Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2024

Storfe som et surfôr

Surfôr er fôr som er hausta ferskt og enten pressa til rundballar, eller plassert i ein silo. Fellesnemnaren er at fôret vert pakka saman og lufta pressa ut, og/eller innsprøytt ensileringsmiddel som fører til eit fall i pH og skapar eit miljø for bakteriar, som gjer fôret surare, og mykje mindre utsett for soppskadar. Det toler då lagringa mykje betre, utan at fôret blir øydelagt. Ensileringsmiddel vert sprøytt inn i fôret enten rett før det vert pressa, eller teke opp i vogn. Middelet fungerer best med høgt sukkerinnhald i fôret, noko ein får ved å hausta graset når det er tørt. Tårnsiloen var den opphavlege måten å konservera surfôr på, og i Noreg var han den dominerande typen fram til rundballpressene vart innførte. Les meir …