Opna hovudmenyen
Irsk infanteri under første verdskrigen.

Infanteri er ei våpenart som består av soldatar som hovudsakleg kjempar til fots. Opphavleg var infanteriet ei av to forskjellige våpenarter; den andre var kavaleriet. Etter kvart som det har kome fleire og fleire nye våpenarter har det relativt sett vorte færre infanteristar, men i dag er infanteriet framleis den viktigaste våpenarten. Dei fleste væpna styrkar i historia har vorte bygd rundt ei kjerne av infanteri. Desse soldatane har brukt sine eigne føter for transport til slagfeltet og for taktiske rørsler.

Infanteri har historisk vore delt opp i lett infanteri og tungt infanteri. I dag vert infanteriet gjerne delt opp etter korleis dei forflyttar seg: Luftmobilt infanteri, motorisert infanteri, marineinfanteri og anna. Tidlegare slost infanteriet med hand- og prosjektilvåpen, til dømes spyd og boge. I dag er dei sett opp med automatgevær og maskingevær i tillegg til ei rekkje spesialvåpen for å kjempe mot trugslar frå til dømes stridsvogner og fly. Les meir …