Dei magellanske subpolare skogane

Dei magellanske subpolare skogane (spansk: Bosque (subpolar) magallánico) er ein terrestrisk økoregion i det sørlegaste Sør-Amerika, som dekkjer delar av det sørlegaste Chile og i langt mindre grad sørvestre område i Argentina.[1][2] Det er ein økoregion med temperert lauvskog og blandingsskog i den neotropiske regionen, og inneheld dei sørlegaste skogane i verda. Det typiske treslaget i regionen er tre i slekta Nothofagus, sørbøk.[2][3]

Dei magellanske subpolare skogane
Økoregion
Utsikt over lengabøk lauvskog nær tregrensa i Torres del Paine nasjonalpark i Chile
Land  Chile
Areal 150 500 km²
Kart
Dei magellanske subpolare skogane
54°S 70°W / 54°S 70°W / -54; -70

Plassering og generell skildring endre

Den magellanske subpolare skogøkoregionen ligg vest for Andesfjella, som spring nord-sør i det meste av lengda, men bøyer austover nær sørspissen av Sør-Amerika, og endar ved øygruppa Eldlandet. Den magellanske økoregionen var dekt av isbrear under siste istid, og landskapet er djupt dissekert av fjordar, med mange øyar, viker og kanalar, inkludert Magellansundet, som skil Eldlandet frå det søramerikanske fastlandet og har fått namn etter den portugisiske oppdagaren Ferdinand Magellan. Sundet er naturleg passasje frå Sør-Atlanteren til Sør-Stillehavet. Den magellanske økoregionen femnar vidare sør til Kapp Horn, ca. 56° S. Nord for omtrent 48° sørleg breiddegrad ligg dei tempererte valdiviske skogane, som deler mykje plante- og dyreliv med den magellanske økoregionen. Mot aust ligg dei tørrare tempererte gras- og buskområda i Patagonia, i regnskuggen av Andes og fjella på Eldlandet.

Klima endre

 
Svært sterk vind piskar regionen og tvinger tre til å vekse i vridde og bøygde former kjent som «flaggtre»

Andes og Eldlandet avskjer fuktige vestlege vindar, og skaper tempererte regnskogforhold, medan den kalde Perustraumen, som går nord langs vestkysten av Sør-Amerika, og den kalde antarktiske sirkumpolare straumen, som går frå vest til aust gjennom Sørishavet, held den magellanske økoregionen kjølig og våt, og den sterke oseaniske påverknaden modererer sesongmessige temperaturekstrem. Gjennomsnittlege månadstemperaturar på 56° sørleg breidde varierte mellom 2 °C for den kaldaste månaden juni og 11 °C for januar.[4] Gjennomsnittleg årleg nedbør varierer, og minkar frå vest til aust frå høvesvis ca. 4000 mm til 700 mm. Til dømes er gjennomsnittleg årleg nedbør i Bahía Félix (53ºS 70ºW) er 4845 mm, medan han i Ushuaia, (54ºS 68ºW) er 545 mm. Nedbør som snø kan vere rikeleg heile året.[2] Tåke er svært hyppig.

Biologisk mangfald endre

Jamført med dei valdiviske skogane i nord er ikkje denne økoregionen så biologisk rik. I nord finn ein langt fleire treaktige planteslekter. Til dømes manglar dei fleste epifyttane i magellanske skogar, og alle klatreplantar er også fråverande her. Likevel finn ein fleire meir urteaktige artar som er stadeigne til økoregionen i sør.[2]

Flora endre

 
Sørbøkarten Nothofagus betuloides
 
Lengabøk (Nothofagus pumilio)

Vegetasjonen i vest er typisk av hovudsakleg eviggrøne sørbøkeskogar (Nothofagus betuloides), mot aust finn ein lauvskogar av lengabøk (Nothofagus pumilio) og kanelsørbøk (Nothofagus antarctica), dette strekkjer seg inn i Argentina. På Eldlandet finst dei eviggrøne skogane i sør og lauvskogane mot innlandet. Lauvskogen er danna av nesten reine bestandar av lengabøk i lågare høgder, i ulike kombinasjonar med den meir økologisk tolerante kanelsørbøk, som rår i meir tørre habitat eller mindre drenert jord. I frostlommar finst ei lynghei dominert av artar i krekling-slekta Empetrum og slekta Bolax i skjermplantefamilien. På fuktige eller våte stader i desse skogane veks spesielt rike høgmyrsamfunn dominert av torvmosar, (Sphagnum), og gras i sivfamilien (Juncaceae) og i storrfamilien (Cyperaceae).[2] Drimys winteri (vinterbark) finst lengst søraust i regionen.[4]

Lauvskog i aust viser ein overgang til den eviggrøne skogen i vest med blanda sørbøkskogar. Med ca. 1000 til 4000 mm nedbør blir sørbøkarten N. betuloides dominerande, dannar reine skogar eller blir blanda med til dømes spolebusk-artar og Pilgerodendron. I den nordlege delen av økoregionen finst sørbøkartane Nothofagus dombeyi og N. nitida opp til 48 ºS breidde, og Podocarpus nubigena i gultrefamilien opp til 51 ºS.[2]

I dei kaldare områda med mykje nedbør i dei sørvestlege delane av økoregionen, strekk ein karakteristisk biotop vanlegvis kalla magellansk myrland eller magellansk tundra lengst sør og vest gjennom den chilenske øygarden omtrent frå Hoste-øya sør for Beaglekanalen og nordover til 48ºS. Her er vegetasjonen kjenneteikna av nedbøygde dvergbuskar, puteplantar, grasliknande plantar og mosar i vassfylt terreng, som i ulike kombinasjonar dannar vegetasjon av kratt eller myr. I skjerma område, sjølv på dei ytste øyane, blir det berre utvikla fragment av den eviggrøne skogen. Myrane omfattar karakteristiske artar, mange med austral tilhøyrsel som Bolax i skjermplantefamilien, soleihovslekta (Caltha), Donatia og Phyllachne i korgplanteordenen og Lepidothamnus i gultrefamilien.[2]

Fugleliv endre

 
Eldkronekolibri (Sephanoides sephaniodes)
 
Magellanspett (Campephilus magellanicus)

Dei fleste fugleartane i dei subpolare Nothofagus-skogane ser ein òg nord inn i dei valdiviske skogane, slik som den iaugefallande eldkronekolibrien (Sephanoides sephaniodes), magellanspett (Campephilus magellanicus), gulbryntornstjert (Aphrastura spinicauda), sørparakitt (Enicognathus ferrugineus) og svartbrysturka (Pteroptochos tarnii). Likevel er det nokre få nesten-endemiske fugletaksa i den magellanske økoregionen, slik som taregås (Chloephaga hybrida), brunhovudgås (Chloephaga rubidiceps), sotbergkall (Cinclodes antarcticus), og gulvengsporv (Melanodera melanodera).[2] Brungumpkarakara (Daptrius australis) har utbreiing over Falklandsøyane og sørlegaste Eldlandet.

Artar som er vidt utbreidde i sørlegaste Sør-Amerika medrekna sørlegaste magellanske økoregionen inkluderer patagoniaskovland (Tachyeres patachonicus), chilehauk (Accipiter chilensi), bendelmyrhauk (Circus cinereus), chileugle (Strix rufipes), patagoniaibis (Theristicus melanopis), brunkarakara (Daptrius chimango), kvitisseelenia (Elaenia albiceps), chileandessporv (Phrygilus patagonicus), hussmett (Troglodytes aedon), sørsisik (Spinus barbatus) og umbratrast (Turdus falcklandii).[4]

Pattedyr endre

 
Sørleg andeshjort (Hippocamelus bisulcus)[5]
Foto: Valentina Requesens

Det er knapt noko landpattedyr som er karakteristisk for den magellanske økoregionen, den geografiske utbreiinga deira strekkjer seg oftast nordover til andre andinske økoregionar eller austover inn på dei patagoniske steppene. Større pattedyr inkluderer to revar, argentinsk grårev (Dusicyon griseus) og culpeo (Lycalopex culpaeus), samt guanaco (Lama guanicoe), sørleg andeshjort (Hippocamelus bisulcus), sørleg pudu (Pudu pudu) og sørleg elveoter (Lontra provokax) er dei største landspattedyra i økoregionen, og er lokalt rikeleg i nokon delar av økoregionen.[2]

Ein art her finn ein jamvel over begge dei amerikanske kontinenta, puma (Puma concolor).

Nokre artar, spesielt sørleg andeshjort har fått innskrenka utbreiing etter at europearane kom på grunn av jakt, predasjon av hundar, sjukdommar, konkurranse med storfe og konkurransekonfliktar med introdusert hjort.[2] Mink (Mustela vison) er ein invasiv art i regionen og rekna som eit trugsmål mot bakkehekkande fugleartar.[6]

Amfibium og reptil endre

Det finst tretten amfibium-artar i økoregionen, og nokre av dei er karakteristiske for økoregionen. Fleire amfibium er strengt endemiske. Alsodes kaweshkari er berre funne på Wellingtonøya og på Seno Huemules på fastlandet, begge i det sørlege Chile. Berre seks takson av reptil finst i økoregionen. To endemiske krypdyr finst på den austlege grensa av økoregionen, ein av dei er Liolaemus magellanicus.[2]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå:
Referansar
  1. Jan Schipper, Magellanic Subpolar Forests, One Earth, henta 29. januar 2023
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 EoE, (2020) Magellanic subpolar forests
  3. Universitetet i Bergen, 26. januar 2022, Sørbøk (Nothofagus), henta 29. januar 2023
  4. 4,0 4,1 4,2 Rozzi, R. and Jimenez, J.E. (2014). Magellanic Sub-Antarctic Ornithology: First Decade of Long-Term Bird Studies at the Omora Ethnobotanical Park, Cape Horn Biosphere Reserve, Chile. University of North Texas Press Ediciones Universidad de Magallanes. ISBN 9781574415315. LCCN 2013038603. 
  5. «andeshjorter» av Rolf Langvatn i Store norske leksikon, snl.no.
  6. Ibarra, J., Fasola, L., Macdonald, D., Rozzi, R., & Bonacic, C. (2009). Invasive American mink Mustela vison in wetlands of the Cape Horn Biosphere Reserve, southern Chile: What are they eating? Oryx, 43(1), 87-90. doi:10.1017/S0030605308099997

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dei magellanske subpolare skogane