Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2021

Elinor Glyn måla av Philip Alexius de Laszlo

Elinor Glyn (1864–1943) var ein britisk forfattar som skreiv kjærleiksromanar og filmmanus. Ho innførte omgrepet «It», som i It-girl, og stod bak filmar til fleire tidlege Hollywood-stjerner som Clara Bow, Gloria Swanson og Rudolph Valentino.

Den største merksemda hennar kom frå romanen Three Weeks frå 1907. Boka handlar om eit forhold om ei gift, eksotisk dronning frå Balkan og ein ung britisk aristokrat som ho lærer opp i å elska. Boka selde i store mengder, med over 2 millionar eksemplar selt til 1916 og over 5 millionar til 1933. I 1920 drog Glyn til USA. Ho var blitt invitert til Hollywood av Famous Players–Lasky for å skriva manus og hjelpa ved filmatiseringa av The Great Moment, regissert av Sam Woods. Opphaldet hennar varte i ni år, og i denne tida var Glyn involvert i 11 ulike produksjonar. I USA framstilte ho seg som ganske lik heltinnnene sine, med ei aristokratisk, litt eksotisk framtoning med raudfarga hår og sminke som gjorde augo hennar meir «katteaktige». Samstundes oppførte ho seg som ei konvensjonell engelsk overklassedame som serverte te. Les meir …