Soleglad eller solnedgang er når den øvre randa av sola om kvelden vert borte under horisonten. Langs same breiddegrad vil tida for soleglad finne stad fire minutt seinare for kvar lengdegrad vestover og fire minutt tidlegare for kvar lengdegrad austover.

Soleglad ved Trøna, sett frå Lovunda

I Noreg er det tidlegaste tidspunktet for soleglad i midten av desember — klokka 15:11 i Oslo, klokka 15:28 i Bergen og klokka 14:31 i Trondheim. I Tromsø glader sola klokka 12:00 26. november og renn ikkje før på nyåret.

Det seinaste tidspunktet for soleglad i Noreg er like før jonsok, då glader sola klokka 22:44 i Oslo, klokka 23:11 i Bergen og klokka 23:38 i Trondheim (klokkeslett etter sommartid). Tromsø har midnattssol frå 17. mai.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Soleglad
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.