Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 2, 2025
Dei magellanske subpolare skogane er ein terrestrisk økoregion i det sørlegaste Sør-Amerika, som dekkjer delar av sørlege Chile og i langt mindre grad sørvestre område i Argentina. Det er ein økoregion med temperert lauvskog og blandingsskog i den neotropiske regionen, og inneheld dei sørlegaste skogane i verda. Det typiske treslaget i regionen er tre i slekta Nothofagus, sørbøk.
Den magellanske subpolare skogøkoregionen ligg vest for Andesfjella, som spring nord-sør i det meste av lengda, men bøyer austover nær sørspissen av Sør-Amerika, og endar ved øygruppa Eldlandet. Den magellanske økoregionen var dekt av isbrear under siste istid, og landskapet er djupt dissekert av fjordar, med mange øyar, viker og kanalar, inkludert Magellansundet, som skil Eldlandet frå det søramerikanske fastlandet. Les meir …