Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2015
Heinrich Böll (1917−1985) var ein tysk forfattar og omsettar. Han blir rekna som ein av dei viktigaste tyske etterkrigsforfattarane, og fekk i 1972 Nobelprisen i litteratur «för en diktning som genom sin förening av tidshistorisk vidsyn och ömsint gestaltningsförmåga verkat förnyande inom tysk litteratur».
Familien hans hadde ei avvisande haldning til nasjonalsosialistane, men han måtte likevel i soldatteneste i Wehrmacht frå 1939 til 1945.
Den første store triumfen til Heinrich Böll var debuten hos «Gruppe 47» i mai 1951 med satiren Die schwarzen Schafe. I 1970 blei han utnemnd til president i PEN-klubben i Tyskland (til 1972) og kort tid seinare til president i den internasjonale PEN-klubben, eit verv han hadde til 1974. Les meir …