Detektivforteljing

Detektivforteljing er ein undersjanger innan kriminallitteratur der ein detektiv eller etterforskar undersøker ei kriminalgåte, gjerne eit mord. Ei slik forteljing er ofte presentert som eit mysterium kring kva som har skjedd. Ulike teikn kring hendinga kan peika mot ein viss mistenkt, men detektiven grev gjerne vidare og avslører kva som eigentleg har skjedd i ein dramatisk finale. Mange slike forteljingar legg vekt på at lesaren skal ha tilgang på dei same peiketrådane som detektiven, slik at også han kan gissa kven som står bak.[1]

Sherlock Holmes undersøker støvlane til ein mistenkt i ein illustrasjon til forteljinga «The Boscombe Valley Mystery» frå 1891.

Det finst detektivforteljingar frå oldtida, men den moderne detektivsjangeren oppstod på midten av 1800-talet, i lag med sjølve ordet «detektiv».[2] Han er blitt verande svært populær, særleg i form av romanar.[3] Utviklinga av sjangeren fell saman med industrialisering, der fleire framande folk kom saman i byar, og framveksten av eit moderne politivesen.[4] Helten i ei detektivforteljing kan sjølv vera politi, arbeida saman med politiet, skugga unna frå det eller vera i konflikt med det. I tillegg til politifolk kan helten vera tidlegare politi, privatdetektiv eller ein amatør som av ulike grunnar blir innblanda i kriminelle gåter. Nokre av dei best kjende heltane i detektivlitteratur er C. Auguste Dupin, Sherlock Holmes og Hercule Poirot. Ungdomsforteljingar med Hardy-guttane, Nancy Drew og Mesterdetektiven Blomkvist har også vore på trykk i mange tiår.

Historie endre

Oldtida endre

 
Salomo dømmer. Glasmåleri frå Christ Church cathedral i Dublin.

Nokre forskarar, som R.H. Pfeiffer, har hevda at visse oldtidstekstar liknar det ein seinare ville kalla detektivlitteratur. Til dømes kan ein sjå trekk av ei detektivforteljing i bibelsoga om Salomo sin dom over to kvinner som strir om eit barn, ved å provosera fram ei handling som viser kven den rette mora er.[5][6] I soga om Susanna og dei eldre (rekna til apokryfane i den protestantiske Bibelen), blir vitnemålet til to menn funne å vera falskt når dei blir krysseksaminerte av Daniel. Forfattaren Julian Symons har argumentert mot dette og sagt at «dei som leiter etter stykke av detektivarbeid i Bibelen og Herodot ser berre etter gåter»,[a] og at dette ikkje er detektivforteljingar.[7] I skodespelet Kong Oidipus av den gamle greske dramatikaren Sofokles prøver kong Ødipus å finna ut kven som drap Laios, som var konge før han, og etter å ha spurd fleire vitne finn han ut at det er han sjølv som er skuldig i drapet. Sjølv om «Ødipus si etterforsking byggjer på overnaturlege, før-rasjonelle metodar som er tydelege i dei fleste krim-narrativ før utviklinga av opplysingstida sine tange på 1600- og 1700-talet,[b] har denne soga «alle dei sentrale karakteristikkane og formelle elementa til detektivforteljinga, som eit mysterium kring eit drap, ein slutta krins av mistenkte, og den gradvise avdekkinga av ei fordekt fortid»,[c] ifølgje John Scaggs.[8]

Tidleg arabisk endre

 
Illustrasjon til 'Dei tre epla'.

Tusen og ei natt inneheld fleire av dei eldste detektivforteljingane før den moderne sjangeren blei til.[9] Eit døme er 'Dei tre eplene', ei av sogene Sjeherazad fortel. I denne soga finn ein fiskar ei tung, låst kiste ved elva Tigris, som han sel til abbasidekalifen Harun al-Rashid. Når kalifen bryt open kista finn han liket til ei ung kvinne skore opp i bitar. Harun gjev vesiren sin Ja'far ibn Yahya ordre om å løysa brotsverket og finna mordaren innan tre dagar, eller sjølv bli avretta om han mislukkast.[10] Soga får spenning gjennom fleire plutselege endringar (plot twists) undervegs.[11] Desse eigenskapane gjer at ho kan reknast som ein arketyp for ei detektivforteljing.[12] Han går føre den omvende kronologien som ofte blir nytta i moderne detektivforteljingar, der soga byrjar med ei kriminell handling som er utført før ein byrjar ein gradvis rekonstruksjon av kva som har hendt.[9]

Ein hovudskilnad mellom Ja'far i 'Dei tre eplene' og seinare oppdikta detektivar, som Sherlock Holmes og Hercule Poirot, er at Ja'far ikkje har eit eige ønske om å løysa saka. Mysteriet blir løyst når drapsmannen tilstår sjølv.[13] Dette leier til eit nytt oppdrag der Ja'far må finna personen som forårsaka drapet, eller sjølv bli avretta. Igjen klarer ikkje Ja'far å finna den skuldige før tidsfristen, men ved hell oppdagar han ein viktig gjenstand, og klarer å løysa saka gjennom si eiga overveging slik at han unngår avrettinga.[14]

To andre soger frå Tusen og ei natt, 'Kjøpmannen og tjuven' og «Ali Khwaja», inneheld også to av dei eldste oppdikta detektivane som finn spor og presenterer prov for å fanga eller dømma ein kriminell, med ei forteljing som går føre seg i kronologisk orden og med den skuldige allereie kjend for publikum. Den sistnemnde soga har eit klimaks der hovudpersonen Ali Khwaja legg fram prov frå ekspertvitne i retten.

Tidleg kinesisk endre

 
Statue av Bao Gong, rekna som ein rettvis embetsmann og ein modell for kinesiske detektivforteljingar.

Gong'an-forteljingar (公案小说, bokstaveleg 'saksdokument frå ein offentleg rett') er den eldste kjende sjangeren med kinesiske detektivforteljingar.

Nokre kjende soger er 'Kritsirkelen' ( ) frå Yuan-dynastiet, samlinga Bao Gong An () frå Ming-dynastiet og Di Gong An () frå 1700-talet. Sistnemnde samling blei omsett til engelsk som Celebrated Cases of Judge Dee av den nederlandske sinologen Robert Van Gulik, som så brukte same stil og figurar til å skriva serien om Judge Dee på 1900-talet.

Helten eller detektiven i desse sogene var typisk ein tradisjonell dommar eller tilsvarande embetsmann, basert på historiske personar som dommar Bao (Bao Qingtian) eller dommar Dee (Di Renjie). Medan dei historiske personane kan ha levde i ein tidlegare periode, som Song- eller Tang-dynastiet, blei dei fleste sogene skrivne i sein Ming- eller Qing-perioden.

Desse romanane skil seg frå den vestlege tradisjonen på fleire punkt, som skildra av Van Gulik:[15]

  • Detektiven er ein lokal magistrat som vanlegvis er innblanda i fleire saker utan samanheng med kvarandre samtidig;
  • Ugjerningsmannen blir introdusert ved byrjinga av kvar forteljing, og brotsverket og grunnlaget for det er nøye forklart, slik at forteljinga blir ei omvend detektivforteljing meir enn eit mysterium;
  • Sogene har overnaturlege element der skrømt kan fortelja folk om dødsfalla sine og tilmed anklaga den skuldige;
  • Forteljingane kan innehalda digresjonar til filosofi, komplette tekstar av offisielle dokument og anna, slik at bøkene blir lange;
  • Romanane har ofte store karaktergalleri, gjerne med hundretals namn, som alle blir skildra i høve til hovudkarakterane i soga.

Tidleg vestleg tradisjon endre

 
Illustrasjon til «The Murders in the Rue Morgue» av Edgar Allan Poe.

Eit av dei eldste døma på detektivforteljingar i vestleg litteratur er Zadig (1748) av Voltaire, med ein hovudfigur som utfører imponerande analysar.[16] Things as They Are; or, The Adventures of Caleb Williams (1794) av William Godwin skildrar eit rettssystem som vernar om mordaren og øydelegg den uskuldige.[17] Thomas Skinner Sturr sitt anonyme verk Richmond, or stories in the life of a Bow Street officer kom ut i London i 1827; den danske krimforteljinga Præsten i Veijbye av Steen Steensen Blicher blei skriven i 1829, og den norske krimromanen Mordet paa Maskinbygger Roolfsen av Maurits Hansen kom ut i desember 1839.

«Das Fräulein von Scuderi» er ei novelle av E.T.A. Hoffmann frå 1819 der Mlle de Scudery slår fast at politiet sin favorittmistenkte for drapet på ein juveler er uskuldig. Denne soga er nokre gongar blitt kalla den fyrste detektivforteljinga, og som ein direkte påverknad på Edgar Allan Poe si «The Murders in the Rue Morgue» frå 1841.[18] Ein annan føreslått påverknad på Poe er «The Secret Cell», ei novelle gjeven ut i september 1837 av William Evans Burton. Poe kan ha kjent til novella ettersom han arbeidde for Burton i 1839.[19] Novella handlar om ein politimann som løyser mysteriet kring ei kidnappa jente. Detektiven i forteljinga til Burton nytta praktiske metodar, som lokale undersøkingar, kjennskap til underverda og løynd overvaking, heller enn stort intellekt eller ein veldig fantasi.

Engelsk sjangergrunnlegging endre

Engelskspråklege detekivforteljingar er rekna for å ha byrja i 1841 med Poe si «The Murders in the Rue Morgue»,[16] der ein møtte «the first fictional detective, the eccentric and brilliant C. Auguste Dupin». Då figuren fyrst opptredde var ikkje ordet detective i bruk i engelsk; men namnet til figuren, «Dupin», kom frå det engelske ordet dupe eller 'villeiing'.[20] Poe laga ei «plott-oppskrift som har hatt suksess sidan, med nokre få ulike variablar lagt til eller trekt frå.»[d][21] Poe følgde opp med fleire forteljingar om Auguste Dupin: «The Mystery of Marie Rogêt» i 1842 og «The Purloined Letter» i 1844.

William Russell (1806–1876) var ein av dei fyrste engelske forfattarane til å skriva oppdikta «politimemoar».[22] Han skreiv ein serie soger (under pseudonymet Waters) som kom ut med ujamne mellomrom i Chambers's Edinburgh Journal mellom 1849 og 1852. Tolv av dei blei gjevne ut i boka Recollections of a Detective Police-Officer som kom ut i London i 1856.[23]

 
Illustrasjon frå Bleak House av Charles Dickens.

Ifølgje litteraturkritikaren Catherine Ross Nickerson skapte Louisa May Alcott det nest eldste verket innan moderne detektivlitteratur, etter Poe sine soger om Dupin, med novella «V.V., or Plots and Counterplots» frå 1865. Alcott gav ut denne teksten anonymt, og tok for seg ein skotsk aristokrat som prøver å visa at ei mystisk kvinne har drepe den trulova kusina hans. Detektiven i dette høvet, Antoine Dupres, er ein parodi på Auguste Dupin som er mindre oppteken av å løysa mysteriet og meir av å stella til ei dramatisk framlegging av løysinga. Ross Nickerson peiker på at mange amerikanske forfattarar som eksperimenterte med sjangerreglane fastlagde av Poe var kvinner, som fann opp ein undersjanger av heimleg detektivlitteratur som bløma som sin eigen sjanger i fleire generasjonar. Blant desse var Metta Fuller Victor sine to romanar The Dead Letter (1867) og The Figure Eight (1869).[24] The Dead Letter er det fyrste dømet på amerikansk kriminallitteratur i lang form.[25]

Émile Gaboriau var ein pioner innan detektivlitteratursjangeren i Frankrike. I Monsieur Lecoq (1868) er tittelfiguren flink til å forkle seg, eit typisk trekk ved mange detektivar.[26] Gaboriau er også rekna som å ha det fyrste dømet på ein detektiv som nøye studerer ein åstad for å finna spor.[27]

Charles Dickens har eit mordmysterium som biplott i romanen Bleak House (1853). Advokaten Tulkinghorn blir drepen på kontoret sitt ein sein kveld, og mordet blir etterforska av Inspector Bucket frå Metropolitan police. Fleire figurar hadde vore i trappa som leia til Tulkinghorn sitt kontor den kvelden, nokre av dei i forkleding, og Inspector Bucket må finna ut av desse mysteria for å finna mordaren. Dickens let også etter seg ein ufullendt roman med eit forsvinningsmysterium då han døydde, The Mystery of Edwin Drood.[28][29]

 
«I went to the cabinet. The drawer was empty.» Illustrasjon til The Moonstone av Wilkie Collins.

Wilkie Collins (1824–1889) er av og til blitt kalla bestefaren til engelsk detektivlitteratur, og skal ha skrive den fyrste store mysterieromanen med The Woman in White. T. S. Eliot kalla romanen hans The Moonstone (1868) «the first, the longest, and the best of modern English detective novels... in a genre invented by Collins and not by Poe»,[30] og Dorothy L. Sayers kalla henne «truleg den aller beste detektivforeljinga nokonsinne skriven.»[e][31] The Moonstone inneheld fleire idear som blei ein viktig del av detektivsjangeren på 1900-talet:

  • Ei kriminell handling i eit engelsk herskapshus
  • Hjelp frå innsida
  • Villeiing
  • Ein kjend, talentrikt og professionell etterforskar
  • Dårleg lokalt politi
  • Detektivundersøkingar
  • Mange feil mistenkte
  • Den minst venta mistenkte er skuldig
  • Eit låst rom-drap
  • Ein rekonstruksjon av brotsverket
  • Ein uventa slutt

Anna Katharine Green debuterte med The Leavenworth Case i 1878, og populariserte sjangeren blant mellomklasselesarar. Green bidrog til å forma sjangeren inn i si klassiske form, og utvikla ideen om ein detektivserie.[32][33]

I 1887 skapte Arthur Conan Doyle detektiven Sherlock Holmes, som er blitt nær synonymt med ein oppdikta, briljant detektiv. Conan Doyle sa han var inspirert av dr. Joseph Bell, som Doyle hadde arbeidd for ved Edinburgh Royal Infirmary. På same vis som Holmes var Bell kjend for å trekka store konklusjonar frå små observasjonar.[34] Holmes er kjend for intelligensen sin og evna til å nytta observasjon, deduksjon og kriminalteknikk for å løysa vanskelege saker. Conan Doyle skreiv fire romanar og femtiseks noveller om Holmes, med alle utanom fire fortalde av venen, assistenten og biografen hans dr. Watson.

Gullalder endre

 
Hercule Poirot-forteljing i The American Magazine frå 1933.

Mellomkrigstida (1920- og 1930-talet) er blitt kalla gullalderen for detektivlitteratur.[35] På denne tida skreiv ei mengd særs populære forfattarar detektivforteljingar. Fleire av dei var kvinner, som Agatha Christie, Dorothy L. Sayers, Josephine Tey, Margery Allingham og Ngaio Marsh.[35] Bortsett frå newzealandske Ngaio Marsh var alle desse britar.

Mange av dei mest populære bøkene frå gullalderen var skrivne av Agatha Christie. Ho skreiv lange bokseriar med detektivar som Hercule Poirot, Miss Marple og fleire andre. Suksessen hennar er tillagd bruken hennar av komplekse mysterium «combined with her stereotyped characters and picturesque middle-class settings.».[36] Nokre av verka til Christie er Murder on the Orient Express (1934), Death on the Nile (1937), Three Blind Mice (1950) og And Then There Were None (1939).

Hardkokt endre

Mot slutten av 1920-talet skapte Al Capone og mafiaen i USA ikkje berre frykt, men også nyfikenheit kring den kriminelle underverda. Populære såkalla pulp-blad som Black Mask tente på dette, med soger av forfattarar som Carrol John Daly som fokuserte på vald og urettvise kring dei kriminelle, ikkje så mykje på omstenda kring dei kriminelle handlingane. Ofte fanst det ikkje noka verkeleg gåte å løysa – forteljingane fokuserte ganske enkelt på å oppnå rettvise, på brutalt vis om det var nødvendig, gjerne skildra i detalj.[21]

På 1930-talet tok fleire amerikanske forfattarar opp privatdetektivsjangeren. Ein av dei viktigaste bidragsytarane til sjangeren var Dashiell Hammett med detektivfiguren Sam Spade.[37] Krimstilen hans blei kalla hardboiled, eller hardkokt. Han føregjekk i eit moderne, urbant miljø blant anonyme framande,[38] og blei skildra i krast språk med kjenslelause detektivar som heltar.[21]

Mot slutten av 1930-talet oppdaterte Raymond Chandler sjangeren med privatdetektiven Philip Marlowe, som gav helten ei meir intim stemme enn den meir distanserte stilen til Hammett.[39] James Hadley Chase skreiv nokre romanar med privatdetektivar som hovudpersonar, som Blonde's Requiem (1945), Lay Her Among the Lilies (1950) og Figure It Out for Yourself (1950). Heltane i desse sogene var svært like dei til Chandler.[40]

Privatdetektivromanen var lenge eit mannsdominert felt, men forfattarar som Marcia Muller, Sara Paretsky og Sue Grafton blei endeleg gjevne ut frå slutten av 1970-talet. Desse hadde kvinnelege detektivar som både var smarte og fysisk sterke.[41] Suksessen deira gjorde at forlag byrja sjå etter fleire kvinnelege forfattarar.

Detektivforteljingar i ulike kulturar endre

Engelskspråklege detektivforteljingar er blitt omsette til ei rekkje ulike språk, og har inspirert mange lokale variantar.

Italia endre

I Italia var engelske og amerikanske bøker i sjangeren så populære at lokale forfattarar gjerne skreiv under engelsk-klingande pseudonym. Etterkvart blei det skrive meir lokale tekstar som spegla realitetane i ulike italienske miljø, som Alessandro Varaldo med forteljingar som føregjekk i Roma, Giorgio Scerbanenco med Duca Lamberti i Milano, Loriano Macchiavelli med Antonio Sarti i Bologna og Andrea Camilleri med Salvo Montalbano på Sicilia.[42]

Japan endre

Edogawa Rampo var den fyrste viktige moderne krimforfattaren i japansk litteratur, og grunnla Detektivforteljingklubben i Japan (seinare Krimforfattarar i Japan).[43] Rampo beundra vestleg krimlitteratur, og tok pennenamnet sitt frå Edgar Allan Poe. Han blei kjend tidleg på 1920-talet, då han byrja skriva innan sjangeren med mange bisarre, erotiske og tilmed fantastiske element. Dette kan delvist knytast til sosiale spenningar før andre verdskrigen.[44] Seicho Matsumoto vann Krimforfattarar i Japan-prisen i 1957 for novella 'Andletet' (, kao). Denne novella og seinare verk av Matsumoto byrja «samfunnsskulen» (社会派, shakai ha) innan sjangeren, som la vekt på sosial realisme, skildra krim i vanlege miljø og plasserte motiv i ein vidare kontekst av sosial urettvise og politisk korrupsjon.[44] Sidan 1980-talet har ei «ny-tradisjonalistisk» rørsle vokse fram i Japan, kjend som «den nye ortodokse skulen» (新本格派 shin honkaku ha), med krav om bruk av klassiske reglar for detektivforteljingar og meir sjølvreflekterande element. Nokre kjende namn innan denne rørsla er Soji Shimada, Yukito Ayatsuji, Rintaro Norizuki, Alice Arisugawa, Kaoru Kitamura og Taku Ashibe.

Kina i moderne tid endre

I den kinesiske gullalderen for krim (1900–1949) blei omsetjingar av vestlege klassikarar ogo lokalt skrivne kinesiske detektivforteljingar[45] spreidde innan landet. Cheng Xiaoqing blei fyrst kjent med Conan Doyle sine populære detektivforteljingar i ungdommen. I åra som følgde spelte han ei viktig rolle i å formidla dei fyrst på klassisk kinesisk og seinare på folkespråket. Omsetjingane hans introduserte ein ny forteljingsstil til kinesisk litteratur som gjerne la vekt på «individualitet, likestilling og kunnskap».[46] Den nye stilen blei populær, og Cheng Xiaoqing skreiv etterkvart sin eigen detektivroman, 'Sherlock i Shanghai'.[47] Mot slutten av 1910-talet byrja Cheng å skriva detektivforteljingar som mykje likna stilen til Conan Doyle, med Bao Long som ein Watson-aktig forteljar[47] og Huo Sang som «den orientalske Sherlock Holmes».[45]

Noreg endre

 
Framsida til den fyrste forteljinga om Knut Gribb. Teikning av Sverrer Knudsen. Frå Lys og Skygge nr. 1, 1908.

Mordet paa Maskinbygger Roolfsen av Maurits Hansen frå 1839–1840 er eit svært tidleg døme på ei detektivforteljing, og kom ut før Poe sine kjende historier. Sjangeren blei etablert i Noreg på 1900-talet, med blad som Detektiv-Magasinet, heltar som Knut Gribb og forfattarar som Sven Elvestad (med pseudonymet Stein Riverton). Rivertonklubben vigd kriminallitteratur blei kalla opp etter han. På andre halvdel av 1900-talet blei det skipa fleire norske seriar med detektivromanar, til dømes av Tor Edvin Dahl med til dømes presten Pernille som etterforskar og Groruddalens Gribber for barn, Gunnar Staalesen som særleg er kjend for Varg Veum, Anne Holt med Hanne Wilhelmsen, Jo Nesbø med Harry Hole, Jørn Lier Horst med William Wisting, Karin Fossum med Konrad Sejer og Unni Lindell med Cato Isaksen.[48]

Regionale forteljingar og subkulturar endre

I USA har detektivforteljingar frå 1960-talet av vore ein måte for forfattarar å dela trekk frå ulike minoritets- og subkulturar med eit allment publikum. Ein forskar har skrive om detektivromanane til Tony Hillerman, som går føre seg blant urfolk i og rundt New Mexico, at «mange amerikanske lesarar har truleg fått meir innsikt i tradisjonell navahkulturo frå hans detektivforteljingar enn frå nokre andre nylege bøker.»[f][49] Andre forfattarar som har teke for seg særskilde regionale og etniske samfunnsgrupper er Harry Kemelman, med ein serie om Rabbi Small som går føre seg blant konservative jødar i Massachusetts; Walter Mosley, med bøker om Easy Rawlins som går føre seg blant afroamerikanarar i Los Angeles på 1950-talet, og Sara Paretsky, med bøker om V.I. Warshawski som utforskar ulike subkulturar i Chicago.

Britiske detektivforteljingar er også blitt meir regionale, med Reginald Hill sin duo Pascoe og Dalziel og Peter Robinson sin inspector Banks plasserte i Yorkshire, Ian Rankin sin inspector Rebus i Edinburgh og mange av verka til Val McDermid i Manchester.[50]

Ulike medium endre

Ei rekkje detektivforteljingar er blitt omdanna til høyrespel, filmar og tv-seriar, og dette har bidrege til populariteten til heile sjangeren. Nokre døme er P. D. James sin diktar-detektiv Adam Dalgliesh, Ruth Rendell sin inspector Wexford og Colin Dexter sin inspector Morse.[50]

Merknadar endre

  1. Opphavleg sitat: «those who search for fragments of detection in the Bible and Herodotus are looking only for puzzles»
  2. «Oedipus's enquiry is based on supernatural, pre-rational methods that are evident in most narratives of crime until the development of Enlightenment thought in the seventeenth and eighteenth centuries»
  3. «all of the central characteristics and formal elements of the detective story, including a mystery surrounding a murder, a closed circle of suspects, and the gradual uncovering of a hidden past»
  4. «plot formula that's been successful ever since, give or take a few shifting variables.»
  5. «probably the very finest detective story ever written.»
  6. «many American readers have probably gotten more insight into traditional Navajo culture from his detective stories than from any other recent books.»

Kjelder endre

  1. «Detective story | Definition, Elements, Examples, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 12. mars 2023 
  2. «detective, adj. and n.». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005. Henta 12. mars 2023.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  3. Michael, Cox (1992). Victorian Tales of Mystery and Detection: An Oxford Anthology. Oxford University Press. ISBN 978-0192123084. 
  4. «A Brief History of Detective Fiction», Novel Suspects (på engelsk), 16. januar 2021, henta 12. mars 2023 
  5. Joachimsen, Kristin (1. juli 2021). «salomonisk dom». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. Stuart Lasine, "Solomon, Daniel, and the Detective Story: The Social Function of a Literary Genre", Hebrew Annual Review 11 (1987), pp. 247–66.
  7. Scaggs, John (2005). Crime Fiction (The New Critical Idiom). Routledge. s. 8. ISBN 978-0415318259. 
  8. Scaggs, John (2005). Crime Fiction (The New Critical Idiom). Routledge. s. 9–11. ISBN 978-0415318259. 
  9. 9,0 9,1 Gerhardi, Mia I. (1963). The Art of Story-Telling. Brill Archive. s. 169–170. 
  10. Pinault, David (1992), Story-Telling Techniques in the Arabian Nights, Brill Publishers, s. 86–91, ISBN 978-90-04-09530-4 
  11. Pinault, David (1992), Story-Telling Techniques in the Arabian Nights, Brill Publishers, s. 93, 95, 97, ISBN 978-90-04-09530-4 
  12. Pinault, David (1992), Story-Telling Techniques in the Arabian Nights, Brill Publishers, s. 91, ISBN 978-90-04-09530-4 
  13. Pinault, David (1992), Story-Telling Techniques in the Arabian Nights, Brill Publishers, s. 91–92, ISBN 978-90-04-09530-4 
  14. Pinault, David (1992), Story-Telling Techniques in the Arabian Nights, Brill Publishers, s. 96–97, ISBN 978-90-04-09530-4 
  15. Gulik, Van (1976). Celebrated Cases of Judge Dee. Dover Publications. s. 1–237. ISBN 978-0486233376. 
  16. 16,0 16,1 Silverman, Kenneth (1991), Edgar A. Poe: Mournful and Never-ending Remembrance (Paperback utg.), New York: Harper Perennial, s. 171, ISBN 978-0-06-092331-0 
  17. Clifford, Gay (1977). «1Caleb Williams and Frankenstein: First-Person Narratives and "Things as They Are"». Genre: 601–617. 
  18. Booker, Christopher (2004). The Seven Basic Plots. Bloomsbury Academic. s. 507. ISBN 978-0826480378. 
  19. Sims, Michael (2011). The Dead Witness: A Connoisseur's Collection of Victorian Detective Stories. Walker Books. s. 2–3. ISBN 978-0802779182. 
  20. «A History of Detective Fiction: Literary Origins». www.librarypoint.org (på engelsk). Henta 29. mars 2018. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Kismaric, Carole and Heiferman, Marvin. The Mysterious Case of Nancy Drew & The Hardy Boys. New York: Simon & Schuster, 1998. s. 56. ISBN 0-684-84689-6
  22. Saunders, Samuel (2018). «'To Pry Unnecessarily into Other Men's Secrets': Crime Writing, Private Spaces and the Mid-Victorian Police Memoir». Law, Crime and History 1. Henta 4 May 2021. 
  23. «Mysterious Waters». The Bookhunter on Safari. 4 June 2015. Henta 4 May 2021. 
  24. Ross Nickerson, Catherine (2010). «4: Women Writers Before 1960». I Catherine Ross Nickerson. The Cambridge Companion to American Crime Fiction. Cambridge University Press. s. 29–41. ISBN 978-0-521-13606-8. 
  25. Orso, Miranda (2002). «Victor, Metta Victoria Fuller». Arkivert frå originalen 15. mai 2013. Henta 4. november 2013. 
  26. Bonnoit, R: Émile Gaboriau ou la Naissance du Roman Policier, Paris: Librairie Philosophique J Vrin, 1985, s. 198
  27. Gunning, Tom (2005). «Lynx-Eyed Detectives and Shadow Bandits: Visuality and Eclipse in French Detective Stories and Films before WWI». Yale French Studies (108): 74–88. JSTOR 4149299. doi:10.2307/4149299. 
  28. Kate Dickens Perugini (1906), "Edwin Drood and the Last Days of Charles Dickens", Pall Mall Magazine, Vol. 37.
  29. Dubberke, Ray (1989). Dickens, Drood and the Detectives. Todd & Honeywell. ISBN 978-0899628264. 
  30. David, Deirdre (2013). The Cambridge Companion to the Victorian Novel. Cambridge University Press. s. 179. ISBN 978-0521182157. 
  31. Hall, Sharon K (1979). Twentieth century literary criticism. s. 531. University of Michigan
  32. Ross Nickerson, Catherine (2010). «4: Women Writers Before 1960». I Catherine Ross Nickerson. The Cambridge Companion to American Crime Fiction. Cambridge University Press. s. 29–41. ISBN 978-0-521-13606-8. 
  33. Grondahl, Paul (15. januar 1995). «Secret to longevity? Elementary, for Holmes while the Master happily tends bees in the Sussex countryside, his fans each January 6 fete him on his birthday». The Times Union (Colonie, New York: George Randolph Hearst III). Henta 8. januar 2013. 
  34. Lycett, Andrew (2007), The Man Who Created Sherlock Holmes: The Life and Times of Sir Arthur Conan Doyle, Free Press, s. 53–54, 190, ISBN 978-0-7432-7523-1 
  35. 35,0 35,1 «P.D. James: Who killed the golden age of crime?». The Spectator (på engelsk). 14. desember 2013. Henta 29. mars 2018. 
  36. Bernthal, J. C. (2016). Queering Agatha Christie: Revisiting the Golden Age of Detective Fiction (på engelsk). Springer. s. 1–24. ISBN 978-3-319-33533-9. 
  37. Messent, P. (2006). Introduction: From private eye to police procedural – the logic of contemporary crime fiction
  38. Messent, P. (2006). Introduction: From private eye to police procedural – the logic of contemporary crime fiction
  39. Beal, Wesley (2014). «Philip Marlowe, Family Man». College Literature 2014 (2): 11–28. doi:10.1353/lit.2014.0021. 
  40. Pristed, Birgitte Beck (2013). «Glasnost Noire: The Soviet and Post-Soviet Publication and Reception of James Hadley Chase». Book History 16 (1): 329–363. doi:10.1353/bh.2013.0000. 
  41. Nora, Martin (1996). "In the business of believing women's stories": Feminism through detective fiction (Sara Paretsky, Sue Grafton) (Thesis) (på engelsk). Wilfrid Laurier University. 
  42. Mullen, Anne (2002). «Detective Fiction» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-818332-7. doi:10.1093/acref/9780198183327.001.0001/acref-9780198183327-e-1091?rskey=wmefqk&result=3. 
  43. «Japan's first detective story was published in 1889». Red Circle Authors. 15. april 2021. Arkivert frå originalen 11. august 2020. 
  44. 44,0 44,1 Manji, Gonda (1. april 1993). «Crime Fiction with a Social Consciousness». Japan Quarterly 40 (2): 157.  ProQuest 1304283380
  45. 45,0 45,1 Kinkley, Jeffrey C. (2000). Chinese Justice, the Fiction: Law and Literature in Modern China. Stanford University Press. ISBN 978-0804734431. 
  46. Ping, Zhang (13. oktober 2005). «Sherlock Holmes in China». Perspectives 13 (2): 106–114. ISSN 0907-676X. doi:10.1080/09076760508668979. 
  47. 47,0 47,1 Cheng, Xiaoqing (2007). Sherlock in Shanghai : stories of crime and detection. Sett om av Wong, Timothy C. Honolulu: University of Hawai'i Press. ISBN 978-0824864286. OCLC 256676525. 
  48. Skei, Hans H. (23. januar 2023). «krim – litteratur». Store norske leksikon (på norsk). 
  49. "Canonization, Modern Literature, and the Detective Story, John G. Cawelti, from Theory and practice of classic detective fiction, Jerome Delamater, etc., Hofstra University, 1997, s. 8
  50. 50,0 50,1 Birch, Dinah, red. (2009). «detective fiction». The Oxford Companion to English Literature (på engelsk) (7. utg.) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-280687-1. doi:10.1093/acref/9780192806871.001.0001/acref-9780192806871-e-2144?rskey=wmefqk&result=7. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Detektivforteljing
  • Bloody Murder: From the Detective Story to the Crime Novel – A History av Julian Symons ISBN 0571094651
  • Stacy Gillis and Philippa Gates (red.), The Devil Himself: Villainy in Detective Fiction and Film, Greenwood, 2001. ISBN 0313316554
  • The Manichean Investigators: A Postcolonial and Cultural Rereading of the Sherlock Holmes and Byomkesh Bakshi Stories av Pinaki Roy, New Delhi: Sarup and Sons, 2008, ISBN 978-8176258494
  • Killer Books av Jean Swanson & Dean James, Berkley Prime Crime edition 1998, Penguin Putnam Inc. New York ISBN 0425162184
  • Delightful Murder: A Social History of the Crime Story av Ernest Mandel, 1985. Univ. of Minnesota Press.
  • Clifford's War: The Bluegrass Battleground av J. Denison Reed ISBN 978-1737164029