Muskettkrigane (engelsk Musket Wars) var ein serie av så mange som 3 000 kamphandlingar og raid utkjempa over heile New Zealand medrekna Chathamøyane mellom rivaliserande maoristammar i perioden 1807–1845. Konfliktane tok til etter at maoriar fekk tilgang til muskettar og sette i gang eit våpenkapplaup for å vinna territorium eller få hemn over tidlegare nederlag.[1] Kampane førte med seg tap av mellom 20 000 og 40 000 menneskeliv, fleire titusen maoriar vart tatt til fange og det resulterte i monalege endringar av territoriale grenser mellom rohe, eller stammeområde, før koloniale styresmakter greip inn på 1840-talet.[2][3]

Muskettkrigane

Krigskanoen til Ngāpuhi-hovdingen Hongi Hika under Muskettkrigen, teikna av ein ukjend kunstnar i 1860-åra.
Dato 1807-1842
Stad New Zealand New Zealand
Krigsårsak Stammekonfliktar
Resultat Endring av territoriale grenser mellom ulike stammar.
Tap
Opp til 30000 maoriar
1636 moriori
30000 tekne som fangar, gjort til slavar eller tvinga til å flytta

Den auka bruken av muskettar i krigshandlingar mellom maoristammar førte til endringar i utforminga av -festningsverk, noko som seinare kom til nytte for maoriar då dei kjempa mot kolonistyrkar under New Zealand-krigane.

Ansvaret for starten på muskettkrigane vert vanlegvis tillagt høvdingen i iwien Ngā Puhi, Hongi Hika, som i 1818 brukte nyskaffa muskettar for å setja i gang øydeleggjande åtak frå basen sin i Northland til Bay of Plenty, der lokale maoriar framleis leit på tradisjonelle våpen, laga av tre og stein. Dei følgjande åra føretok han like vellukka raid mot iwiar i Auckland, Thames, Waikato og Rotoruasjøen,[2] tok talrike av fiendane sine til fange, og gjorde dei til slavar som vart sette til å dyrka og handsama Phormium-plantar for å byta til seg fleire muskettar frå europearane. Denne suksessen fekk andre iwiar til å skaffa seg eldvåpen for å kunna forsvara seg betre og avskrekka andre. Valdsspiralen tiltok og nådde toppen i 1832 og 1833, og hadde på dette tidspunktet spreidd seg til alle delar av landet, utanom innlandet på Nordøya, seinare kjent som King Country, og andre avsides bukter og dalar i FiordlandSørøya. I 1835 gjekk kampane til havs, då Ngāti Mutunga og Ngāti Tama sette i verk øydeleggjande raid mot det fredsvenlege moriorifolketChathamøyane.

Opphav og opptrapping av krigshandlingane endre

 
Maorikrigsdans måla av Joseph Jenner Merrett (1816-1854)

Maoriane byrja å skaffa seg europeiske muskettar tidleg på 1800-talet frå Sydney-baserte Phormium- og tømmerhandlarar. Fordi dei tidlegare aldri hadde hatt prosjektilvåpen, var dei frå først av interesserte i rifler til jaktbruk. Den første kjende bruken av muskettar i stammekrig var i 1807, kampane ved Moremonui mellom Ngā Puhi og Ngāti Whātua i Northland, nær dagens Dargaville. Sjølv om dei hadde nokre muskettar, streva krigarane frå Ngā Puhi slik med lading og oppatt-lading at dei vart nedkjempa av ein fiende som berre var utstyrte med tradisjonelle våpen, klubber og knivar, kjende som patu og taiaha. Ikkje lenge etter leid medlemmer av Ngāti Korokoro hapū i Ngā Puhi store tap i eit åtak på Kai Tutae hapu, sjølv om dei var ti gonger i overtal, fordi Kai Tutae var utstyrte med muskettar.[4] På Hongi Hikas ordre starta Ngā Puhi å samla muskettar, og frå kring 1818 byrja dei å setja i verk effektive åtak mot hapu som dei hadde klager mot over heile Nordøya. Heller enn å okkupera landområde der dei hadde vunne over fiendane sine, tok dei til seg taonga (skattar, vedfulle eigneluter) og slavar, som dei sette i arbeid med å dyrka og handsama større avlingar, for det meste Phormium og poteter, og i tillegg svin, for å byta til seg endå meir våpen. Det utvikla seg også ein blømande bytehandel med røykte hovud frå drepne fiendar og slavar (Mokomokai). Tradisjonen med utu, eller attergjelding, førte til ein aukande serie med represaliar etter kvart som andre iwiar innsåg føremonane med muskettar under krigshandlingar. Dette starta eit våpenkapplaup mellom stridande grupper.[4] I 1821 reiste Hongi Hika til England saman med misjonæren Thomas Kendall, og i Sydney, på reisa si attende, bytte han bort gåvene han hadde fått i England for mellom 300 og 500 muskettar, som han så brukte til å sette i verk endå fleire øydeleggjande åtak, med endå fleire krigarar, mot iwiar frå Auckland sør til Rotorua.[3][4]

Konflikt og konsekvensar endre

Valden var heilt øydeleggjande for mange stammar, somme vart utraderte etter som dei overvunne vart drepne eller gjorde til slavar, og grenser mellom stammeområde vart fullstendig gjorde om når store område vart erobra og tømde for folk. Desse endringane kompliserte seinare handel mellom maoristammar og europeiske innvandrar som ønskte å kjøpa land.

Mellom 1821 og 1823 gjekk Hongi Hika til åtak på Ngāti Pāoa i Auckland, Ngāti Maru i Thames, waikatostammar ved Matakitaki og Te Arawa ved Rotoruasjøen, og nedkjempa alle desse. I 1825 vann han ein stor militær siger over Ngāti Whātua ved Kaipara nord for Auckland, og forfølgde deretter dei overlevande sørover til Waikato-området som hemn for nederlaget til Ngā Puhi i 1807. Høvdingane Pōmare og Te Wera Huraki i Ngā Puhi leia òg åtak i East Coast, i Hawke's Bay og i Bay of Plenty. Engasjementet til Ngā Puhi i muskettkrigane byrja å avta tidleg i 1830-åra.[2]

Waikatostammar viste bort høvdingen i Ngāti Toa, Te Rauparaha, frå Kāwhia i 1821, overvann Ngāti Kahungunu ved Napier i 1824 og invaderte Taranaki i 1826, og tvinga ei rekkje stammegrupper å vandra sørover. Waikato iverksette eit anna stort felttog inn i Taranaki i 1831-32.[2]

I mellomtida flytta Te Rauparaha, først til Taranaki og sidan til Kapiti coast og Kapiti Island, som høvdingen i Ngāti Toa, Te Pehi Kupe, hadde kjempa til seg frå muaupokofolket. Omkring 1827 byrja Te Rauparaha kamphandlingar nord på Sørøya, i 1830 hadde han utvida territoriet sitt til å omfatta Kaikoura og Akaroa og store delar av resten av Sørøya.[2]

I 1835 kapra krigarar frå Ngāti Mutunga, Ngāti Tama og Ngāti Toa eit skip som førte dei til Chathamøyane der dei slo i hel kring 10 prosent av Moriorifolket og gjorde dei overlevande til slavar, før dei starta kampar mot kvarandre.[2]

Dei siste kampane på Sørøya fann stad i Southland i 1836-37 mellom styrkar leia av av høvding Tūhawaiki i Ngāi Tahu og høvding Te Puoho i Ngāti Tama som hadde følgt ei rute frå Golden Bay ned langs West Coast og over Søralpane.

Historiske synspunkt endre

Historikaren James Belich har føreslått «potetkrigane» som eit meir høveleg namn på desse stridane, på grunn av den store verknaden tilgangen på poteter hadde å seia for økonomien til maoriane.[5]

Historikaren Angela Ballara meiner at nye matslag gjorde somme skilnadar i kamphandlingane.[5] Potetene vart innførte til New Zealand på siste halvleiken av 1700-talet (1769),[6] og dei vart eit grunnleggjande fødemiddel med større matvareverdi enn søtpotet (kūmara), og var lettare å dyrka og lagra.[7] Til skilnad frå søtpotet, som hadde band til rituelle krav, kunne poteter dyrkast av slavar og kvinner, og dette frigjorde mennene til kamphandlingar.[2]

Belich såg på dette som ei logisk omvelting, der poteter var effektiv næring for ei lang rekkje krigargrupper (taua) som gjorde muskettkrigane ulike tidlegare former for kamphandlingar. Slavar som vart tekne til fange under kampane vart sette i arbeid med å stella jordflekker med poteter, og frigjorde dermed menn som kunne danna endå større tauaer. Kamphandlingar varte over lengre tid gjennom 1820-åra; det vart vanleg at krigarar kunne vera heimanfrå i opp til eit år, fordi det vart lettare å dyrka seriar med potetavlingar.

Maoriar sin bruk av muskettar endre

Slaget ved Hingakaka i 1807 vart utkjempa mellom to motståande maorigrupper nær det noverande Te Awamutu. Ein estimert styrke på 16 000 krigarar deltok.[8] Slaget kan sjåast på som den siste av trefningane der muskettar ikkje var i bruk, sjølv om det så seint som kring 1815 var somme konfliktar som vart kjempa med tradisjonelle våpen.

Muskettane gjorde sakte, men sikkert slutt på dei tradisjonelle kampane mellom maoriar, der for det meste berre vart bruka handvåpen, og gjorde bruk av koordinerte gruppeåtak meir viktige. Dei legendariske tvikampane, lik dei høvdingen Potatau Te Wherowhero utkjempa i slaget ved Okoki i 1821 vart sjeldne.

I førstninga var muskettar eit verktøy som spreidde «skrekk og gru» og auka verknaden av tradisjonelle våpen og jarnvåpen mot ein demoralisert fiende. Men frå kring 1830 møttest likeverdig væpna tauaer (krigargrupper) kvarandre i kamp, og med varierande grad av suksess. Maoriane lærte det meste av muskett-teknologien sin frå ulike pākehā māori (tidlege europeiske innvandrarar som levde saman med maoriar) som heldt til i Bay of Islands- og Hokianga-traktene. Somme av desse mennene var dyktige sjøfolk og vel røynde i muskettbruk under trefningar på havet. Maoriar var heller ikkje framande for å tilpassa muskettane sine; somme gjorde til dømes tenningshola større, noko som minska utgangsfarten til kulene, men auka avfyringsfrekvensen.

Maoriar hadde frå først av vanskar med å få tak i muskettar, etter som misjonærane ikkje var villige til å byta dei bort, eller og selja kuler eller krut. Ngā Puhi-stammen sette misjonærar under hardt press til å reparera muskettar, og trua til tider med vald. Dei fleste muskettane kom frå først av frå Australia. Pakeha-maoriar, som til dømes Jacky Marmon, medverka til å få tak i muskettar frå handelsskip i byte mot Phormium, tømmer og røykte hovud. Dei fleste muskettane som vart selde, var av låg kvalitet, kortløpa, laga billeg i Birmingham med stål av dårleg kvalitet og med dårleg treffsikkerheit. Rekkjevidda og treffsikkerheita til slike våpen kunne ikkje samanliknast med skikkelege militære våpen, slike som Brown Bess eller den seinare standardversjonen av Enfield som måtte bruka det mindre vanlege, finkorna, svartkrutet.

Forbodstiltak endre

Frå 1845, etter opprøret til Hone Heke, vedtok styresmaktene fleire lover med føremål å minska eller stoppa straumen av muskettar inn i New Zealand. Den første var lov om våpen, sprengstoff og andre produkt for krigføring (Arms, Gunpowder and other Warlike Stores Act) i 1845. Den 12. november 1846 vart våpenforordninga (Arms Ordinance) vedteken, følgd av sprengstoff-forordninga (Gunpowder Ordinance Act) i 1847. Straffene var strenge, med bøter på 100-200 pund for å selja ein muskett til ein innfødd i 1848. Desse lovene gjorde slutt på at illegale våpenseljarar selde muskettar til maoriar. I juni 1857 vedtok styresmaktene ei lov som tillét folk å ha gevær og krut til sportslege føremål, men i november samme år skreiv oberstløytnant Wynyard til guvernør Brown, der han uttrykte otte for at dette ville tillata at store mengder våpen ville gå til maoriar, langt over det som var tilstrekkeleg for sportsføremål. Han var redd for at iwiar kunne bruka skytevåpen for å løysa stammekonfliktar. Te Wherowhero, den første maorikongen, kom for å snakka med guvernøren på samme tid for å tala om at han òg var oppteken av at så mange våpen kunne verta selde til ubereknelege maoriar.

Ein maoriveteran frå slaget ved Ōrākau fortalde i 1864 til parlamentsmedlemmer at maoriar hadde samla saman store mengder våpen gjennom fleire år før kampane for å forsvara landet sitt mot andre stammar, ikkje med føremål å slåss mot europearar. Etter Newzealandkrigane vedtok styresmaktene Våpenlova (Firearms Amendments Act) i 1869. Denne sette forbod for alle mot å selja våpen til maoriar som var i opprør. Den einaste straffa for dette var dødsdom.[9]

Kjelder endre

  1. Edmund Bohan (2005). Climates of War: New Zealand Conflict 1859-69. Christchurch: Hazard Press. s. 32. ISBN 9781877270963. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Basil Keane (2012). «Musket wars». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Ministry for Culture and Heritage. Henta 9. juli 2017. 
  3. 3,0 3,1 Steve Watters (2015). «Musket wars». New Zealand History. Ministry for Culture and Heritage. Henta 9. juli 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Michael King, red. (2003). The Penguin History of New Zealand. Penguin Books. s. 131—139. ISBN 0-14-301867-1. 
  5. 5,0 5,1 «The Musket Wars». Ministry for Culture and Heritage. 11. september 2015. Henta 9. juli 2017. 
  6. «Potato - Comprehensive Description». EOL - Encyclopedia of Life. Henta 26. mars 2023. 
  7. The Science Learning Hub The cultural value of taewa (Māori potatoes) Henta 26. mars 2023
  8. Tainui. Leslie G. Kelly. P287-296. Cadsonbury. 2002.
  9. R. Bennett. Treaty to Treaty. 2007. Side 139-140.

Bakgrunnsstoff endre

  • Crosby, Ron, The Musket Wars - A History of Inter-Iwi Conflict 1806-45, Reed, Auckland, 1999
  • Ballara, Angela, Taua: Musket Wars, Land Wars or tikanga? Warfare in Maori society in the early nineteenth century, Penguin, Auckland, 2003
  • Belich, James, The New Zealand Wars and the Victorian Interpretation of Racial Conflict. Auckland, N.Z., Penguin, 1986
  • Bentley, Trevor, Cannibal Jack, Penguin, Auckland, 2010
  • Best, Elsdon, Te Pa Maori, Government Printer, Wellington, 1975 (reprint)
  • Carleton, Hugh, The Life of Henry Williams, Archdeacon of Waimate (1874), Auckland NZ. Online available from Early New Zealand Books (ENZB).
  • Fitzgerald, Caroline, Te Wiremu - Henry Williams: Early Years in the North, Huia Publishers, New Zealand, 2011 ISBN 978-1-86969-439-5
  • Moon, Paul, This Horrid Practice, The Myth and Reality of Traditional Maori Cannibalism. Penguin, Auckland, 2008 ISBN 978-0-14-300671-8
  • Moon, Paul, A Savage Country. The untold story of New Zealand in the 1820s Penguin, 2012 ISBN 978-0-14356-738-7
  • Rogers, Lawrence M. (editor) (1961) - The Early Journals of Henry Williams 1826 to 1840. Christchurch : Pegasus Press. online available at New Zealand Electronic Text Centre (NZETC) (2011-06-27)
  • Ryan T and Parham B, The colonial NZ Wars", Grantham House, 2002
  • Waitangi Tribunal, Te Raupatu o Tauranga Moana - Report on Tauranga Confiscation Claims, Waitangi Tribunal Website, 2004
  • Wright, Matthew, Guns & Utu: A short history of the Musket Wars (2012), Penguin, ISBN 9780143565659