Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2013

Utsnitt frå Beowulf

Angelsaksisk litteratur, også kalla gammalengelsk litteratur, omfattar litteraturen som blei skriven på angelsaksisk (gammalengelsk) i løpet av den 600 år lange angelsaksiske perioden i England, frå midten av 400-talet og fram til den normanniske erobringa av England i 1066. Tekstane dekker sjangrar som episke og kortare dikt, hagiografiar (helgenbiografiar), preiker (forkynningar), bibelomsettingar, lovverk, krøniker, gåter og anna. I alt er det blitt bevart rundt 400 manuskript frå denne perioden, ein betydeleg korpus (mengd) som har interesse både for allmennheita og vitskapeleg forsking.

Eit av dei viktigaste verka frå den angelsaksiske perioden er diktet Beowulf som har fått ein status i England som eit nasjonalepos. Den angelsaksiske krønika er betydingsfull som ein historisk dokumentasjon av perioden ved å vera kronologi av tidleg engelsk historie, mens det korte religiøse diktet Cædmons hymne frå 600-talet er det eldste bevarte litterære verket på engelsk. Av angelsaksisk poesi, som kan bli betrakta som mest betydingsfull innanfor angelsaksisk litteratur, er det ikkje bevart meir enn tilsaman 30 000 diktlinjer. Les meir …