Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 1, 2008
Ein almanakk er ein årleg kalender som inneheld informasjon om eitt eller fleire emne knytt til dei ulike dagane. Den informasjonen som er mest vanleg å finne i ein tradisjonell vestleg almanakk er astronomiske data, og statistikk over til dømes soloppgang og -nedgang, fullmåne og halvmåne, tidvatn, offentlege høgtidsdagar, helgedagar og liknande.
Forgjengaren til almanakken er rekna å vere den greske vêr-kalenderen, parapegma, kjend frå det 2. århundret. Den eldste kjende almanakken etter moderne mønster blei laga i 1150 av Solomon Jarchus. Den eldste kjende norske almanakken er datert til 1643, då Tyge Nielssøn gav ut sin almanakk i Christiania; Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644, på 48 sider. Denne almanakken er òg rekna å vere den første norske boka som har vorte publisert. Les meir…