Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 16, 2020
Svartedauden var ein zoonotisk pandemisk sjukdom under mellomalderen som i gjennomsnitt tok livet av kvar tredje person i Europa og så godt som alle som vart smitta. Den ålment aksepterte teorien er at svartedauden var eit særs omfattande utbrot av pest. Sjukdommen fekk truleg namnet sitt frå byllane og dei mørke flekkane som vart danna på huda til dei som var smitta.
Pestutbrotet byrja i Kina-regionen i 1334 og spreidde seg gradvis vestover gjennom dei etablerte handelsvegane, som fungerte som sambindingar mellom aust og vest. Året 1346 var pesten framme i Egypt og Syria, for deretter å nå Europa gjennom Krim. Våren 1347 kom pesten til Konstantinopel og på hausten nådde han Messina på Silicia. Svartedauden kom truleg til Noreg i 1349. Samtidige rapportar fortel at pesten kom til Bergen med eit skip frå England, og at pesten også nådde Stavanger, Trondheim og Austlandet. Svartedauden førte truleg til at folketalet i Noreg vart halvert. Les meir …