Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 18, 2015
Ryggmergen er ein lang, tynn og røyrforma bunt av nervevev og gliaceller som strekkjer seg frå den forlenga mergen i hjernestamma til den lumbale delen av ryggsøyla. Hjernen og ryggmergen utgjer sentralnervesystemet. Ryggmergen byrjar i bakhovudbeinet og strekkjer seg ned til rommet mellom fyrste og andre lendevirvel; den strekkjer seg ikkje like langt som ryggsøyla. Den er omkring 45 cm lang hjå menn og 43 cm hjå kvinner. Den har varierande tjukkleik, og spenner frå 13 mm i hals- og bukområdet til 6,4 mm i brystområdet. Ryggsøyla omsluttar ryggmergen og vernar den mot trauma. Ryggmergen sender nervesignal mellom hjernen og resten av kroppen, og inneheld mellom anna nervenettverk som styrar refleksar og CPG-ar. Ryggmergen har tre hovudfunksjonar, nemleg å fungere som ei kanalisering for motorisk informasjon som straumer nedover ryggmergen; som ei kanalisering for sensorisk informasjon i motsatt retning; og som eit senter for koordineringa av visse refleksar. Les meir …