Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 3, 2022
Joe's Garage er ein rockeopera frå 1979 av Frank Zappa. Opphavleg vart prosjektet gjeve ut som to separate studioalbum på Zappa Records, men det vart sidan mastra på ny og gjeve ut som eit trippelalbum kalla Joe's Garage, Acts I, II & III i 1987. Soga vert fortald av ein rollefigur kalla «Central Scrutinizer» om Joe, ein vanleg tenåring, som dannar eit garagerockband, har utilfredsstillande forhold med kvinner, gjev alle pengane sine til ein statleg assistert og hyklersk religion, utforskar seksuelle aktivitetar med hjelpemiddel, og hamnar i fengsel. Etter å ha kome ut frå fengsel til eit dystopisk samfunn der sjølv musikk er forboden, glir han over i sinnsjuke.
Albumet omfattar mange musikkstilar. Tekstane er ofte satiriske eller komiske kommentarar om amerikansk samfunn og politikk. Dei omfattar tema som individualisme, fri vilje, sensur, musikkindustrien og seksualitet, og driv satire med katolisisme og scientologi. Opphavleg fekk det middels til positive meldingar, men kritikarane hylla den nyskapande og originale musikken, men kritiserte dei skatologiske, seksuelle og spottande tekstane. I seinare år er Joe's Garage trekt fram som eit av dei beste verka til Zappa. Les meir …