Joe's Garage
Studioalbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 17. september og 19. november 1979
Innspelt mars—juni 1979 ved Village Recorders «B», LA
Sjanger Rockeopera, progressiv rock, hardrock, jazzfusion, komedierock
Lengd 1:55:14
Selskap Zappa Records
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Orchestral Favorites
(1979)
Joe's Garage Tinseltown Rebellion
(1981)
Singlar frå Joe's Garage
  1. «Joe's Garage»
    Utgjeve: 29. oktober 1979
  2. «Stick It Out»

Joe's Garage er ein rockeopera frå 1979 av Frank Zappa. Zappa skildra albumet som ei «idiotisk lita soge om korleis styresmaktene skal kvitte seg med musikk».[1] Opphavleg vart prosjektet gjeve ut som to separate studioalbumZappa Records, men det vart sidan mastra på ny og gjeve ut som eit trippelalbum kalla Joe's Garage, Acts I, II & III i 1987. Soga vert fortald av ein rollefigur kalla «Central Scrutinizer» om Joe, ein vanleg tenåring, som dannar eit garagerockband, har utilfredsstillande forhold med kvinner, gjev alle pengane sine til ein statleg assistert og hyklersk religion, utforskar seksuelle aktivitetar med hjelpemiddel, og hamnar i fengsel. Etter å ha kome ut frå fengsel til eit dystopisk samfunn der sjølv musikk er forboden, glir han over i sinnsjuke.

Albumet omfattar mange musikkstilar. Tekstane er ofte satiriske eller komiske kommentarar om amerikansk samfunn og politikk. Dei omfattar tema som individualisme, fri vilje, sensur, musikkindustrien og seksualitet, og driv satire med katolisisme og scientologi. Joe's Garage er kjent for bruken av xenokroni, ein innspelingsteknikk der gitarsoloar frå eldre konsertopptak vert nytta i lag med nye studioinnspelingar. Alle gitarsoloane på albumet er spelte inn på denne måten, utanom «Crew Slut» og «Watermelon in Easter Hay», ein signaturlåt for Zappa, som han sjølv skildra som den beste på albumet, og som i følgje sonen Dweezil er den beste gitarsoloen faren nokon gong spelte.

Albumet fekk opphavleg middels til positive meldingar, men kritikarane hylla den nyskapande og originale musikken, men kritiserte dei skatologiske, seksuelle og spottande tekstane. I seinare år er Joe's Garage trekt fram som eit av dei beste verka til Zappa.

Bakgrunn endre

Etter ha kome seg laus frå kontrakten med Warner Bros. Records, skipa Frank Zappa selskapet Zappa Records, som på den tida vart distribuert av Phonogram Inc.. Han gav ut det suksessrike dobbeltalbumet Sheik Yerbouti (1979, innspelt 8/1977-2/1978), og byrja å arbeide på songane til ein oppfølgjar.[2][3]:370 Songane «Joe's Garage» og «Catholic Girls» vart spelt inn for ein singel.[2][4] Under utviklinga av Joe's Garage, spelte bandet til Zappa inn lange jammar, som Zappa seinare forma til albumet.[5]:331 Albumet heldt òg fram utviklinga av xenokroniteknikken, som Zappa først nytta på One Size Fits All (1975), der eldre konsertopptak vert nytta til å skape nye komposisjonar ved å legge til lydspor på dei i studio,[6][7] eller la trommeslagaren Vinnie Colaiuta improvisere eit trommespor for tidlegare innspelte stykke.[7]

Halvvegs gjennom innspelinga av albumet, bestemte Zappa seg for å knyte songane saman og skrive ein historie, som endra det nye albumet til ein rockeopera.[2]:149 Joe's Garage vart det siste albumet Zappa spelte inn i eit kommersielt studio.[7] Zappa sitt eige studio, Utility Muffin Research Kitchen, vart bygd heime hos Zappa og stod ferdig seint i 1979, og vart nytta til å spele inn og mikse alle dei framtidige albuma hans.[7]

Stil og innverknad endre

Tekst og historie endre

Tekstane på Joe's Garage omhandla individualisme, seksualitet, faren med store styresmakter, og «dumme kvite menn», i følgje Kelly Fisher Lowe i The Words and Music of Frank Zappa.[2]:149 Albumet vert fortalt av ein statleg tilsett som kallar seg sjølv The Central Scrutinizer, som leverer ei åtvarande soge om Joe, ein typisk tenåring som dannar eit band, samstundes med at regjeringa førebur ei kriminalisering av musikk.[2]:150 The Central Scrutinizer forklarer at musikk fører til eit «skråplan» med narkotikabruk, sjukdom, uvanleg seksuell praksis, fengsel og til slutt galskap.[2]:150 I følgje Scott Schinder og Andy Schwartz, reflekterer forteljinga til Zappa sensuren av musikk under den iranske revolusjonen i 1979, der rockemusikk vart ulovleg.[3]:370

Tittelsporet har eit viss sjølvbiografisk aspekt, der karakteren Larry (spelt av Zappa sjølv) syng at bandet spelar den same songen om att og om att fordi «det høyrtes bra ut for meg».[2]:150 I det verkelege livet har Zappa sagt at han skreiv og spelte musikk for seg sjølv og berre han sjølv.[2]:150 Teksten er òg inspirert av band som spelar i barar, som The Mothers of Invention ein gong gjorde, og dei tvilsame platekontraktane Zappa hadde opplevd tidlegare.[2]:150 I «Joe's Garage» finn Joe ut at musikkindustrien ikkje er heilt det det ser ut til å vere («not everything it is cracked up to be»).[2]:151 Songen refererer til fleire musikkmotar som new wave, heavy metal, disco og glamrock, og er kritisk til musikkindustrien seint i 1970-åra.[2]:151

«Catholic Girls» er kritisk mot den katolske kyrkja og omhandlar satirisk «hylkeriet med myta om den gode katolske jenta».[2]:151 Zappa var for den seksuelle revolusjonen, og rekna seg sjølv som ein pioner i å offentleg diskutere samleie på ærleg vis, og sa

«amerikansk seksuell haldning vert kontrollert som eit naudsynt verktøy for forretningsverksemder og staten for å underbygge seg sjølv. Med mindre folk byrjar å gjennomskode det, å sjå forbi det, kva sex verkeleg handlar om, vil dei alltid kome til å ha dei same nevrotiske haldningane. Det er svært fint pakka inn. Det fungerer hand i hand med kyrkjer og politiske leiarar kvar gong det er eit val på gang».[8]

Dette synet inspirerte teksten til «Crew Slut», der Mary, kjærasten til Joe, hamnar i ein groupie-livsstil, og deltek i ein våt t-skjorte-konkurranse på det neste sporet, «Wet T-Shirt Nite».[8][9]

«Why Does It Hurt When I Pee?» vart skriven sommaren 1978.[10] Turnémanagaren til Zappa, Phil Kaufman, hevda at songen vart skriven etter at Kaufman hadde sagt nettopp dette. På albumet vert han sungen etter Joe får ein kjønnsjukdom frå Lucille, «a girl, who works at the Jack in the Box».[10] The Central Scrutinizer held fram med hypotesen om at «girls, music, disease, heartbreak [...] all go together» (jenter, musikk, sjukdom, hjartesorg heng alle saman).[2]:155 Halvvegs gjennom soga syng Zappa at regjeringa trur at alle folk har ein kriminell i seg, og kjem stadig med nye lover slik at staten kan arrestere folk, noko som fører til ei kriminalisering av musikk mot slutten av historia på albumet.[2]:155

«A Token of My Extreme» er ein satirisk tekst om scientologi og L. Ron Hubbard, i tillegg til new age-tru og den seksuelle revolusjonen.[2]:155[11]:114 Han skildrar ein hyklersk religion, som samarbeider med eit «skadefro totaltært regime».[12] «Stick It Out» inneheld tekstreferansar til Zappa-songar «What Kind Of Girl», «Bwana Dik» og «Dancin' Fool».[13] «Dong Work For Yuda» vart skriven som ei hyllest til livvakta til Zappa, John Smothers, og Terry Bozzio imiterer talemåten til Smothers.[14] «Keep It Greasy» er ei hyllest til analsex.[2]:157 Etter at Joe vert fengsla, skildrar teksten ei dystopisk framtid, i lag med lange gitarsoloar som Joe førestiller eg i hovudet sitt.[2]:159 Den tredje siste songen, «Packard Goose», kritiserer rockejournalismen og består av ein filosofisk monolog levert av rollefiguren Mary, som har vorte borte sidan første del av soga.[2]:158–159 I den siste songen, «A Little Green Rosetta», gjev Joe opp musikk og kjem til sans og samling att, og får ein «god jobb» på the Utility Muffin Research Kitchen Facility (ein referanse til det personlege studioet til Zappa), og the Central Scrutinizer skrur av den plastiske megafonen han har kviskra gjennom og syng den siste songen på albumet med den vanlege stemma si, og deltar på eit langt nummer i lag med dei fleste som arbeidde med Zappa kring 1979.

Musikk og framføring endre

 
Joe's Garage er kjend for dei lange gitarsoloane.

Musikken på Joe's Garage omfattar mange stilartar, som blues, jazz, doo wop, lounge, orkestermusikk, rock, pop og reggae.[2] «Catholic Girls» er ein musikalsk referanse til den kontroversielle songen «Jewish Princess», der ein sitar spelar melodien til den tidlegare songen under avslutninga av «Catholic Girls».[2] «Crew Slut» vert framført som ein langsam blues, med slidegitarriff og ein munnspelsolo.[2]:152–153[5]:333 I følgje Kelly Fisher Lowe, er songen «meir Rolling Stones eller Aerosmith enn det er Gatemouth Brown eller Guitar Watson».[2]:152–153 Den lengre tre og eit halv minutt lange, todelte gitarsoloen i «Toad-O-Line» er henta frå ein tidlegare Zappa-song, «Inca Roads».[15]

«A Token Of My Extreme» var opphavleg ein instrumental song spelt under improvisasjonar med saksofonisten Napoleon Murphy Brock og George Duke på klaverinstrument. Han opna ofte konsertane til Zappa i 1974, og ei innspeling av denne versjonen av stykket vart gjeven ut som «Tush Tush Tush (A Token of My Extreme)» på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2.[2]:155

«Lucille Has Messed My Mind Up» kom først ut på Jeff Simmons sitt album med same namn, der songen er tilskriven «La Marr Bruister», eit av psevdonyma til Zappa.[16] Joe's Garage-arrangementet er heilt anna, spelt som ein reggaesong.[16] «Stick It Out» oppstod som ein del av Mothers of Invention sin «Sofa»-rutine tidleg i 1970-åra.[2]:120 Joe's Garage-versjonen er musikalsk påverka av funk og disco, med teksten først sungen på tysk, og så på engelsk.[2]:156[17]:270 «Sy Borg» er basert på funk, reggae og R&B.[2]:154, 156

«Keep It Greasy» hadde blitt spelt av Zappa sidan 1975. Versjonen på Joe's Garage er basert på ein gitarsolo frå ein konsert frå mars 1979 på songen «City of Tiny Lights».[2] Ein annan gitarsolo frå mars 1979 frå den same «City of Tiny Lights» vert blanda inn i songen «Outside Now» ved hjelp av den same innspelingsteknikken.[2] «Packard Goose» nyttar òg xenokroni, med gitarsolo henta frå ei innspeling frå mars 1979 av «Easy Meat».[2]

Albumet avsluttar med ein lang gitarinstrumental, «Watermelon in Easter Hay», den einaste gitarsoloen som er innspelt for albumet, i 9/4-takt. Alle dei andre gitarsoloane på albumet var xenokroni—overdubba frå eldre konsertopptak.[2]:154[9]:381 I meldinga si av albumet kritiserte magasinet Down Beat denne songen,[9]:376 men dei fleste kritikarane har sidan hylla songen som eit meisterverk av Zappa. Lowe kalla han «meisterverket på albumet» og «eit av dei flottaste musikkstykka som nokon gong er laga».[2]:159 Zappa fortalte Neil Slaven at han sjølv syntest songen «var den beste songen på albumet».[9]:376 Tittelen på songen skal ha kome frå eit uttrykk Zappa nytta då dei spelte inn albumet «Å spele ein gitarsolo med dette bandet er som å prøve å dyrke vassmelonar i Easter hay". Etter Zappa døydde vart «Watermelon in Easter Hay» kjend som ein av signaturlåtane hans, og sonen Dweezil Zappa kalla seinare songen «den beste soloen Zappa nokon gong spelte».[18]:90–91

Songen er etterfølgd av «A Little Green Rosetta», ein song som opphavleg var meint for det skrinlagde albumet Läther, men spelt inn på ny med ny tekst for Joe's Garage.[2]:159[19]

Utgjeving endre

Joe's Garage vart først gjeve ut som separate plater, og starta med ein enkel LP, Act I, i september 1979. For omslaget vart Zappa fotografert med andletet farga svart, og med ein mopp i handa.[9]:381 Tittelsporet vart gjeve ut som singel med «The Central Scrutinizer» som B-side. Han gjekk ikkje inn på listene.[20]

Act I nådde 27. plassen på Billboard-lista.[21] Han vart følgd opp av dobbeltalbum Acts II & III i november.[2] Acts II & III nådde 53. plassen på Billboard-lista.[22]

Joe's Garage vart gjeve ut på ny i 1987 so eit trippelalbum, med Acts I, II & III i ein enkel boks, og som dobbeltalbumCD.[2] Songen «Wet T-Shirt Nite» fekk to alternative titlar då albumet kom ut på CD. Teksten omtalte songen som «The Wet T-Shirt Contest», medan tittelen på omslaget kalla han «Fembot in a Wet T-Shirt".[23] I eit intervju forklarte Zappa at «fembot» var namnet gjeven ein kvinneleg robot i ein episode av fjernsynsserien The Six Million Dollar Man.[23] I tillegg fekk instrumentalen «Toad-O Line» namnet «On the Bus».[24] The Central Scrutinizer-monologen på slutten av «Lucille Has Messed My Mind Up», som avsluttar første akt, vart indeksert som eit eige spor på CD-utgjevinga, under tittelen «Scrutinizer Postlude».[16]

Mottaking og ettermæle endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic (Acts I, II & III)     [25]
Allmusic (Act I)     [26]
Allmusic (Acts II & III)     [27]
Rolling Stone(positiv)[28]

Joe's Garage fekk middels til positiv kritikk då det kom ut, og kritikarane retta hovudsakleg kritikken mot dei grove tekstane. Albumet er sidan hylla som eit landemerke.[2] Allmusic-skribent William Ruhlmann gav 3 av 5 stjerner for dei individuelle utgjevingane Act I og Acts II & III.[26][27] Ruhlmann skreiv om Act I, «sjølv om uroa hans med sensur frå styresmaktene seinare skulle tre fram i kampen hans med Parents Music Resource Center (PMRC), klarte han ikkje her å nytta dette til ein tilfredsstillande dramatisk funksjon.».[27]

Don Shewey frå Rolling Stone skreiv, «Om overflata av denne operaen er overfylt med billige poeng og musikalsk rot, finst sjela til albumet i ei djup eksistensiell sorg. Gitarsoloane som hat Zappa speler i Joe sin fantasi brenn med ein einsemd og frykteleg venleik. Med sine manglar, er Joe's Garage Frank Zappa sin Apocalypse Now».[28] Samla sett fekk Acts I, II & III 4,5 av 5 stjerner av Steve Huey frå Allmusic, som skreiv «trass i manglane sine, har Joe's Garage nok substans til å vere eit av dei viktigaste albuma og politiske temaet til Zappa frå 70-åra, sjølv om det ikkje er fokusert nok til å nå heilt opp til dei tidlegare meisterverka med Mothers of Invention».[25]

For arbeidet sitt på Joe's Garage vart Vinnie Colaiuta kalla «den teknisk sett mest avanserte trommeslagaren nokon gong» av Modern Drummer, som rangerte albumet som eit av dei 25 beste trommealbuma gjennom tidene.[29]:58 Den 26. september 2008 vart Joe's Garage sett opp på teaterscenen av Open Fist Theatre Company i Los Angeles, ein produksjon godkjend av Zappa Family Trust.[30]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Act I
Nr.TittelLengd
1.«The Central Scrutinizer»3:28
2.«Joe's Garage»6:10
3.«Catholic Girls»4:26
4.«Crew Slut»6:31
5.«Wet T-Shirt Nite»4:45
6.«Toad-O Line»4:19
7.«Why Does It Hurt When I Pee?»2:36
8.«Lucille Has Messed My Mind Up»7:17
Total lengd:39:32
Act II
Nr.TittelLengd
1.«A Token of My Extreme»5:30
2.«Stick It Out»4:34
3.«Sy Borg»8:56
4.«Dong Work for Yuda»5:03
5.«Keep It Greasey»8:22
6.«Outside Now»5:50
Total lengd:38:15
Act III
Nr.TittelLengd
1.«He Used to Cut the Grass»8:35
2.«Packard Goose»11:34
3.«Watermelon in Easter Hay»9:09
4.«A Little Green Rosetta»8:15
Total lengd:37:33

Medverkande endre

Rollefigurar endre

  • Frank Zappa – Central Scrutinizer, Larry, L. Ron Hoover, Father Riley & Buddy Jones
  • Ike Willis – Joe
  • Dale Bozzio – Mary
  • Denny Walley – Mrs. Borg
  • Al Malkin – Officer Butzis
  • Warren Cuccurullo & Ed Mann – Sy Borg
  • Terry Bozzio – Bald-Headed John
  • Al Malkin, Warren Cucurullo, Dale Bozzio, Geordie Hormel, Barbara Issak & most of the people who work at Village Recorders (circa 1979) – The Utility Muffin Research Kitchen Chorus

Musikarar endre

Produksjon endre

  • Ferenc Dobronyi – Plateomslag
  • Steve Alsberg – Prosjektkoordinator
  • Joe Chiccarelli – Lydteknikar, miksing, innspeling
  • Norman Seeff – Fotografi
  • John Williams – Illustrasjonar
  • Steve Nye – Remiksing
  • Mick Glossop – Remiksing
  • Stan Ricker – Mastering
  • Jack Hunt – Mastering
  • Thomas Nordegg – Assistent
  • Tom Cummings – Assistent

Salslister endre

Album - Billboard (Nord-Amerika)

Joe's Garage Act I
År Liste Plassering
1979 Pop Albums 27[21]
Joe's Garage Acts II & III
År Liste Plassering
1979 Pop Albums 53[22]

Kjelder endre

  1. Bill Robertson (Nov 24, 1979). «Frank Zappa, Joe's Garage Act One, Zappa Records, (dis. PolyGram)». Star Phoenix. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 2,20 2,21 2,22 2,23 2,24 2,25 2,26 2,27 2,28 2,29 2,30 2,31 2,32 2,33 2,34 Lowe, Kelly Fisher (2007). The Words and Music of Frank Zappa. University of Nebraska Press. ISBN 978-0-8032-6005-4. 
  3. 3,0 3,1 Schinder, Scott; Andy Schwartz (2008). Icons of Rock 2. Greenwood Publishing Group. ISBN 0313338477. 
  4. Swenson, John (13. desember 1979). «Frank Zappa: The Myth Of 'Joe's Garage'». Rolling Stone. 
  5. 5,0 5,1 Courrier, Kevin (2002). Dangerous Kitchen: The Subversive World of Zappa. ECW Press. ISBN 1550224476. 
  6. Gulla, Bob (2008). Guitar Gods: The 25 Players Who Made Rock Historie. Afvt.-CLIO. ISBN 0313358060. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Michie, Chris (januar 1, 2003). «We are the Mothers...and This Is What We Sound Like!». Mix. Arkivert frå originalen 11. februar 2012. Henta 21 februar 2012. 
  8. 8,0 8,1 Miles, Barry (2004). Zappa. Grove Press. s. 284–285. ISBN 080211783X. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Slaven, Niel (1997). Electric Don Quixote: The Definitive Story Of Frank Zappa. Music Sales Group. ISBN 0857120433. 
  10. 10,0 10,1 François Couture. «Why Does It Hurt When I Pee?». AllMusic. Henta 26. juni 2014. 
  11. Bould, Mark; Butler, Andrew M, red. (2009). «L. Ron Hubbard (1911-86)». Fifty Key Figures in Science Fiction. Taylor & Francis. ISBN 9780415439503. 
  12. Prince, Michael J. (Spring 2005). «The Science Fiction Protocols of Frank Zappa». Chapter&Verse (PopMatters Media, Inc.). 
  13. François Couture. «Stick It Out». AllMusic. Henta 26. juni 2014. 
  14. François Couture. «Dong Work for Yuda». AllMusic. Henta 26. juni 2014. 
  15. «Inca Roads: FZ album(s) in which song has appeared» at globalia.net
  16. 16,0 16,1 16,2 François Couture. «Lucille Has Messed My Mind Up». AllMusic. Henta 26. juni 2014. 
  17. Watson, Ben (1996). Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play. St. Martin's Press. ISBN 978-0312141240. 
  18. Drenching, T.H.F. (2005). «'Watermelon In Easter Hay': The Function of the Reverb Unit & the Poverty of the Individual Spirit». I Watson, Ben; Leslie, Esther. Academy Zappa: Proceedings of the First International Conference of Esemplastic Zappology. SAF Publishing Ltd. ISBN 9780946719792. 
  19. by François Couture. «A Little Green Rosetta». AllMusic. Henta 26. juni 2014. 
  20. François Couture. «Joe's Garage». AllMusic. Henta 26. juni 2014. 
  21. 21,0 21,1 «Salslister and Awards for Joe's Garage Act I». Allmusic. Henta 7. juni 2014. 
  22. 22,0 22,1 «Salslister and Awards for Joe's Garage Acts II & III». Allmusic. Henta 7. juni 2014. 
  23. 23,0 23,1 François Couture. «Wet T-Shirt Night». AllMusic. Henta 26. juni 2014. 
  24. François Couture. «Toad O Line». AllMusic. Henta 26. juni 2014. 
  25. 25,0 25,1 Huey, S. (2011). «Joe's Garage: Acts I, II & III - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  26. 26,0 26,1 Ruhlmann, W. (2011). «Joe's Garage: Act I - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  27. 27,0 27,1 27,2 Ruhlmann, W. (2011). «Joe's Garage: Acts II & III - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  28. 28,0 28,1 Shewey, D. (20 mars 1980). «Frank Zappa: Joe's Garage Acts I, II and III: Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 25. mai 2009. Henta 10 mai 2012. 
  29. Lackowski, Rich (2008). On the Beaten Path, Progressive Rock: The Drummer's Guide to the Genre and the Legends Who Defined It. Alfred Music Publishing. ISBN 0739056719. 
  30. Morris, Stephen Leigh (2008), «Frank Zappa's Joe's Garage Gets Its Premiere 29 Years On Arkivert 2013-12-14 ved Wayback Machine.», LA Weekly.