988, rangerte albumet på 75. plassen.[52] I 1995 plasserte musikkmagsinet Mojo albumet på 36. plassen på lista deira over dei 100 beste albuma gjennom tidene.[53] I 2003 hamna det på 171. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene og på 32. plass på NME si liste over dei 100 beste albuma.[54][55] I 2004 sette Q albumet på lista si over «Musikk som endra verda».[56]

Innhald endre

Side ein endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Artificial Energy»Roger McGuinn, Chris Hillman, Michael Clarke2:18
2.«Goin' Back»Carole King, Gerry Goffin3:26
3.«Natural Harmony»Chris Hillman2:11
4.«Draft Morning»David Crosby, Chris Hillman, Roger McGuinn2:42
5.«Wasn't Born to Follow»Carole King, Gerry Goffin2:04
6.«Get to You»Gene Clark, Roger McGuinn (på albumet oppført som Hillman og McGuinn[12])2:39

Side to endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Change Is Now»Chris Hillman, Roger McGuinn3:21
2.«Old John Robertson»Chris Hillman, Roger McGuinn1:49
3.«Tribal Gathering»David Crosby, Chris Hillman2:03
4.«Dolphin's Smile»David Crosby, Chris Hillman, Roger McGuinn2:00
5.«Space Odyssey»Roger McGuinn, Robert J. Hippard3:52

Bonusspor på 1997-utgåva endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Moog Raga» (instrumental)Roger McGuinn3:24
13.«Bound to Fall» (instrumental)Mike Brewer, Tom Mastin2:08
14.«Triad»David Crosby3:29
15.«Goin' Back» (alternativ - første versjon)Carole King, Gerry Goffin3:55
16.«Draft Morning» (alternativ slutt)David Crosby, Chris Hillman, Roger McGuinn2:55
17.«Universal Mind Decoder» (instrumental; songen endar ved 3:32; 4:32 byrjar ein radioreklame som endar ved 5:41; 6:42 byrjar «Dolphin's Smile» [med studiokrangling])Chris Hillman, Roger McGuinn13:45

Medverkande endre

Henta frå So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973), The Notorious Byrd Brothers (33⅓-serien) og CD-heftet.[7][19][29][36]

  • Roger McGuinnvokal, sologitar, Moog synthesizer
  • David Crosby – vokal, rytmegitar på «Change is Now», «Tribal Gathering», «Dolphin's Smile», «Triad» og «Goin' Back» (alternativ); rytmegitar på «Draft Morning», «Bound to Fall» og «Universal Mind Decoder»; vokal, elektrisk bass på «Old John Robertson»
  • Chris Hillman – vokal; elektrisk bass all tracks except «Old John Robertson»; gitar på «Old John Robertson»; mandolin på «Draft Morning»
  • Michael Clarketrommer på «Artificial Energy», «Draft Morning», «Old John Robertson», «Tribal Gathering», «Dolphin's Smile» og «Universal Mind Decoder»
  • Gene Clark – mogeleg korvokal på «Goin' Back» (master) og «Space Odyssey»

Andre medverkande


Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 544–546. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «The Notorious Byrd Brothers review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 «The Notorious Byrd Brothers». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen May 22, 2010. Henta 22. august 2009. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Fricke, David. (1997). The Notorious Byrd Brothers (1997 CD liner notes). 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Goin' Back by The Byrds review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «The Byrds – The Notorious Byrd Brothers SACD review» (PDF). Music Tap. Henta 18. oktober 2010. [daud lenkje]
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 7,8 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 148–153. ISBN 1-90600-215-0. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 113–116. ISBN 0-8264-1717-5. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 117. ISBN 1-90600-215-0. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 228–234. ISBN 0-95295-401-X. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 237–238. ISBN 0-95295-401-X. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 12,7 12,8 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 126–127. ISBN 0-87930-793-5. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 13,7 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 79–83. ISBN 0-8264-1717-5. 
  14. 14,0 14,1 Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955–2001. Hal Leonard Corp. s. 121. ISBN 0-63403-948-2. 
  15. 15,0 15,1 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 16,6 16,7 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 157–158. ISBN 1-90600-215-0. 
  17. «The Byrds Biography». AllMusic. Henta 27. desember 2018. 
  18. 18,0 18,1 «Michael Clarke Biography». AllMusic. Henta 27. desember 2018. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 143–146. ISBN 1-906002-15-0. 
  20. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 266–267. ISBN 0-9529540-1-X. 
  21. «Crown Of Creation review». AllMusic. Henta 27. desember 2018. 
  22. «Never Before review». AllMusic. Henta 27. desember 2018. 
  23. 23,0 23,1 «The Notorious Byrd Brothers (Bonus Tracks) review». AllMusic. Henta 27. desember 2018. 
  24. Selvin, Joel. (1992). Monterey Pop. Chronicle Books. s. 54. ISBN 0-8118-0153-5. 
  25. Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 74–75. ISBN 0-8264-1717-5. 
  26. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 223. ISBN 0-9529540-1-X. 
  27. 27,0 27,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 247–248. ISBN 0-9529540-1-X. 
  28. 28,00 28,01 28,02 28,03 28,04 28,05 28,06 28,07 28,08 28,09 28,10 28,11 28,12 28,13 28,14 28,15 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 240–247. ISBN 0-9529540-1-X. 
  29. 29,00 29,01 29,02 29,03 29,04 29,05 29,06 29,07 29,08 29,09 29,10 29,11 29,12 Rogan, Johnny. (1997). The Notorious Byrd Brothers (1997 CD liner notes). 
  30. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 87–88. ISBN 0-87930-793-5. 
  31. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 112–117. ISBN 0-87930-793-5. 
  32. Larry Wagner (1988). Byrds Gene Clark home video of a great interview (online video) (Videotape). KBSG 97: YouTube. Hendinga finn stad ved 16:30.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  33. Black, Johnny (September 2002). «Roger McGuinn: Twelve-string Driven Thing». Mojo.  Available at Rock's Backpages (krev brukar).
  34. 34,0 34,1 34,2 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 85–87. ISBN 0-8264-1717-5. 
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 124–126. ISBN 0-8264-1717-5. 
  36. 36,0 36,1 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 84–136. ISBN 0-8264-1717-5. 
  37. «Artificial Energy lyrics». The Byrds Lyrics Page. Henta 27. desember 2018. 
  38. Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 91. ISBN 0-8264-1717-5. 
  39. 39,0 39,1 39,2 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 103–104. ISBN 0-8264-1717-5. 
  40. «Wasn't Born to Follow by The Byrds review». AllMusic. Henta 27. desember 2018. 
  41. Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 123. ISBN 0-8264-1717-5. 
  42. Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 93. ISBN 0-8264-1717-5. 
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 97–100. ISBN 0-8264-1717-5. 
  44. 44,0 44,1 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 117–120. ISBN 0-8264-1717-5. 
  45. Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 127. ISBN 1-906002-15-0. 
  46. «Space Odyssey lyrics». The Byrds Lyrics Page. Henta 27. desember 2018. 
  47. «2001: A Space Odyssey». The Worlds of David Darling: Encyclopedia of Science. Henta 27. desember 2018. 
  48. Puterbaugh, Parke. «The Notorious Byrd Brothers review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. februar 2013. Henta 7. november 2010. 
  49. 49,0 49,1 «Robert Christgau: June 1968 column». Robert Christgau: Dean of American Rock Critics. Henta 27. desember 2018. 
  50. 50,0 50,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 167–168. ISBN 1-906002-15-0. 
  51. «1971 Reader's Poll: Best Album Ever», ZigZag (London), December 1971 
  52. 52,0 52,1 «The World Critics Lists – 1977 & 1988». Rocklist.net. Henta 18. oktober 2010. 
  53. «Mojo: The 100 Greatest Albums Ever Made». Rocklist.net. Henta 18. oktober 2010. 
  54. «RS 500 Albums: #171 – The Notorious Byrd Brothers». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. juli 2009. Henta 18. oktober 2010. 
  55. «NME’s 100 Best Albums – 2003». Rocklist.net. Henta 18. oktober 2010. 
  56. «The Music that Changed the World». Rocklist.net. Henta 18. oktober 2010.