Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 12, 2006

Skriftsystemet kuneiform

Eit skriftsystem, eller ei skrift, er eit system av symbol som blir brukt til å representere språklege uttrykk.

Skriftsystem skil seg frå andre moglege symbolske kommunikasjonssystem ved at lesaren må forstå noko av språket knytt til dette systemet for å vere i stand til å lese og forstå teksten. Skriftsystem skil seg dermed frå andre symbolske system, som til dømes informasjonsskilt, kart og matematikk, som vi kan forstå utan å ha kjennskap til eit visst språk.

Det finst fire hovedtypar av skriftssystem: Logografiske, stavingsbaserte, alfabetiske og trekksystem. Les meir...