Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 15, 2008

Tomáš Garrigue Masaryk i 1918.

Tomáš Garrigue Masaryk (7. mars 1850-14. september 1937) er kjend som den tsjekkoslovakiske landsfaderen. Han var sentral i opprettinga av Tsjekkoslovakia og var den første presidenten i landet. Masaryk var også ein respektert akademikar, redaktør og politikar.

I ettertid har Masaryk vorte noko nær ein nasjonalhelt, særleg i Tsjekkia. Vitskapsmannen Karl Popper utropa han og Winston Churchill som dei to største statsmennene1900-talet. Den tsjekkiske journalisten Ferdinand Peroutka meinte Masaryk sitt store bidrag ikkje var hans vitskaplege verk, men hans eigen person. Forfattaren Karel Čapek har hevda at «Masaryk er eit prinsipp». Alle utsegna prøver å syna Masaryk si stordom, ikkje berre som vitskapsmann og politikar, men òg som menneske. Les meir…