Åndalsnes stasjon

Åndalsnes stasjon er endestasjon på Raumabana, 114,2 kilometer frå Dombås stasjon, og opna då Raumabana stod ferdig i 1924. Stasjonen ligg i Åndalsnes i Rauma kommune.

Åndalsnes stasjon

Foto: Wojtek Michalski (2005)
Stasjonsområde
Stad Åndalsnes
Koordinatar 62°34′2″N 7°41′18″E / 62.56722°N 7.68833°E / 62.56722; 7.68833
Distanse 457,28
Opna 30. november 1924
Arkitekt Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel
Plattformer 2
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabana
Overgang
Kart
Åndalsnes stasjon

I 2011 reiste om lag 90 000 passasjerar til og frå Åndalsnes. [1]

Persontrafikk

endre

Raumabana var fram til 1970-talet hovudkommunikasjonsåra for person- og posttrafikken mellom Møre og Romsdal og Oslo. Frå Ålesund, Molde og Kristiansund gjekk det buss til togavgangane på Åndalsnes. Etter at det vart bygd flyplassar i Ålesund (1958) og seinare Kristiansund (1970) og Molde (1972), fekk jernbana sterk konkurranse om dei reisande. Låg banestandard og umoderne, nedslite materiell bidrog til at passasjertala fall kraftig frå 1970-talet og seinare.

Dei låge passasjertala førte at talet på togavgangar vart redusert. I 1997 var det berre tre avgangar frå Åndalsnes. I 1999 hadde talet auka til fem, men berre tre av desse vart køyrde med tog. Dei to siste avgangane vart køyrde med buss mellom Åndalsnes og Dombås. I 2024 køyrer fire avgangar dagleg mellom Åndalsnes og Dombås.

Nattog på Raumabana

endre

Fram til 2000 gjekk det nattog på Raumabana. På kveldsavgangane frå Åndalsnes, høvesvis Oslo, var det ei sovevogn med andre- og tredjeklasses sovekupéar og ei tredjeklasses sittevogn som vart kopla på nattoget til Oslo, høvesvis Åndalsnes under korrespondansen på Dombås.[2] Sumarstid vart det supplert med ekstra vogner. Nattoget gjekk alle netter unnateke natt til sundag.

Nattavgangane var ulønsamme for NSB, og eit av tiltaka i spareprogrammet Effekt600 (1996) var å leggje ned nattoget mellom Oslo og Åndalsnes.[3] Nattoget vart erstatta av buss i 2010.[4]

Stasjonsbygninga

endre

Stasjonsbygninga var teikna av Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel.[5]

Bygninga vart satt opp i 1923-24 etter eit omfattande arbeid med å gjere klar stasjonsområdet, som til dels bestod av ei fylling ute i Romsdalsfjorden. Kostnadane for sjølve stasjonsbygninga var 254 836 kroner og for heile stasjonsområdet 2 480 944 kroner. Attpåtil kom kostnadane for jernbanekaia, som var 850 920 kroner.[6]

Stasjonsbygninga er ei nyklassisistisk toetasjes bygning med kjellar, oppført i teglmur og betong, og dekka med puss. Taket er valma og tekt med kopparplater. Fyrste etasje inneheldt togekspedisjon, reisegodsekspedisjon og stasjonsmeisterkontor, vestibyle med telefonkiosk og toalett, venterom med restaurant og eit eige venterom for damer. Med inngang frå utsida var eit offentleg toalett for kvinner og menn med vaktrom. Seinare vart det innreidd eit velferdsrom for personalet i fyrste etasje. I andre etasje var det stasjonsmeisterbustad med to stuer, to soverom, kjøken og rom for tenestejenta. Dessutan hadde andre etasje tre overnattingsrom for personalet og eit eige kvilerom for telegrafistane. Kjellaren inneheldt bryggarhus for klesvask, kjelrom og lagerrom for mat og brensel.

Nytt utbygg i 1965

endre

I 1965 vart stasjonen ominnreidd og bygd ut då Norsk Spisevognselskap reiste eit større tilbygg med trafikkhall, restaurant og toalett, teikna av arkitekt Knut P. Bugge frå Molde. Tilbygget var ein stolpekonstruksjon i tre med glassfelt mellom stolpane og fasadeplater av asbestsement. Taket var flatt og tekt med papp. NSB overtok seinare drifta av tilbygget.

Restaurering i 2008-2009

endre

Tilbygget frå 1965 vart rive i 2008, og stasjonen gjekk gjennom ei omfattande rehabilitering for å få attende sin opphavlege utsjånad, samstundes som han skulle tilfredsstilla moderne krav til tilgjengelegheit.[7]

På plattformsida vart venterommet utvida med eit glassbygg på plattforma som stasjonen hadde hatt på 1920-talet. I austre ende, mot Åndalsnes sentrum, vart det bygd eit trappehus med heis for å gjere stasjonen tilgjengeleg for alle grupper. Den nye stasjonen vart offisielt opna av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i 2011.[8] Stasjonen vart elles fornya med nye plattformar, eit forkorta hovudtogspor og nytt parkanlegg.

Turisttrafikk

endre
 
Stortyskaren på Bjorli i 2003. Foto: SES

Frå 1993 til 2007 køyrde Norsk Museumstog turisttog med damplokomotiv og trevogner mellom Åndalsnes og Bjorli. Damplokomotiva som vart nytta var nr 2770 (Stortyskaren) og nr 271.

Frå 2008 blei turisttoga køyrde av NSB med moderne motorvogner (type 93) og Di 4-lokomotiv med vogner med type 5-vogner). Norsk Jernbanemuseum køyrer jamleg museumstog med diesellokomotiv og stålvogner. Inntil 2005 køyrde òg GM-Gruppen nokre chartertog og museale tog på bana.

The Golden Train

endre

Frå 2024 køyrer dagleg turisttoga «The Golden Train», der turistane utanom togreisa tur/retur Bjorli òg får oppleve andre sider av historia til bana, slik som Gulltransporten. Namnet spelar på hendingane då den norske gullreserven vart halden skjult langs Raumabana under andre verdskrigen. Materiellet som brukast er ei svensk motorvogn frå 1980-talet av typen Y1 som eiges av selskapet Arctic Train i Narvik, men planane er å nytta tyske lokomotiv og komfortable vogner.

Godstrafikk

endre

Godsterminalen var på stasjonsområdet frå opninga og fram til 1994. Stasjonen hadde kranar som kunne løfte 4,7 tonn og 15 tonn, og ei 50 tonns vognvekt. Rundt 1970 vart det sett opp ei større portalkran med løfteevne på 30 tonn, bygd for å løfte containerar. Krana blei riven etter at ein ny godsterminal på Øran vart teken i bruk i 1994.

I Åndalsnes fanst sidespor til Rauma Bruk, Norske Meieriers Salgssentralar, Rauma Industribygg, Norwegian Contractor og seinare Hustadmarmor. Skiftinga i Åndalsnes vart gjort av ulike skiftetraktorar og lokomotiv, blant anna av typane Skd 206 og Skd 220.

Hamneterminalen

endre

På hamnesporet i Åndalsnes var det omlasting mellom båt og jernbane. Frå stasjonen gjekk det sidespor til tre kaiar. Trelastkaia sidespor (Rauma Bruk) låg langs stranda i vestre ende av stasjonsområdet. Sporet vart lagt ned etter 1970 og rive på 1990-talet. Framfor kaibygget var ei lita svingskive der vogner med materialar kunne tørnas og skuvast med handmakt inn i bygninga. Vestre kai sidespor var sporet som gjekk ut på Jernbanekaia og stamma frå opninga av bana. Ved Vestre kai låg eit stort godshus frå 1962, teikna av Arvid Sundby. Godshuset vart rive og kaisporet brote rundt 2005. Norsk Tindemuseum sitt store museumsbygg og Romsdalsgondolen er bygd over sporet. Austre kai sidespor (Natokaia) vart opna i 1952 med to lastespor. Sporet ligg framleis, men har ingen kranar og er ikkje ein del av det nasjonale nettverket for havneterminalar.

Moderne godsterminal i Åndalsnes

endre

Stasjonsområdet i Åndalsnes var ueigna for moderne godstrafikk, og i 1994 vart Åndalsnes godsterminal bygd på Øran i søre del av Åndalsnes. Terminalen har hovudspor, to lastespor og hensettingsspor, og kan ekspedera containerar og vogntog lasta på jernbanevogner. Terminalen er eigd av BaneNOR, men driven av Onrail AS.[9] For å auke kapasiteten på terminalen har selskapet mellom anna investert i nye truckar.

Kulturminnet Åndalsnes stasjon

endre

Offentlege bygningars historikk, tilstand og kulturhistoriske verdi vart vurdert i den landsomfattande SEFRAK-registreringa frå 1978 til 1981. Registreringa av jernbanebygningar vart gjort av NSB Arkitektkontor, og bygningane vart omtala i delrapportar for kvart distrikt. Rapportane danna grunnlaget for den første verneplanen for jernbanebygningar som vart påbyrja i 1992 og omsett i eit høyringsutkast i 1993.[10]. Arbeidet ble avslutta i 1997.[11]

Åndalsnes lokstall vart foreslege verna grunna den sterke klassisistiske stilen og nære stilmessige tilknytninga til stasjonsbygninga. Lokstallen var òg svært autentisk og lite endra sida opninga. Grunna ombygginga og påbygget frå 1965 vart ikkje stasjonsbygninga vurdert i den fyrste verneplanen, men etter at bygninga vart restaurert og ført attende til sin opphavlege utsjånad, har ho seinare vorten verna.

Strekningsvern Bjorli - Åndalsnes

endre

Åndalsnes ligg på ei verna strekning. Den 58 kilometer lange strekninga frå Bjorli til Åndalsnes vart foreslege verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) på grunn av bana si spektakulære plassering og hennar velbevarte, opphavlege preg. Verneklassa var kategori C; bane med aktiv drift der moderne togdrift skal ta omsyn til kulturminnet.[12]

«

Vernevurdering (2004)
Raumabanen er en av Norges tidligste og fremste turistbaner. Allerede fra åpningen ble det satset på turisme, og strekningen Åndalsnes - Bjorli var velegnet for ekstratog for reisende med cruiseskip som la til i Åndalsnes. Landskapet er på hele strekningen dramatisk. "Verma-avsnittet" er spektakulært, med vendesløyfen, Kylling bro og Vermafossene som de største attraksjonene. Her er det konstruert og bygget jernbane gjennom et landskap som i utgangspunktet er helt uegnet for jernbanebygging.

Raumabanen viser i hovedsak et norsk jernbaneanlegg anno ca. 1920, bygget med datidens teknikker, utstyr og materialbruk. Anlegget er dessuten gjennomført på en forbilledlig måte hva terreng tilpasninger og formgiving av elementene angår. Banen representerer "steinepoken" ved de norske jernbaner. Tunnelportaler, forstøtningsmurer, kulverter, stikkrenner og broer er alt sammen kunstferdig oppmurt av lokal stein, noe som gjør at baneanlegget framstår som en helhet. Ytterligere ett element som beriker strekningen i jernbanehistorisk sammenheng er den intakte stolpekursen.

»

Kjelder

endre
  1. Jernbaneverket (2012). Stasjonsstrukturprosjektet. Dovrebanen (søndre del og Raumabanen}. s. 7. 
  2. Noregs Statsbanar (1950). Trykk 422. Plan for kjøring av sovevogner, nummererte sittevogner og spisevogner f.o.m. 10. juni 1950 (PDF). s. 7. 
  3. Noregs Statsbanar (1996). NSB Effekt 600. Forretningsplan Nye NSB Persontrafikk. s. 10. 
  4. «Buss erstatter nattog Oslo-Møre». NTB. 20. oktober 2000. 
  5. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. 
  6. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 101. 
  7. «Satser i Romsdalen». 12. november 2007. Henta 8. juni 2024. 
  8. «Stasjonsfornyelse på Åndalsnes». 27. mai 2011. Henta 8. juni 2024. 
  9. «Åndalsnes godsterminal». Henta 20. mai 2024. 
  10. Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Revidert opptrykk 1993. s. 43. 
  11. Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1997). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert mai 1997. 
  12. Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del I. Strekningsvern. s. 2, 56-58. 

Bibliografi

endre

Bakgrunnsstoff

endre