Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 27, 2022
Synthliboramphus er ei biologisk slekt i alkefamilien med fem artar av små sjøfuglar, alle lever i det nordlege Stillehavet. Artane i slekta deler det norske fellesnamnet «starik». IUCN har klassifisert fire av artane som sårbare eller sterkt truga. Arten nordstarik er globalt klassifisert som livskraftig, men i Canada er han truga, fordi hekkesuksessen til denne arten er særs sterkt påverka av introduserte pattedyr.
Synthliboramphus-alkene er små alkefuglar med kvit underside og blågrå eller svart overside i fjørdrakta. Artane skil seg frå kvarandre i utforming av nebb, nordstarik har særs kort kort, kraftig, hornfarga nebb, japanstarik har kort, kraftig, bleikblått nebb, dei andre artane har langt, slankt, svart nebb. Typisk er starikar rundt 24 til 26 centimeter i kroppslengd. Den minste arten er mexicostarik med ei kroppslengd på 21 cm. Den største i slekta er nordstarik, som når ei lengd på 27 centimeter. Les meir …