Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 14, 2023
Detektivforteljing er ein undersjanger innan kriminallitteratur der ein detektiv eller etterforskar undersøker ei kriminalgåte, gjerne eit mord. Ei slik forteljing er ofte presentert som eit mysterium kring kva som har skjedd. Ulike teikn kring hendinga kan peika mot ein viss mistenkt, men detektiven grev gjerne vidare og avslører kva som eigentleg har skjedd i ein dramatisk finale. Mange slike forteljingar legg vekt på at lesaren skal ha tilgang på dei same peiketrådane som detektiven, slik at også han kan gissa kven som står bak.
Det finst detektivforteljingar frå oldtida, men den moderne detektivsjangeren oppstod på midten av 1800-talet, i lag med sjølve ordet «detektiv». Utviklinga av sjangeren fell saman med industrialisering, der fleire framande folk kom saman i byar, og framveksten av eit moderne politivesen. Les meir …