Wikipedia:Vanlege feilstavingar

Sjå òg Wikipedia:Gode nynorskord.

Her er eit oversyn over vanlege feilstavingar etter gjeldande nynorsk rettskriving.

Substantiv endre

Finn nokre feil
demningen (skal vera demninga)

hensyn (skal vera omsyn)
kjerna (skal vera kjernen)
kjerner (skal vera kjernar)
kjernene (skal vera kjernane)
konflikter (skal vera konfliktar)
låta (skal vera låten)
meisterskapene (skal vera meisterskapane eller meisterskapa)
millioner (skal vera millionar)

navn (skal vera namn)

Hannkjønnsord som av og til blir mistekne for hokjønnsord:

  • kjerne er hannkjønn: ein kjerne - kjernen - kjernar - kjernane
  • låten er hannkjønn: ein låt - låten - låtar - låtane
  • skole eller skule er hannkjønn: ein skole/skule - skolen/skulen - skolar/skular - skolane/skulane

Hokjønnsord med uventa bøying:

  • dronning, demning (f3) o.s.b.: ei dronning - dronninga - dronningar - dronningane

Inkjekjønnsord er like i ubunden form eintal og ubunden form fleirtal:

  • eit område - det området - fleire område - dei områda.

Substantiv med uventa -er-ending:

  • jeger, person som jaktar, også i samansettingar. Bøying: ein jeger - jegeren - jegerar - jegerane
Finn nokre feil
produserar (skal vera produserer)

selga (skal vera selja)
selge (skal vera selje)
skreve (skal gjerne vera skrive)
sunke (skal vera sokke)

visar (skal kanskje vera viser)

Nokre verb har særskilde bøyingar:

  • å halda/halde - held - heldt - har halde
  • å lata/late - lèt - lét - har late

Sameleis vert alle orda som nyttar lata/late bøygde. Til dømes: å forlata/forlate - forlèt - forlét - har forlate og å tillata/tillate - tillèt - tillét - har tillate

  • å skriva/skrive - skriv - skreiv - har skrive
  • å veksa/vekse - veks - voks - har vakse

Mange verb har '-er'-ending i presens, til dømes observerer, programmerer, studerer og spekulerer. Ein klasse av desse er merkte i nettordboka som v2. Dette er verba som får -te i preteritum (å føra/føre - fører - førte - har ført). Andre -er-verb har irregulær bøying og/eller endar på -de i preteritum.

Ingen verb endar på '-erar'.

  • å grensa/grense - grensar - har grensa
  • å visa/vise - viser - har vist (merk at «visar» kan vera rett bruk av substantiv)
  • velja, eller velje, ikkje velga/velge.
  • selja eller selje, ikkje selga/selge.
  • Bydeform av selja/selje er sel, ikkje selj.
  • Merk òg binda/binde > bitt, søkje/søkja > søk osv.

Andre ordklassar endre

Finn nokre feil
omlag (skal ofte vera om lag)
opprinneleg (skal vera opphavleg)
  • om lag skal skrivast i to ord. Eit omlag er eit lag kring noko.
  • opphavleg og opphaveleg er rett, *opprinneleg og *opprinnelig er ikkje rett på nynorsk.
  • kjølig tyder sval, kald medan kjøleg tyder veldig

Arkaisk nynorsk endre

Det er mange stavingar og ord som kan sitja inne frå lesing av eldre tekstar på nynorsk. Mange slike finn ein i dag berre i høgnorsk og ikkje lenger i nynorsk. Vil ein nytta desse formene, lyt ein skriva ein artikkel på høgnorsk. Desse lagar ein på Nynorsk Wikipedia bakom eit 'Hn/'-prefiks, til dømes Hn/Geirfugl.

  • burt vert til bort
  • hev vert til har
  • millom vert til mellom
  • å segja eller å segje vert til å seia eller å seie
  • um vert til om
  • upp vert til opp
  • yver vert til over

Bakgrunnsstoff endre