Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2024
Åndalsnes stasjon er endestasjon på Raumabana, og opna då Raumabana stod ferdig i 1924. Stasjonen ligg i Åndalsnes i Rauma kommune, 114,2 kilometer frå Dombås stasjon. I 2011 reiste om lag 90 000 passasjerar til og frå Åndalsnes.
Raumabana var fram til 1970-talet hovudkommunikasjonsåra for person- og posttrafikken mellom Møre og Romsdal og Oslo. Frå Ålesund, Molde og Kristiansund gjekk det buss til togavgangane på Åndalsnes. Etter at det vart bygd flyplassar i Ålesund (1958) og seinare Kristiansund (1970) og Molde (1972), fekk jernbana sterk konkurranse om dei reisande. Låg banestandard og umoderne, nedslite materiell bidrog til at passasjertala fall kraftig frå 1970-talet og seinare. Dei låge passasjertala førte at talet på togavgangar vart redusert. I 1997 var det berre tre avgangar frå Åndalsnes. I 2024 køyrer fire avgangar dagleg mellom Åndalsnes og Dombås. Les meir …