Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 15, 2023
Muskettkrigane var ein serie av så mange som 3 000 kamphandlingar og raid utkjempa over heile New Zealand så vel som på Chathamøyane mellom maoristammar mellom 1807 og 1845. Dei fann stad etter at maoriar først fekk tilgang til muskettar og dermed tok del i eit våpenkapplaup mellom stammane for å vinna territorium eller få hemn over tidlegare nederlag. Kampane resulterte i tap av mellom 20 000 og 40 000 menneskeliv, tilfangetaking av titusentals maoriar og betydeleg endring av territoriale grenser mellom rohe, eller stammeområde, før koloniale styresmakter greip inn på 1840-talet.
Den auka bruken av muskettar i krigshandlingar mellom maoristammar førte til endringar i utforminga av befesta budstadsområde (pā), noko som seinare kom til nytte for maoriar då dei kjempa mot kolonistyrkar under Newzealandkrigane. Les meir …