Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 9, 2019
Damaskus (arabisk دمشق, Dimashq) er hovudstaden og den nest største byen i Syria etter Aleppo. I Syria vart byen òg kalla ash-Sham, og kallenamnet er Sjasminbyen. I tillegg til å vere ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda, er Damaskus eit stort senter for kultur og religion i Levanten. Byen har ein estimert folkesetnad på 1 711 000 (2009). Byen ligg sørvest i Syria og er senteret i eit storbyområde med 2,6 millionar menneske (2004). Geografisk ligg byen i dei austlege forberga til Anti-Libanonfjella, 80 km aust for kysten av Middelhavet på eit platå 680 meter over havet. Damaskus har eit halvtørt klima på grunn av regnskuggen frå desse fjella. Elva Barada flyt gjennom Damaskus.
Byen vart først busett i det andre tusenåret fvt. og vart valt til hovudstad i Omajade-kalifatet frå 661 til 750. Etter sigeren til abbasidane vart hovudsetet for den islamske makta flytta til Bagdad. Damaskus vart politisk mindre viktig medan abbasidane styrte, og byrja først å bløme att under Ajjubide-dynastiet og mamelukkane. Undet det osmanske styret var byen igjen i nedgang, men heldt ein viss kulturell prestisje. I dag er han sete for dei sentrale styresmaktene og heile regjeringa. Les meir …