Synthliboramphus

fugleslekt
Synthliboramphus
Nordstarik, Synthliboramphus antiquus
Nordstarik, Synthliboramphus antiquus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Synthliboramphus
Brandt, 1837

Synthliboramphus er ei biologisk slekt i alkefamilien med fem artar av små sjøfuglar, alle lever i det nordlege Stillehavet. Artane i slekta deler det norske fellesnamnet «starik». IUCN har klassifisert fire av artane som sårbare eller sterkt truga. Arten nordstarik er globalt klassifisert som livskraftig, men i Canada er han truga, fordi hekkesuksessen av denne arten er særs sterkt påverka av introduserte pattedyr.[1]

SkildringEndra

 
Teikning av japanstarik, Synthliboramphus wumizusume

Synthliboramphus-alkene er små alkefuglar med kvit underside og blågrå eller svart overside i fjørdrakta. Nordstarik og japanstarik har eit kvitt område frå auget mot nakken, mest framtredande hos japanstarik.[2][3] Artane skil seg frå kvarandre i utforming av nebb, nordstarik har særs kort kort, kraftig, hornfarga nebb, japanstarik har kort, kraftig, bleikblått nebb, dei andre artane har langt, slankt, svart nebb. Typisk er starikar rundt 24 til 26 centimeter i kroppslengd.[2][4] Den minste arten er mexicostarik med ei kroppslengd på 21 cm.[5] Den største i slekta er nordstarik, som når ei lengd på 27 centimeter.[3] For alle fem artane finn ein berre liten grad av kjønnsdimorfisme og sesongskilnader i fjørdrakta. Den sterkaste sesongskilnaden i fjørdrakt har japanstarik, i praktdrakt har han påfallande forlenga hovudfjører som reiser seg i ein topp.

UtbreiingEndra

 
Japanstarik, Synthliboramphus wumizusume
Foto: Alastair Rae

Samla sett strekkjer utbreiinga av Synthliboramphus-alkene seg frå Californiahalvøya i søraust, nordover langs den nordamerikanske vestkysten til Alaskabukta, vestover via Aleutane til Okhotskhavet[6] og sør til kysten av Sør-Korea.

Mexicostarik er arten med utbreiingsområde lengst sør. Dei einaste påviste hekkeplassane av denne arten ligg på kysten av Californiabukta,[7] eit 160 000 kvadratkilometer hav mellom Mexico og Californiahalvøya. Utanfor hekkesesongen held mexicostarikane seg i subtropiske farvatn utanfor Mexico og vestkysten California nordover til kysten av Monterey, der han jamleg blir observert i perioden frå midten av juli til midten av oktober.

Noko lengre nord finn ein kaliforniastarik, berre litt lengre nord, blant anna på Kanaløyene i California, på øya Guadalupe og på andre øyar utanfor kysten av Californiahalvøya. Utanom hekkesesongen lever kaliforniastarik i ope hav utanfor Britisk Columbia.

Nordstarik har det vidaste utbreiingsområdet i slekta. Hekkekoloniane til nordstariken ligg på øyar mellom 52 og 60 grader nordleg breidde i det austlege Stillehavet, og mellom 35 og 62 grader nord utanfor kysten av Asia. Nordstarik er vanlege fuglar frå Aleutane til Alaskabukta. Dei finst òg utanfor Søraust-Alaska, og ved Haida Gwaii kan dei observerast i store mengder.[1] Sjølv om somme nordstarikar blir verande i hekkeområdet gjennom vinterhalvåret, vil dei vanlegvis trekke lenger sør. Til dømes finn ein nordstarikar utanfor kysten av den amerikanske delstaten Oregon frå oktober til november, og deretter blir dei observert igjen i mars. Talrike nordstarikar overvintrar utanfor kysten av California, der fuglane kjem i slutten av oktober. På den asiatiske sida trekker nordstarik sør til Taiwan på det lengste, men dei fleste held seg utanfor den japanske og koreanske kysten.[gaston 1]

Japanstarik hekkar utelukkande på einskilde øyar i kystnære farvatn i Japan, Sør-Korea og moglegvis ei bukt i nærleiken av Vladivostok i Japanhavet. Arten føretrekker fortrinnsvis havområde med varmare havstraumar. Dette gjeld spesielt utanfor Kyushu og Izu-øyane sør for Tokyo.

FødeEndra

Nordstarikar søkjer føde i flokkar på opptil femti individ som dukkar meir eller mindre samstundes. Dei blir ofte forbundne med flokkar av andre fugleartar, ofte finn ein krykkje, nashornalke og andre sjøfuglar som et kril saman, og nordstarikane vil vanlegvis halde seg i utkanten av slike fleirartsflokkar. Måsar blir trekte til fordi nordstarikane skremmer tobisfiskar og anna stimfisk opp til vassoverflata.[gaston 2] Ein kjenner ikkje kor djupt nordstarikane kan dukke, men vanlegvis er dei under havoverflata i mindre enn 45 sekund, noko som tyder på ei djupne på frå ti til tjue meter.[gaston 3] Den viktigaste føda er ung tobis og kril, i tillegg til ungfisk av andre artar. Nordstarikane kan nytte småsild som føde til ungane sine. Næringsvanane til japanstarik har vore lite undersøkte, men dei beitar sannsynlegvis på liknande vis som nordstarik. Ulikt nordstarik, beitar kaliforniastariken sjeldan i flokkar, og dei et for det meste svært ung fisk. Mexicostarik et fortrinnsvis fisk med ei kroppslengd på 4-7 cm. Favorittføda er ungsild, ungfisk av slekta Sebastes og av ein lysprikkfisk i slekta Benthosema.[5]

ReproduksjonEndra

 
Vaksen nordstarik og unge.

Alle starikar er hòlehekkarar og kolonihekkarar. Reira blir lagt i bergsprekker eller andre hòler under bakken. Dei kan sjølv grave hòler under gras og buskar, til dømes kan nordstarikar grave tunellar på opp til 2 meter til ein reirplass. Dei kan òg ta i bruk gamle reirhòler.[1] Nett som teist-artane som finn maten sin i nærleiken av hekkekolonien, legg alle Synthliboramphus-alker to egg i kullet. Rugetida er rundt 30 til 31 dagar, og begge foreldra tar del i ruginga av egga. Ungane er berre ein eller to, maksimum fire dagar gamle når dei forlèt reiret og kolonien saman med foreldra sine, og dei veks opp ute på havet. Kaliforniastarikar klekte i fangenskap viser ei monaleg endring i åtferd 48 timar etter klekking. Medan dei fram til dette tidspunktet held seg rolig i reiret, startar dei å springe ivrig rundt i hòla. I vill tilstand samsvarar dette med tidspunktet då dei dreg ut på havet med foreldra. Då er dei allereie særs gode symjarar og på land er dei i stand til å klatre over hindringar. Det finst ikkje dokumentasjon på den vidare utviklinga av ungane på havet. I fangenskap viste kaliforniastarikar ein svært langsam vektauke og dei endra fjørdrakta etter 17 dagar.[gaston 4]

Status og vernEndra

 
Nordstarikar på vatnet

Bestandssituasjonen for Synthliboramphus-alkene er varierande.

Nordstarik er med ein populasjon på éin til to millionar individ den vanlegaste arten av starikar (1996).[6] Mexicostarik er rekna å ha rundt 5000 par og totalt 15 000 til 20 000 individ.[7] Bestanden av kaliforniastarik er ikkje kjent. Japanstarik er raudlista som sårbar og vert regna som den mest sjeldne arten i slekta med ein populasjon på mindre enn 10 000 individ (2015).[8]

Alle artane i slekta er utsette felles trugsmål: introduserte pattedyr som rotter, vaskebjørn, revar og kattar medverkar til stor nedgang i bestanden for dei fire artane. Hos somme artar er menneskeleg uro òg trugande faktorar. Japanstarik, til dømes, vert uroa av yrkesfiskarar på hekkeplassen fordi han er ein mellombels base for fiskeoperasjonar. Sportsfiske likeins.[gaston 5] Framleis samlar folk japanstarikegg til matauk. Kaliforniastarikar blir tiltrekte av ljosa på skip og kolliderer med skip. Oppankring av skip nær hekkekoloniar har ført til mykje uro under hekkinga.[gaston 6] Til likskap med mange andre alkefuglar går starikar fast i fiskegarn og druknar.

ArtslistaEndra

Synthliboramphus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[10]

  • Kaliforniastarik, Synthliboramphus scrippsi, Scripps's Murrelet, Green & Arnold, 1939, (VU)[11]
  • Guadalupestarik, Synthliboramphus hypoleucus, Guadalupe Murrelet, Xántus de Vésey, 1860, (EN)[12]
  • Mexicostarik, Synthliboramphus craveri, Craveri's Murrelet, Salvadori, 1865, (VU)[7]
  • Nordstarik, Synthliboramphus antiquus, Ancient Murrelet, Gmelin, 1789, (LC)[6]
  • Japanstarik, Synthliboramphus wumizusume, Japanese Murrelet, Temminck, 1836, (VU)[8]

KjelderEndra

  • Anthony J. Gaston, Ian L. Jones: The Auks (= Bird Families of the World. Bd. 4 ). Oxford University Press, Oxford u. a. 1998, ISBN 0-19-854032-9.
  1. Gaston et al., s. 216
  2. Gaston et al., s. 218
  3. Gaston et al., s. 219
  4. Gaston et al. s., 210
  5. Gaston et al., s. 225
  6. Gaston et al., s. 207 og s. 208

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 BC’s Coast Region: Species & Ecosystems of Conservation Concern, Ancient Murrelet (Synthliboramphus antiquus) Arkivert 15. januar 2017 på Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 Nettleship, D. N. og G. M. Kirwan (2020). Japanese Murrelet (Synthliboramphus wumizusume), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.japmur1.01
  3. 3,0 3,1 Ainley, D. G., D. A. Manuwal, J. Adams, og A. C. Thoresen (2020). Cassin's Auklet (Ptychoramphus aleuticus), version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.casauk.01
  4. Nettleship, D. N. og G. M. Kirwan (2020). Guadalupe Murrelet (Synthliboramphus hypoleucus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.xanmur1.01
  5. 5,0 5,1 Nettleship, D. N. og G. M. Kirwan (2020). Craveri's Murrelet (Synthliboramphus craveri), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.cramur.01
  6. 6,0 6,1 6,2 BirdLife International (2022) Species factsheet: Synthliboramphus antiquus. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. juli 2022
  7. 7,0 7,1 7,2 BirdLife International (2022) Species factsheet: Synthliboramphus craveri. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. juli 2022
  8. 8,0 8,1 BirdLife International (2022) Species factsheet: Synthliboramphus wumizusume. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. juli 2022
  9. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  10. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  11. BirdLife International (2022) Species factsheet: Synthliboramphus hypoleucus. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. juli 2022
  12. BirdLife International (2022) Species factsheet: Synthliboramphus scrippsi. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. juli 2022

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Synthliboramphus