Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 17, 2023
Faye HeavyShield (fødd 1953) er ein kunstnar frå kainai-blood-nasjonen i Canada. Ho er blitt kalla ein «kulturell matriark», kjend for skulpturar og installasjonskunst, som har hatt stor tyding for kanadisk samtidskunst. HeavyShield er kjend for repeterande bruk av gjenstandar og skrift til å laga installasjonar i stor skala for særskilde stader, ofte minimalistiske i utføring. Ho nyttar ofte naturlege materiale, bilete og lydar frå naturlandskapet kring heimtraktene sine. Digitale fotografi og video er også viktige verkemiddel. Verka hennar er inspirerte av miljøet og hennar eiga kulturarv, familie og personlege historie. Les meir …