Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2022
Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) er eit frihandelsområde i Europa som vart etablert via EØS-avtalen, ein folkerettsleg avtale mellom Den europeiske unionen (EU) og tre av medlemslanda i Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA). EØS utvidar den indre marknaden i EU med dei tre EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som saman utgjer éin marknad styrt av dei same grunnreglane. Desse reglane har som føremål å gjere fri flyt av personar, varer, tenester og kapital mogeleg i den europeiske fellesmarknaden, inkludert å fritt kunne velje opphald i kvart land i området. Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet vart etablert 1. januar 1994 etter at EØS-avtalen tredde i kraft.
Då EØS tredde i kraft i 1994, utgjorde partane 17 statar og to europeiske fellesskap: Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF) og det no nedlagde europeiske kol- og stålfellesskapet. Medlemskapet har vakse til 30 statar per 2020: 27 EU-medlemsland, i tillegg til tre av dei fire medlemslanda i EFTA. Les meir …