Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 8, 2020
Hjalmar Christensen (1869–1925) var ein norsk forfattar og kritikar. Som ung tilhøyrde han den unge forfattargenerasjonen frå 1890-talet då han skreiv ei rekke viktige litteraturhistoriske arbeid som framleis har interesse. Seinare i livet skreiv han mange kulturhistoriske arbeid, både i fag- og skjønnlitterær form.
Christensen hadde alt i 1889 gjeve ut si første forteljing, «En frisindet. Et nutidsbillede.» I 1891 kom novellesamlinga Mat blod, der han skildrar tidas dekadanse. Som tittelen antydar er han mildt kritisk til fenomenet. Dekadanse i norsk samanheng er «utenpåklistret», hevdar han. Året etter forsøkte han seg med eit skodespel, Loths hustru. I 1893 kom skodespelet En seirherre, som skildrar brytingane mellom det nye borgarskapet og den gamle embetsmannskonservatismen. Romanen Bastarder (1894) var eit oppgjer med bohemane, medan skodespelet Folkets tjener var ein satire over demokratiet. Les meir …