Faye HeavyShield (fødd i 1953) er ein kunstnar frå kainai-blood-nasjonen i Canada. Ho er blitt kalla ein «kulturell matriark», kjend for skulpturar og installasjonskunst, som har hatt stor tyding for kanadisk samtidskunst.[1] HeavyShield er kjend for repeterande bruk av gjenstandar og skrift til å laga installasjonar i stor skala for særskilde stader, ofte minimalistiske i utføring. Ho nyttar ofte naturlege materiale, bilete og lydar frå naturlandskapet kring heimtraktene sine.[2] Digitale fotografi og video er også viktige verkemiddel.[3] Verka hennar er inspirerte av miljøet og hennar eiga kulturarv, familie og personlege historie.[4]

Faye HeavyShield

Statsborgarskap Canada
Fødd 1953 (71 år)
Blood 148
Yrke installasjonskunstnar
Faye HeavyShield på Commons

Bakgrunn

endre

HeavyShield var den tredje yngste av ein syskenflokk på tolv. Ho voks opp i North End i reservatet Blood 148, der far hennar forvalta ein ranch. Som ung gjekk ho på den katolske kostskulen St. Mary's Residential. Heime på reservatet snakka ho blackfoot og engelsk, og var mykje saman med bestemor si, Sommitsikana/Kate Three Persons,[5] som fortalde henne tradisjonelle blood- og blackfootsoger.

Då ho var i trettiåra, i 1980, byrja HeavyShields studera kunst ved Alberta College of Art and Design. I 1986 blei ho Bachelor of Fine Arts ved University of Calgary.[6][7][8]

Kunstkarriere

endre

My art is a reflection of my environment and personal history as lived in the physical geography of southern Alberta with its prairie grass, river coulees, and wind and an upbringing in the Kainai community (with a childhood stint in the Catholic residential school system). The past, present and imagined make up the vocabulary used to realize my thoughts and ideas; responses and references to the body, land, language. – Faye HeavyShield[9]

Etter å ha blitt student ved Alberta College of Art byrja HeavyShield å utforska ulike kunststilar. Det var mykje ved den vestlege kunsttradisjonen som ikkje rørte henne, men ho blei tiltrekt av å arbeida for hand med skulpturar og installasjonar i storskala, ofte med repetive former.[10] Å skapa desse verka gav henne ei kjensle av fordjuping i materiala og konsepta bak dei.[6]

Skulpturinstallasjonar

endre

Mange av verka til HeavyShield er knytte til særskilde stader, som body of land, som ho laga i 2002. Hundretals små koniske tipiformer i papir er plassert einsleg, i par eller i grupper på ein vegg. Formene var i sjatteringar av raudt, rosa, lilla og brunt. Fargane kom frå digitale nærbilde av hud, som var blitt forstørra og så skrive ut på papir. body of land er blitt kjøpt inn av National Gallery of Canada.[11]

Desse verka inneheld ofte fleire utgåver av same type gjenstand, som båtar, små firkantar av klede eller andre nette og ofte handlaga gjenstandar. Skapinga av desse gjenstandane fører til repeterande oppgåver, som å farga klede – denne repeterande prosessen er noko HeavySheilds finn meditativ og utforskande.[6]

 
Blackfoot-perlearbeid ved Royal Ontario Museum.

HeavyShield sitt liv på Blood-reservatet og blackfootavstamminga hennar har alltid vore ein viktig inspirasjon for verket hennar. I 2004 skapte ho kuto'iis ('blod'), eit verk av hundretals små, knytta klesbuntar måla okerraude og festa til ein vegg. Verket har same type kaotiske plassering som body of land, og kvar bunt representerer ein blodpropp. Det repetitive mønsteret og ritualet kring skapinga av buntane er blitt kalla «re-collection of stories, the sounds of language and song, of home.»[6]

Frå 2007 til 2008 studerte HeavyShield perlearbeid utført av bloodfolk i samlingane til Canadian Museum of Civilization, Royal Ontario Museum og Glenbow Museum. Ho studerte klassifiseringssystema i musea for desse gjenstandane, og merka seg at dei var lagra i skufferader eller i hyller og ofte med berre små katalogmerke. I løpet av studiane tenkte ho også på folka (hovedsakelig kvinner) som skapte gjenstandane, folk som ho og familien hennar er i slekt med genetisk og historisk. Eit stykke inspirert av denne studien er hours (2007); ei bok utan tekst med tolv sider vovne av kvite frøperler.[6]

Kristen symbolisme

endre

Den katolske utdanninga til HeavyShield og den viktige stillinga til kristendommen i Blood-reservatet gjer at kristen symbolisme stadig opptrer i verka hennar. Teikningar og skulpturar inspirerte av hakelina brukte av nonner frå Sisters of Charity of Montreal, også kjende som Grey Nuns, opptredde på midten av 1990-talet i heart hoof horn, medan bøneformer var del av installasjonsstykket now I lay me down, eit stykke av semi-abstrakte fontar på ein vegg som reflekterte katolske ritual og bøner. now I lay me down var del av utstillinga Into the Garden of Angels ved The Power Plant i Toronto i 1994.[6][12] Mange verk kan ha både kristne trekk og påverknad frå urfolkstradisjonar, som the red line (2021), ei buktande snor av raude perler som både minnar om tradisjonelle perlesmykke og katolske rosenkransar, i tillegg til blodårer og buktande landskap.[13]

Feminisme

endre

På 1990-talet var HeavyShield ein av føregangskvinnene innan den feministiske kunstrørsla i Canada. Dette tiåret skapte ho fleire verk som krinsa om femininitet og kvinnelegheit. I 1993 skapte ho sisters: ein krins av seks par lyse sko med høge hælar der tærne peikte utover. Installasjonen representerte HeavyShield og dei fem systrene hennar, og symboliserte styrken til kvinner. Ho nytta skor att i 1994 i she: a room full of women der ho nytta tolv par dame- og jenteskor ho hadde måla svarte med spraymåling. Dette verket var det fyrste der HeavyShield brukte sine eigne ord (ho skulle seinare bringa dikta sine inn i fleire andre verk) med innramma svarte og kvite panel over kvart skopar, som represente «everywoman» eller eikvar kvinne.[6]

Landskap

endre
 
Utsyn over Bellyelva.

Oppvekststaden til HeavyShield sør i Alberta var nær to elvar: Oldman og Belly. Ho brukte å leika i Oldman som barn saman med syskena sine, og i 2004 byrja ho dokumentera elvane med fotografi. Verket old man is a river blei laga av svart-kvite versjonar av desse.[6]

Through digital images, writing and drawing, my time spent with rivers – their influence on our bodies and our histories – has been recorded and re-played. And through travels, this engagement with the idea of place and its texture has come to be site-specific.[6]

Verket har rombeform, med ein halvdel voksmaleri av præriegras og den andre eit stort digitalt trykk-collage med innskrifter av tankane hennar. Verket blei stilt ut i 2005 ved Alberta Biennial.[6]

I 2004 skapte ho camouflage, eit installasjons- og performance-aktig verk der HeavyShield plasserte steinar og kvistar frå Oldman River, med kopierte bilde av elva og tekst frå blackfoot-ordboka på seg, på breidda av St. Croix-elva. Dei blei sette ut blant vind og vêr, og tre veker seinare var dei fleste gjenstandane forsvunne i lufta eller førte vekk av tidvatnet. Verket blei laga i høve 400-årsjubileet for då Samuel de Champlain kom til staden. Dei representerte «themes of transplantation and exchange.»[6]

I media

endre

I 2007 var HeavyShield forteljarstemme og skodespelar i Legends of Kainai: Stories from the Blackfoot People of Southern Alberta, produsert av CBC.[6]

Viktige utstillingar

endre
  • Hearts of Our People: Native Women Artists (2019), Minneapolis Institute of Art, Minneapolis, Minnesota, USA.[14]
  • The Art of Faye Heavyshield (2022), 40-års retrospektiv utstilling, MacKenzie Art Gallery, Regina.[15]

Viktige samlingar

endre

Prisar og utmerkingar

endre
  • Eiteljorg Fellowship for Native American Fine Art, 2009, Eiteljorg Museum of American Indians and Western Art[6]
  • Gershon Iskowitz Prize, 2022[17]

Litteratur

endre
  • HeavyShield, Faye. venus as torpedo. Dunlop Art Gallery Publications, 1996. ISBN 0-920085-88-1
  • Maclear, Kyo and Kathryn Walter. Private Investigators: Undercover in Public Space. Banff Centre Press, 1999. ISBN 0-920159-61-3
  • Smith, Paul Chaat. Faye HeavyShield: Blood. Southern Alberta Art Gallery, 2005. ISBN 1-894699-30-0

Kjelder

endre
  1. «MacKenzie Art Gallery debuting retrospective on artist Faye HeavyShield», leaderpost (på engelsk), henta 17. mars 2023 
  2. News, Alberta Native (30. mars 2022), «Faye HeavyShield awarded the Gershon Iskowitz Prize for Visual Arts», Alberta Native News (på engelsk), henta 17. mars 2023 
  3. Matejko, Agnieszka (4. desember 2017), «Faye HeavyShield's Calling Stones», Galleries West (på engelsk), henta 28. mars 2023 
  4. «raise a flag: works from the Indigenous Art Collection (2000 - 2015)» (PDF) (på engelsk). Indigenous Visual Culture at OCAD University. 
  5. «Contemporary Calgary», Contemporary Calgary (på engelsk), henta 17. mars 2023 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 Lee-Ann Martin. Faye HeavyShield: In the Blood. Art Quantum, pp. 71–79. Eiteljorg Museum, 2009. ISBN 978-0-295-98996-9
  7. «Faye Heavyshield (b. 1953)». Other Selected Contemporary First Nations Artists. Canadian Art. Arkivert frå originalen 28. juli 2011. Henta 10. mars 2011. 
  8. «Faye Heavyshield». Artist's Page. The National Gallery of Canada. 2010. Henta 10. mars 2011. 
  9. «Mentor in Residence: Faye HeavyShield». Mentor in Residence. Mentoring Artist's For Women's Art. 2005. Henta 10. mars 2011. 
  10. «connecting on a cellular level», Remai Modern (på engelsk), 3. desember 2018, henta 17. mars 2023 
  11. «Body of Land» (på engelsk). National Gallery of Canada. Henta 21. april 2023. 
  12. Arthur Renwick (1994). «Faye HeavyShield: Into the Garden of Angels». Writing. Center for Contemporary Canadian Art. Henta 10. mars 2011. 
  13. «Charlene Vickers and Faye HeavyShield», bordercrossingsmag.com (på engelsk), henta 17. mars 2023 
  14. Hearts of Our People: Native Women Artists. Seattle : University of Washington Press. 2019. 
  15. «The Art of Faye HeavyShield». www.gallerieswest.ca. Galleries West Magazine, 2022. Henta 8 February 2023. 
  16. «Faye Heavyshield: Untitled». Artwork Page. National Gallery of Canada. Henta 10. mars 2011. 
  17. «Faye HeavyShield awarded the Gershon Iskowitz Prize for Visual Arts», Alberta Native News (på engelsk), 30. mars 2022, henta 17. mars 2023 

Bakgrunnsstoff

endre