Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 35, 2022
Granada er ein by i Andalucía, sør i Spania. Byen ligg ved foten av fjellrekkja Sierra Nevada, ved samløpet til fire elvar: Darro, Genil, Monachil og Beiro. Han er provinshovudstad i provinsen Granada.
Staden vart folkesett i oldtida av iberarar, romarar og visigotar. Busetnaden vart ein større by i Al-Andalus på 1000-talet under Taifaen Granada. På 1200-talet vart han hovudstad for Emiratet Granada under Nasridedynastiet, den siste staten styrt av muslimar på Den iberiske halvøya. Granada vart erobra i 1492 av dei katolske monarkane og omforma til ein kristen by i løpet av 1500-talet. Alhambra, eit citadell og palass frå Nasridedynastiet, ligg i Granada. Det er eit av dei best kjende døme på muslimsk arkitektur, og eit av dei mest vitja turistmåla i Spania. Les meir …