Elinor Glyn

britisk skodespelar

Elinor Glyn (17. oktober 186423. september 1943), fødd Elinor Sutherland, var ein britisk forfattar som skreiv kjærleiksromanar og filmmanus rekna som dristige for samtida si. Ho innførte omgrepet «It», som i It-girl, og stod bak filmar til fleire tidlege Hollywood-stjerner som Clara Bow, Gloria Swanson og Rudolph Valentino.

Elinor Glyn
Elinor Glyn 02.jpg
Pseudonym Elinor Glyn
Fødd 17. oktober 1864
Saint Helier
Død

23. september 1943 (78 år)
London

Yrke skodespelar, romanforfattar, skribent, manusforfattar, filmregissør
Far Douglas Sutherland
Ektefelle Clayton Louis Glyn
Born Margot Elinor Glyn, Juliet Rhys-Williams
Elinor Glyn på Commons

LivEndra

Glyn var fødd i Saint HelierJersey, ei av Kanaløyane. Ho var ei yngre dotter av Douglas Sutherland (1838–1865), ein sivilingeniør av skotsk avstamming, og kona hans Elinor Saunders (1841–1937), frå ein anglo-fransk familie som hadde busett seg i Canada.[1][2] Ho var ei yngre syster av Lucy Christina Duff Gordon, lady Duff Gordon, som var kjend som motedesignaren «Lucile».

Faren til Elinor døydde då ho var to månader gammal, og mora flytta med dei to døtrene tilbake til foreldra sine i Guelph i dåverande Øvre Canada i Britisk Nord-Amerika (no i Ontario i Canada).[3] Her fekk Glyn opplæring frå mormora si i korleis ein skulle te seg i den øvre sosieteten. Denne treninga gav henne ikkje berre inngang til aristrokratiske selskap då ho vende tilbake til Europa, men gav ho òg ei stilling som ein autoritet når det gjaldt stil og god oppseding då ho arbeidde i Hollywood på 1920-talet.

Mor til Glyn gifta seg opp att i 1871 med David Kennedy, og familien vende tilbake til Jersey då Glyn var rundt åtte år gammal.[4] Deretter fekk ho heimeundervising av ulike guvernanter.[5]

 
Elinor Glyn (1927) av Philip Alexius de Laszlo.

27. april 1892 gifta gifta Elinor seg med Clayton Louis Glyn (13. juli 1857–10. november 1915), ein rik men øydsel skrankeadvokat og landeigar i Essex. Han stamma frå sir Richard Carr Glyn, som hadde vore Lord Mayor of London på 1700-talet.[6] Dei fekk to døtrer, Margot og Juliet.

Ekteskapet fekk etterkvart problem, og Glyn byrja ha tilhøve til ulike britiske aristokratar. Den kjende boka hennar Three Weeks skal ha blitt inspirert av forholdet hennar med den 16 år yngre lord Alistair Innes Ker, broren til hertugen av Roxburghe, og skapte skandale.[5] Ho hadde eit langvarig forhold med George Curzon, 1. marki Curzon av Kedleston mellom cirka 1907 og 1916.[7] Ho blei portrettert av sosietetsmålaren Philip de László då ho var 48.[8] Måleriet skal ha blitt bestilt av lord Curzon, som også gav henne safirane ho hadde på seg på bildet.

Clayton Glyn byrja koma i gjeld frå rundt 1908, og deretter skreiv Elinor Glyn minst ein roman kvart år for å halda på levestandarden sin. Ektemannen døydde i 1915, 58 år gammal, etter å ha vore sjuk i fleire år.

I 1920 drog Glyn til USA. Ho var blitt invitert til Hollywood av Famous Players–Lasky for å skriva manus og bistå i produksjonen av filmatiseringa av The Great Moment, regissert av Sam Woods.[9] Opphaldet hennar varte i ni år, og i denne tida var Glyn involvert i 11 ulike produksjonar.[10] I USA framstilte ho seg som ganske lik heltinnnene sine, med ei aristokratisk, litt eksotisk framtoning med raudfarga hår og sminke som gjorde augo hennar meir «katteaktige». Tigerskinnet, eit kjent motiv frå suksessromanen, skodespel og filmane Three Weeks, var ein viktig rekvisitt når ho gav intervju. Samstundes oppførte ho seg som ei konvensjonell engelsk overklassedame som serverte te.[10]

KarriereEndra

 
Elinor Glyn i 1900.

Glyn byrja skriva i 1900. Den fyrste boka hennar var Visits of Elizabeth, ein brevroman som bygde på brev Glun hadde skrive til mor si. Lady Angela Forbes hevda i memoara sine at Glyn hadde brukt henne som prototypen for hovudpersonen Elizabeth.[11] Glyn brukte i alle høve si eiga fyrste reise til USA i 1908 som inspirasjon for oppfølgjaren Elizabeth visits America.[5]

Den største merksemda hennar kom frå romanen Three Weeks frå 1907. Boka handlar om eit forhold om ei gift, eksotisk dronning frå Balkan og ein ung britisk aristokrat som ho lærer opp i å elska. Boka selde i store mengder, med over 2 millionar eksemplar selt til 1916 og over 5 millionar til 1933.

Glyn var ein pioner innan dei såkalla dristige kjærleiksromanane for kvinner, og romanane hennar var rekna som nokså skandaløse i samtida. Ho skapte omgrepet it (det) som eit omgrep for tiltrekkingskraft, ofte forklart som seksuell tiltrekkingskraft. Tidleg på 1900-talet var ho den feira forfattaren av bestseljarane It, Three Weeks, Beyond the Rocks og andre romanar som då blei rekna som ganske dristige.

Under fyrste verdskrigen verka ho som krigskorrespondent. Ho var til stades ved signeringa av Versailles-traktaten som ei av berre to kvinner.[5]

I 1919 skreiv ho ein kontrakt med William Randolph Hearst sitt International Magazine Company for å skriva soger og artiklar for blada deira.[12] Ho skreiv for Cosmopolitan og andre utgjevingar i selskapet som gav råd til kvinner om forhold, helse og venleik. The Elinor Glyn System of Writing frå 1922 gjev råd om å skriva for Hollywood-studio og magasin.[13]

Med populariteten og ryktet skapt av bøkene hennar flytta Glyn til Hollywood for å arbeida i filmindustrien i 1920. Ho skreiv manus for Famous Players-Lasky Production Company (seinare Paramount).[14] I tillegg til å skriva stumfilm-manus for MGM og Paramount Pictures hadde ho ein kort karriere som ein av dei fyrste kvinnelege regissørane i Hollywood.[15] Ho er kreditert med 28 manus, 3 produsentroller og to regissørroller.[16]

På 1920-talet stod Glyn bak fleire filmmanus, Six Hours (1923), Three Weeks (1924) His Hour (1924), regissert av King Vidor, Love's Blindness (1926), Man and Maid (1925), The Only Thing (1925), Ritzy (1927), Red Hair (1928), ein komedie om lidenskapane til raudhåra folk. I 1930 skreiv ho manus for den fyrste lydfilmen sin, Such Men Are Dangerous. Dette var det siste manuset ho skreiv i USA.[16]

 
Gloria Swanson, Elinor Glyn og Wallace Reid avbilda i Photoplay i 1921.
 
Reklameplakat for The World's a Stage (1922) med bilde av Elinor Glyn.

Ho hadde mindre opptredenar i fleire av filmane, men meinte truleg sjølv at det viktigaste bidraget hennar var å visa korleis viktige scenar skulle spelast. Ho samarbeidde med Rudolph Valentino om å utvikla han som kjendis, både som skodespelar og offentleg person. Til dømes viste ho han korleis han skulle kyssa ei hand på «europeisk vis», ved å kyssa handflata i staden for handbaken, noko Valentino gjorde fleire gonger i Beyond the Rocks.[10] Denne filmen blei laga som stumfilm i 1922 med Sam Wood som regissør og Gloria Swanson og Rudolph Valentino som romantisk par.

Glyn har også fått æra for å ha omskapt Gloria Swanson frå eit image som ei fnisande ungjente til ei elegant og mogen stjerne. I 1927 hjelpte Glyn til med å gjera ei stjerne av skodespelaren Clara Bow, som blei den første personen kjend under uttrykket «the It girl», og spelte i suksessfilmen It (1927) som bygger på eit av Glyn sine verk. Glyn opptrer sjølv i filmen med ein definisjon på kva «it» er. Filmen markerer likevel ein konflikt mellom Glyn sitt aristokratiske, avmålte ideal for kjærleik og erotikk, og Bow sin livlege opptreden som ei typiske flapper-jente.[10]

I tillegg til romanar skreiv Elinor Glyn fleire bøker eller manualar med råd. The Philosophy of Love, ein manual ho gav ut i 1923, selde i 250 000 eksemplar i løpet av seks månader.[10]

I 1924 skipa familien hennar føretaket Elinor Glyn Ltd., som ho overførte opphavsrettane sine til mot å få ei inntekt frå. Selskapet var ein tidleg pioner i merkevarebygging på tvers av media.[17]

Glyn vende tilbake til England i 1929, dels på grunn av skattekrav i USA. Ho byrja å regissera filmar her også, men fekk ingen suksess. Den første filmen ho regisserte, Knowing Men frå 1930, hadde store problem, og manusforfattaren Edward Knoblock saksøkte Glyn slik at verket ikkje kunne sleppast. Elinor Glyn Ltd. produserte ein ny film i 1930, The Price of Things, som heller ikkje fekk suksess og aldri blei sloppen i USA. Etter å ha brukt opp mange av midla sine valde Glyn å stoppa med filmarbeid og venda tilbake til romanskriving.[14] Ho gav ut den siste romanen sin, The Third Eye, i 1940.[5]

Glyn døydde etter ein kort sjukdom i 1943, i 39 Royal Avenue i Chelsea i London, 78 år gammal.[18] Ho blei kremert ved Golders Green Crematorium.[19]

Sonesonen hennar Anthony Glyn skreiv biografien Elinor Glyn i 1956.

VerklisteEndra

 
Omslaget til 1915-utgåva av Three Things

Elizabeth-serienEndra

  1. The Visits of Elizabeth (1900)
  2. Elizabeth Visits America (1909)

Three Weeks-serienEndra

  1. Three Weeks (1907)
  2. One Day (1909, ikkje-autorisert oppfølgjar av ein anonym forfattar)
  3. High Noon (1910, ikkje-autorisert oppfølgjar av ein anonym forfattar)

The Price of Things-serienEndra

  1. The Price of Things (1919), også kjend som Family
  2. Glorious Flames (1932)

Enkeltståande romanarEndra

  • The Reflections of Ambrosine (1902), også kjend som The Seventh Commandment
  • The Damsel and the Sage (1903)
  • The Vicissitudes of Evangeline (1905), også kjend som Red Hair
  • Beyond the Rocks (1906)
  • When the Hour Came (1910), også kjend som His Hour og When His Hour Came
  • The Reason Why (1911)
  • Halcyone (1912), også kjend som Love Itself
  • The Sequence (1913), også kjend som Guinevere's Lover
  • The Point of View (1913)
  • The Man and the Moment (1914)
  • Letters to Caroline (1914), også kjend som Your Affectionate Godmother
  • The Career of Katherine Bush (1916)
  • Man and Maid (1922)
  • The Great Moment (1923)
  • Six Days (1924)
  • Love's Blindness (1926)
  • Knowing Men (1930)
  • The Flirt and the Flapper (1930)
  • Love's Hour (1932)
  • Sooner or Later (1933)
  • Did She? (1934)
  • The Third Eye (1940)

SamlingarEndra

  • The Contrast and Other Stories (1913)
  • "It" and Other Stories (1927)
  • Saint or Satyr? and Other Stories (1933) som Such Men Are Dangerous

SakprosaEndra

  • The Sayings of Grandmamma and Others (1908)
  • Three Things (1915)
  • Destruction (1918)
  • The Elinor Glyn System of Writing (1922)
  • The Philosophy of Love (1923), også kjend som Love – what I think of It
  • Letters from Spain (1924)
  • This Passion Called Love (1925)
  • The Wrinkle Book, Or, How to Keep Looking Young (1927), også kjend som Eternal Youth
  • The Flirt and the Flapper (1930)
  • Romantic Adventure. Being the Autobiography of Elinor Glyn (1936)

KjelderEndra

  1. Stevenson, Jane. «Features». archiveshub.jisc.ac.uk. Arkivert frå originalen 30. juli 2012. Henta 25. oktober 2019. 
  2. Elinor Glyn (1955), a memoir by her grandson Anthony Glyn.
  3. Outhit, Jeff (15. oktober 2016). «A Titanic feat: the Guelph girls who conquered the world». TheRecord.com. 
  4. Glyn, Anthony, Elinor Glyn: A Biography (Hutchinson, London, 1955), s. 35.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Elinor Glyn - Biography and Works. Search Texts, Read Online. Discuss.», www.online-literature.com, henta 1. mai 2021 
  6. Burke's Peerage and Baronetage, 106th Edition, Volume 1. Burke's (Genealogical Books) Ltd. 1999. s. 1161. ISBN 2-940085-02-1. Family history of Glyn Baronets. His wife is simply described as: "Elinor (d[ied] 23 Sep[tember] 1943), y[ounge]r dau[ghter] of Douglas Sutherland, of Toronto."
  7. "Historic People: Montacute's Tigress: Elinor Glyn" BBC, 11. februar 2009, describes their affair as an eight-year-long one that collapsed circa 1915–16, and ended with her discovery of his engagement to marry a second time. Retrieved 15 March 2009.
  8. Jssgallery.org Arkivert 12. mai 2008 ved Wayback Machine.
  9. Kuhn, Annette (1. mars 2008). «The Trouble With Elinor Glyn: Hollywood, Three Weeks And The British Board Of Film Censors». Historical Journal of Film, Radio and Television 28 (1): 23–35. ISSN 0143-9685. doi:10.1080/01439680801889765. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Horak, Laura (1. september 2010). «“Would you like to sin with Elinor Glyn?” Film as a Vehicle of Sensual Education». Camera Obscura: Feminism, Culture, and Media Studies 25 (2 (74)): 75–117. ISSN 0270-5346. doi:10.1215/02705346-2010-003. 
  11. Lady Angela Forbes, Memories and Base Details (1921), s. 79
  12. Barnett, Vincent L., & Alexis Weedon (2014). Elinor Glyn as Novelist, Movie-maker, Glamour Icon and Businesswoman. Ashgate. s. 36. ISBN 978-1-4724-2182-1. 
  13. Weedon, Alexis, "Elinor Glyn's System of Writing", Publishing History, vol. 60, s. 31–50, 2006.
  14. 14,0 14,1 «Elinor Glynn Facts». biography.yourdictionary.com. Henta 1. desember 2014. 
  15. Barnett, Vincent L., "Picturization partners: Elinor Glyn and the Thalberg contract affair", Film History, vol. 19, no. 3, 2007.
  16. 16,0 16,1 «Elinor Glyn Biography». imdb.com. Henta 1. desember 2014. 
  17. Barnett & Weedon (2014). Elinor Glyn as Novelist, Movie-maker, Glamour Icon and Businesswoman. s. 42, 89. 
  18. Oxford Dictionary of National Biography, Volume 22. Oxford University Press. 2004. s. 510. ISBN 0-19-861372-5. 
  19. Elinor GlynFind a Grave

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Elinor Glyn
Portrett